Viser innlegg med etiketten nåde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nåde. Vis alle innlegg

lørdag 9. mai 2020

Salme 84,11-13

11 Ja, éin dag i dine føregardar
          er betre enn tusen andre.
          Å liggja ved dørstokken til min Guds hus
          er betre enn å bu i lovlauses telt.
          
   
 12 For Herren Gud er sol og skjold,
           Herren gjev nåde og ære.
          Han held ikkje tilbake det gode
          for den som er heil i si ferd.
          
   
 13 Herre Sebaot,
          sæl er den som set si lit til deg.


Den som har smakt Gud og hans godleik, finn aldri noko som kan erstatta han. Berre ein liten smak av Gud er betre enn store dosar av kva det skulle vera av interessante ting.  Dette hadde salmisten erfart, sjølv om han berre hadde tilgang til føregarden i templet. Vegen inn til det høgheilage, der senteret for Guds nærvær i Israel var lokalisert, var blokkert for alle utanom øvstepresten som fekk koma inn ein gong i året for å bera fram soning for folket og sine eigne synder. Likevel var det nok av Gud i heile templet til at salmisten kunne la seg metta av hans godleik. 

Då Jesus døydde på krossen, gav han alle menneske fri tilgang til Far. Me kan, i tillit til Jesus, når som helst gå heilt inn til Gud og nyta hans godleik uavgrensa så mykje me vil. Vegen er rydda. Syndene våre er fjerna. Me treng ikkje stå i føregarden og nyta Gud på avstand. Me kan gå så nært me berre vil. Korleis skjer dette? Ved tru. Det du trur, det har du, sa Martin Luther. I same augneblink som du trur på Jesus som din frelsar, er du innafor hos Gud, og jo meir du gjer ut av denne kontakten, jo meir vil Gud farga livet ditt. 

Då er det ganske rart å vera vitne til at dei fleste kristne faktisk vel å nyta Gud på god avstand, og jo større avstanden blir, jo mindre blir det av den glede, fryd og kraft som Gud så gjerne vil fylla liva våre med. Det er så mange anemiske (blodfattige) kristne i vår tid, og det skulle vera heilt unødvendig når me har Guds invitasjon til å stå framfor hans andlet heile tida og vera der lyset er klårast, krafta sterkast og kjærleiken mest overveldande og livet mest levande.

Det er du og eg som bestemmer kor nært me vil stå Gud. Hugs det. Vegen er open heilt inn. Difor er det ingen som treng å leva grå, slappe og triste kristenliv, ingen som treng vera utan himmelsk kraft. Ikkje du som høyrer eller les dette heller. Jesus har gjeve deg tilgang til meir enn du anar, og Gud seier at han har stelt i stand eit bord til deg der du finn dei beste rettane du kan tenkja deg. Det er berre å forsyna seg og eta så mykje du vil. Grådighet er vanlegvis ikkje ei dyd, men når Gud inviterer til måltid, er det kjempebra å vera grådig.

Gud let seg alltid finna av dei som søkjer han av heile sitt hjarta, og finn du Gud, finn du han som er sol og skjold, han som gjev nåde og ære. Og dette er eit ord til deg som er full av sjølvkritikk, eller som lever med nådelause og kalde menneske rundt deg, folk som alltid påpeikar feil hos deg og som levnar deg lite ære, folk som får deg til å føla deg liten, verdilaus og verjelaus. Hos Gud møter du ikkje kritikk, men aksept og gode ord. Han er sol. Du kjenner varmen. Og han vernar deg mot dei som kritiserer deg og går til åtak på deg, han er skjold. Han gjev deg nåde, dvs ufortent tilgjeving basert på kjærleik, og ikkje berre det, han gjev deg ære. Han løftar deg opp slik at dine medmenneske får respekt for deg. Korleis skjer det? Jo, ved at han begynner å uttrykkja seg gjennom deg. Det skjer med alle som lever Gud nært. Dei får guddommelege nådegåver som gjer at dei formidlar sanning frå Gud til dei som lever i løgn, overnaturleg hjelp til folk som er fortvila, lækjedom til sjuke og ord som gjev håp til dei som er redde, og det blir så tydeleg: Gud held ikkje noko godt attende for den som er heil i si ferd, dvs for den som søkjer Gud av eit heilt hjarta. 

Det er slike menneske denne verda treng meir enn alt anna, folk som kjenner Gud og som elskar hans ord og som er fylt av hans Ande. Og jo fleire det er av denne sorten menneske, jo meir vil me sjå at Guds rike bryt gjennom i samfunnet, at lyset fortrenger mørkret, at sanninga vinn over løgna, at menneska kjem til Jesus og blir frelst frå sine synder, at brotne relasjonar vert attreiste og at folk med alvorlege lidingar blir lækte. Er det ikkje dette me vil ha? Me vil ikkje lenger betrakta Gud på lang avstand. Me vil gå til han og vera der han er, slik at me kan ha han med oss der me går. Amen! 


onsdag 14. januar 2009

Salme 4

v.2: David ber Gud om positivt svar på bøna si. Alle bedarar er avhengige av det. Dersom Gud ikkje svarer på bønene våre, er det fåfengt å be. Dersom Gud ikkje bryr seg om oss og grip inn i liva våre, er han ikkje Gud. Men David har erfart Guds hjelp mange gonger når situasjonen har vore umogeleg, og han kjenner Gud som si rettferd, dvs som den Gud som elskar, tilgjev og gjerne hjelper.

I ljos av Det nye testamente veit me at det er Jesus som er vår rettferd. Han sonte våre synder og gav oss si rettferd i gåve. I han er me fullkomne for Gud, me er rettferdiggjort av Gud sjølv.

David appellerer til Guds nåde. At Gud er ein nådig Gud betyr at han elskar oss utan grunn i oss sjølve, og han svarer på bøn utelukkande fordi han elskar oss på denne måten.

v.3: Som Herrens tenar var David, som Jesus, ofte utsett for vanære mellom menneske. Aldri er livet så tungt som når dette skjer, særleg når det skjer frå menneske som står oss nært. Ordet svik tyder på at det er nærskulde fiendar det her er snakk om. Og når menneska vil oss til livs, vert dei sanneleg veldig omtrentlege med sanninga, og det hender at dei jagar etter lygn og svik for å nå sine mål. I v.2-5 åtvarar David dei mot slik framferd.

v.4: Her slår han fast at Herren gjer under for dei som er trufaste mot han, og at David sine fiendar må forstå at når dei går til åtak på han, går dei til åtak på Gud, for Gud er på David si side. Han minnar dei på at Gud høyrer når han bed, at han er ein far som kjem raskt til hjelp når han ropar på han.

v.5: Difor bør motstandarane skjelva av redsle, tenkja seg grundig om og slutta med denne vondskapen (Gud er ikkje til å spøka med)...

v.6: ...og bera fram dei rette offer, dvs overgje hjarto sine til Gud og læra seg å stola på han i staden for å fremja sine eigne saker ved å fornedra andre. Slikt er ikkje berre synd, det er vondskap. Vondskap er nemleg synd som tek sikte på å skada andre menneske og ikkje berre å sikra seg føremuner på uærleg eller ulovleg vis.

v.7-9 er del 2 av denne salma, og ikkje direkte knytt til v.1-6.

v.7: er ei bøn om lukke og Guds nærvær. Tanken er: sann lukke ligg i det å leva i ljoset frå Gud og i det å ha nærkontakt (stadig "blikkontakt") med han.

v.8: Den som lever i dette, har større lukke og glede enn det rikaste menneske i verda

v.9: og kan leggja seg trygt om kvelden og sova godt. Gud vaker trufast og passar på.