lørdag 6. april 2024

Salme 121,1-3

 1 Ein song til festreisene.

Eg lyfter auga mine til fjella.

Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2 Mi hjelp kjem frå Herren,

som har skapt himmel og jord.

3 Han vil ikkje la foten din vakla,

din vaktar vil ikkje blunda!

Dette er ei av dei mest kjende og brukte salmane i Bibelen. Den syng me ofte når me samlast til gudsteneste, i alle fall hos oss.

Utgangspunktet er at den som har skrive dette treng hjelp, og situasjonen er så vanskeleg at det er berre Herren som kan hjelpa. 

Difor løfter han blikket mot fjella, dvs oppover. Me har alle ei eller anna førestellinga om at Gud er over oss, og eg trur han vil at me skal tenkja slik av den enkle grunn at han ofte openberrar seg på fjell: Sinai, Sion, Tabor, Golgata. 

Denne salma kan me gjerne kalla ei tillitssalme. Salmisten er sikker i si sak: Mi hjelp kjem frå Herren. Og ingen kven som helst herre, men han som skapte himmel og jord, den allmektige og evige gode Gud, han som er opphavet til alt. 

1.og 2.vers er i 1.person, eg og mi. Frå vers 3 skriv salmisten i 2.person. Då er det du, din og deg som gjeld. 1.og 2. vers er eit vitnemål. Vers 3-8 er forkynning. 

Vers 3. Kanskje du er i ein situasjon der du føler deg åndeleg og mentalt svimmel, at det går heilt rundt for deg. Høyr her: Herren held deg oppe. Du skal ikkje falla. Han ser korleis du har det, og difor hegnar han om deg. Ein plass står det at han slår leir rundt deg. Kjære svimle ven! Du er omringa av Herren og hans englar. Dei støttar deg opp, og snart kjem du til sans og samling att. 

Stundom kan me høyra når nokon forkynner over teksten om stormen på Gennesaretsjøen  at Jesus tek seg ein blund og ikkje følgjer så godt med på kva som skjer i livet ditt. Men det er 100% feil. Han er vaker over deg dag og natt, og han passar på at du ikkje blir overbelasta eller vergelaust utsett for demoniske åtak. Kjære kristne ven! Du er veldig godt beskytta av Jesus, han som er Kristus, Herren.  


Ingen kommentarer: