onsdag 4. januar 2023

Salme 119,25-30

   25 ד Eg ligg pressa mot støvet.

          Gjev meg liv slik du har sagt!
          
   
 26 Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg.
          Lær meg dine forskrifter!
          
   
 27 Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser!
          Eg vil grunda på dine under.
          
   
 28 Mi sjel græt av sorg.
          Reis meg opp slik du har sagt!
          
   
 29 Hald løgns veg borte frå meg,
          gjev meg i nåde di lov!
          
   
 30 Eg har valt truskaps veg,
          dine lover har eg for auge.

I vers 25 finn me ein salmist som er pressa mot støvet. Han ber på ei bør så tung at han fell saman utan å orka å gå vidare. 
Eg tenkjer på Jesus på veg opp mot Golgata berande på mine og dine synder. Midt på Via Dolorosa fall han til jorda, totalt ferdig. Han måtte ha fysisk hjelp for å koma seg vidare. Han går mot døden, medan han ber Far om nytt liv, og han vart bønhøyrt. Langfredag møtte han døden på våre vegne i det mørkaste mørke, påskedag stod han opp i eit hav av lys. 

Vers 26-27 må me forstå slik at salmisten har hatt eit ope, transparent og fortruleg høve til Gud, sin Far, og den som har det, opplever bønesvar. Når me forstår Herrens forskrifter med hjarta, og når Gud leier oss gjennom sitt ord, er det også mirakuløst. Difor er det viktig at me ber om å få forståing for Guds ord før og når me les, og at me tek oss tid til å la ordet søkka i oss. Det er mange måtar å lesa Ordet på. Viktigast er det å lesa sakte medan du mediterer. Slik som me gjer her. '

v.28. Kristenlivet kan by på sorg og gråt. Alle menneske møter dette. Men kristne sørger ikkje berre over dei tap som livet påfører oss menneske, men i tillegg over alle som ikkje kjenner Gud, eller som står han i mot. Dei sørger også over seg sjølv som ofte ikkje klarar å leva opp til den standarden som Guds ord set for kristent liv og teneste, over motstand og forfølging for Jesu ords skuld, og over ei kyrkje som går på kompromiss med Guds ord for å sleppa denne motstanden, for å sleppa å ta opp krossen sin og følgja Jesus.  

I Jesu lidingssoge ser me ein mann som sørger og gret over motstanden han får frå folk han elskar, og over å måtta bera verdas syndepøl inn under Guds vreide. Han gjorde det, og vart oppreist frå dei døde slik Far hadde sagt han at han ville gjera. 

I vers 29 ber han om å bli bevart frå å gå på løgna sin veg, dvs skaffa seg eit livssyn og ei tru basert på løgn, kompromisser og usanningar. Alle som ikkje trur på Jesus lever i løgn. Alle som vik av frå Guds ord likeeins, for det er summen av Guds ord som er sanning. Sanningsvegen er smal. Få går på den. Løgnvegen er brei. Dei fleste går på den. 

Folk flest trur dei kan koma til Gud utan gjennom Jesus. Det er ein illusjon. Ateistane trur ikkje at det finst ein Gud, ei heller ein dom. Men det gjer det, og dei blir alle ein dag innhenta. For mange sitt tilfelle altfor seint. 

Salmisten ber om å få nåde i Herrens lov. Det verkar som ei sjølvmotseiing. Kan ei lov gje nåde? Det nådefulle her er at Gud vernar oss mot åndelege farar dersom me let lova hans gjelda for oss. Det er stor nåde, det. Lova er ein tuktemeister til Kristus, og på den måten er det stor nåde at Gud gav oss lovene sine. 

I vers 30 bedyrar salmisten at han har valt truskaps veg. Han har vore tru mot Gud, mot Guds ord og mot dei menneska han har rundt seg. Lite er i Bibelen vurdert så høgt som truskap, og dette er då også ein av Guds kjerneverdiar. Men truskapen hos oss kjem ikkje av seg sjølv. Nokre har nok ein karakter som gjer det naturleg å vera trufast. Men alle får hjelp frå Guds ord dersom ein held augo festa på det, dvs. både les det flittig og siterer det for seg sjølv etter minnet. 

 

Ingen kommentarer: