mandag 30. april 2012

Salme 21,1-8

Til korleiaren. Ein salme av David.
         
   
 2 Herre! Kongen gler seg over di makt.
          Høgt jublar han over di frelse.
         
   
 3 Det hans hjarte ønskte, har du gjeve han,
          du har ikkje nekta han det hans lepper bad om.
         
   
 4 Du møter og velsignar han med det som godt er,
          og set ei krone av reint gull på hans hovud.
         
   
 5 Han bad deg om liv,
          du gav han levedagar som aldri tek slutt.
         
   
 6 Stor er hans ære, for du frelser han,
          høgd og herlegdom gjev du han.
         
   
 7 Frå deg får han evig velsigning,
          du fyller han med fryd når du er nær.
         
   
 8 For kongen set si lit til Herren.
          Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.


Dette er også ei kongesalme, dvs ei salme om Messias, om Jesus.
v.2. Messias gleder seg over Guds makt. Gud utøver alltid si makt i kjærleik. Det skal me vera glade for. Men det er ikkje mange menneske i dag som gleder seg over Guds makt. Mange meiner at han ikkje har makt, og dei er fornøgd med det. Men Gud har makt. Og denne makta har han gjeve Jesus. Og han er den einaste som har makt til å tilgje oss våre synder og reisa oss opp frå dei døde, så me skal alle gleda oss over Guds makt. Det skal vera visst.

 v.3: Jesus fekk alltid det han bad om. Då han sto utanfor grava til Lasarus, bad han og sa: "Far, takk for at du alltid gjev meg det eg bed deg om..." Så vekta han Lasarus opp frå dei døde. Jesus var ein stor bedar, og det kan du og eg bli også. Jesus vil læra oss det. Men bøn er ikkje ein teknikk eller noko sånt. Det er fortruleg samtale med Gud, og han ser kva bønesvar me er i stand til å bera.

v. 4 Jesus vart krona til konge då han 40 dagar etter påske vart teken opp til himmelen. I 33 år hadde Meisteren levd i fornedring, og møtte til sist den reine vondskapen. I himmelen vart han møtt med velsigning og det som godt er. 


v.5. Jesus bad Far om liv, og han fekk levedagar som aldri tek ende. Etter at Jesus sto opp frå dei døde, kan han aldri meir døy, og det gjeld også for alle som trur på han.


v.6: Jesu ære er stor, og det skal me visa ved å syngja for han, be til han, takka han og følgja han. Då Jesus fòr opp til himmelen fekk han høgd og herlegdom, dvs både autoritet og kraft til å setja det han bestemmer ut i live.
v.7: Jesus levde alltid nær Far, og det fylte han med glede. Gjennom Jesus får me også leva nær inntil Gud og erfara den same gleda som Jesus lever i. 
v.8: Jesus sette si lit til Gud, og vakla ikkje. Sjølv då alle var imot han og dei spotta, slo og drap han beheldt han fatninga. Dersom me set vår lit til Herren, vil heller ikkje me vakla, med stå fast i dei tyngste prøvingar og freistingar.

Ingen kommentarer: