23 Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg,
grundar din tenar på dine forskrifter.24 Ja, eg frydar meg over dine lovbod,
det er dei som gjev meg råd.
Salmisten har vore så pass synleg i samfunnslivet at stormenn må ha drøfta kva dei skulle gjera med han. For i King James oversettinga står det ikkje at dei mektige snakka om denne salmisten, men mot han. Slik var det jo også med Jesus. Han var så utfordrande i det han sa og gjorde at makteliten støtt og stadig hadde behov for å møtast for å finna tiltak mot han. Ved eitt høve bestemte dei seg for å ta livet av han, dei var redde for at romarane skulle tolka oppslutninga rundt Jesus for ein kime til opprør. Og på dette møtet sa øvstepresten Kaifas til alle bekymra rådsmedlemmer: "Det er betre at èin mann døyr for folket enn at heile folket går til grunne". Utan å vita det talte han profetisk, kommenterer Johannes, og at han gjorde det fordi han var øvsteprest det året.
Når kristne stemmer blir så pass påtrengande at maktpersonar kallar inn til møte, då luktar det problemer for den som talar.
Men salmisten let seg i liten grad affisera av dei mektige sine møter om han eller mot han, han har viktigare ting å halda på med: nemleg å grunda på Herrens forskrifter. Du snakkar om evne til å ha rett fokus sjølv om det bles opp til uvær. Det er jo så førebiletleg, men likevel ganske vanskeleg. Det veit eg litt om. Men denne grundinga på Guds ord er så viktig. Det er det me prøver å få til her i denne bloggen. Det får nemleg dei åndelege røtene våre til veksa djupt inn i Gud slik at me står fast når stormen kjem over oss. Og det gjer han.
I vers 24 bedyrar salmisten at han frydar seg over Herrens lov. Alle sanne kristne gjer det. Guds lover reflekterer nemleg Guds hjarta. Det er for å ta vare på oss, og verna oss mot alle slags farar og gje oss gode råd at han har gjeve oss desse lovene. Og alle som elskar Gud, elskar også lovene hans. Dei som seier at dei elskar Gud utan å elska lovene hans, har laga seg ein avgud som dei elskar.
Å fryda seg over Herrens lover er meir enn å lyda dei av plikt. Det er å lyda dei med glede fordi dei kjem frå han som vårt hjarta elskar høgare enn alt anna, han som har frelst oss og som har teke imot oss som barn i sitt hus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar