mandag 26. desember 2022

KJERNEBODSKAPEN I JOHANNESPROLOGEN

I opphavet var Ordet,
          Ordet var hos Gud,
          og Ordet var Gud.
          
   
  2 Han var i opphavet hos Gud.
          
   
  3 Alt vart til ved han,
          og utan han vart ikkje noko til.
        
          Det som vart til
   
  4 i han, var liv,
          og livet var lyset for menneska.
          
   
  5 Lyset skin i mørkret,
          og mørkret har ikkje overvunne det.
        
 6 Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.  7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.  8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
          
   
  9 Det sanne lyset,
          som lyser for kvart menneske,
          kom no til verda.
          
   
 10 Han var i verda,
          og verda vart til ved han,
          og verda kjende han ikkje.
          
   
 11 Han kom til sitt eige,
          og hans eigne tok ikkje imot han.
          
   
 12 Men alle som tok imot han,
          dei gav han rett til å bli Guds born,
          dei som trur på namnet hans.
          
   
 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
          ikkje av menneskevilje
          og ikkje av manns vilje,
          men av Gud.
          
   
 14 Og Ordet vart menneske
          og tok bustad mellom oss.
          Og vi såg hans herlegdom,
          ein herlegdom som den einborne Sonen
          har frå Far sin,

          full av nåde og sanning. 

Dei første 14 versa i Johannesevangeliet blir kalla Johannesprologen

Versa er ei oppsummering av det som elles møter oss når me les Johannesevangeliet.

Kjernebodskapen i prologen er: Å vera kristen er å følgja Jesus og hans lære, noko som gjer oss til nye skapningar. Det handlar om å ha eit nært samfunn med Jesus, bli elska av han, elska han tilbake, bruka tid med han og ha hans liv som mønster for våre liv. I 1.Mosebok 1 les me om Gud at han i opphavet skapte himmelen og jorda med sitt ord. I vår tid nyskaper han menneska med det same ordet.  Paulus skriv i 1.Korintarbrev 5,17: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er blitt borte. Sjå, alt er blitt nytt." 

Bibelen er einaste kjelda me har med tanke på å studera Jesu liv slik at me kan bli kjent med han. Det er ikkje slik at Bibelen berre fortel oss om Jesus. Nei, han formidlar Jesus til oss, og uansett om eit menneske tek imot eller ikkje, blir livet aldri det same etter å ha høyrt det kristne evangelium. Den som tek imot Jesus, vert Guds barn og får evig liv. Den som avviser bodskapen om Jesus, forherdar seg mot Gud. 

Ingen mennesker oppsøker Gud. Men Gud har oppsøkt oss, og han søkjer framleis. Det lærer me i Romarbrevet 3. 

Først kom Gud til oss som eit menneske for å bu mellom oss (vers 14). Etter at han hadde gjort reinsing for syndene våre, sende han disiplane sine ut for proklamera sin siger, tilby Guds gåver, kalla til omvending og disippelgjera nasjonane.

 Verda har ikkje bedt om dette, men alle som høyre, må ta stilling til bodskapen.  Det er umogeleg å koma seg unna det. Guds ord blir anten til liv eller til død. "Han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje i mot han, men dei som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans, og dei er fødde, ikkje av menneskevilje eller manns vilje, men av Gud," som me les i vers 11-13. 

Ingen kommentarer: