lørdag 18. mai 2024

Salme 123

 1 Ein song ved festreisene.

Til deg lyfter eg mine auge,

du som tronar i himmelen.

2 Som auga til tenarar følgjer handa til herrane,

som auga til tenestekvinna følgjer handa til husfrua,

slik følgjer auga våre Herren vår Gud

heilt til han viser oss nåde.

3 Ver nådig mot oss, Herre, ver nådig!

For vi er meir enn mette av forakt,

4 meir enn mette av hån frå dei sjølvsikre

og forakt frå dei hovmodige.

Denne salma er ein bøneskule, eit heilt lite studium. Salmisten har fullt fokus på Gud, slepp ikkje synet av han, og forventar alt godt frå han. 

Når nauda er stor, er det berre Gud som kan hjelpa. Det veit me godt. Menneska kan hjelpa litt. Men berre til ei grense. Når den er broten, er det berre Gud att. Slik er det enno meir når menneska er sjølve problemet, slik som her. Då festar me blikket på Gud, og held han fast til me får det me treng. Me blir som Jakob som kjempa med Gud om natta og sa: "Eg slepp ikkje taket i deg før du velsignar meg". Her snakkar me om pågåande, modig og intens bøn. Det står om livet, og då gjev me oss ikkje. Dag og natt høyrer han frå oss. 

Vers 3. Og me ber om nåde, at Gud skal hjelpa oss, ikkje fordi me har fortent det, men fordi han er god, og fordi me så desperat treng han.  

Og så får me i v.3b og v.4 vita kva som står på. Salmisten og hans folk, Israels folk, møter forakt og hån frå sjølvsikre og hovmodige menneske. Det er som teke ut av dagens situasjon då rasande menneske går gjennom gatene i verdas storbyar og krev Israel utsletta. Det er skremmande. Og no er me snart der at jødefolket skal kalla på Herren Jesus som sin Messias, han som vart gjennomstungen, gråta sårt over han, og på deira bøn vil han koma attende og hjelpa dei og frelsa dei, ikkje berre frå syndene deira, men også frå alle fiendar som samlar seg rundt dei. Det blir eit historisk drama. Det bygger seg opp til det no. 



Ingen kommentarer: