fredag 31. oktober 2008

Salme 1,3


v.3: Guds ord har ein forunderleg effekt på alle som les det, memorerer det og handlar på det: det framverkar dei herlagaste fruktene i liva våre som me kan tenkja oss. Me blir så like på Jesus. Dette Ordet får oss til å elska som han, spreia glede som han og skapa fred som han. Det gjer oss til milde, gode, rause og tolmodige menneske, slike som dreg andre til seg og som er gode å vera saman med. Fruktene som me ber er søte og nærande, difor vil folk oppsøka oss for å få del i denne rikdomen. Men dette er frukter som veks fram, det er ein prosess, ein mogning. Andens gåver vert gjerne gjevne i ein augneblink. Men Andens frukt derimot veks fram som foredla karktereigenskapar. Det er eit resultat av at Jesus, som er Guds Ord, bur i oss og at me gjev han rom. Andens gåver utan Andens frukt vert gjerne det som Paulus kallar "lydande malm og klingande bjeller." Det er ganske slitsomt og utåleleg. Men i kombinasjon verkar Andens gåver og Andens frukt til stor velsigning for menneska og til garantert vekst for Guds rike. Den kristne som lever i Ordet og som lever Ordet vil alltid vera eit frodig og "eviggrønt" menneske. Og alt han/ho gjer skal lukkast. Det var min santen ein dristig lovnad. Men sidan han står her, må det vel vera noko i det. Det må vel helst ha samanheng med at slike menneske gjer det som er Gud til hugnad, dei er i hans leiing med liva sine og dei gjer det Han vil. Og det Han vil, det velsignar han og han let det ha framgang. Så kan me bruka denne lovnaden når me er på jobben og gjer pliktene våre. Og me ber: "Herre, du veit at eg elskar ordet ditt og har mi glede av å følgja deg, og du har gjeve meg lovnad om at det eg gjer skal lukkast for meg. Så lat det skje. Lat meg lukkast i arbeidet mitt og lat det halda ein høg kvalitet osv.."

Ingen kommentarer: