torsdag 29. desember 2022

Salme 119,19-22. Eg er ein framand på jorda

        

    19 Eg er ein framand på jorda,
          løyn ikkje boda dine for meg!
          
   
 20 Eg fortærest dag og natt
          av lengt etter dine lover.
          
   
 21 Du refsar dei frekke og bannstøytte,
          som villar seg bort frå dine bod.
          
   
 22 Ta spott og forakt bort frå meg,
          for eg tek vare på dine lovbod.

v.19-20 Salmisten er ein framand på jorda. Dette motivet finn me att i Hebrearbrevet 11,13. Alle truande har gjennom alle tider sett på seg sjølve som aliens. Dei høyrer ikkje heime på jorda, men har heimen sin i himmelen hos Gud, og er på veg dit. Kvifor er dei så på jorda? For å forkynna Guds ord til frelse for menneska, og dei er desperate etter å ha eit myndig ord frå Gud å forkynna, og difor ber dei om at Gud må opna den djupe og kraftfulle forståinga av ordet for dei, og ikkje skjula noko. Skal me tala, må me ha ein bodskap å dela som råkar folk midt i planeten. Då Jesus gjekk saman med dei to læresveinane til Emmaus på den aller første påskedagen, opna han skriftene for dei slik at hjarto deira begynte å brenna. Det er dette salmisten ber om skal skje her. Ja, han fortærest etter lengt etter ein myndig og aktuell bodskap frå Gud å bera fram. Berre å forkynna eigne tankar, fører ingen til frelse. 

Eit anna perspektiv her er at salmisten ber om å få leva i personleg vekking. Det er heilt naudsynt for oss kristne at Guds lov talar til samvitet vårt slik at me skjønar at Gud meiner alvor med sine bod. Me kan lett tenkja oss at ein som reknar seg som kristen både lever i hor, hat og løgn utan at det gjer han så mykje, men når ordet opnar seg, dvs. begynner å tala til hjarta hans, aktualiserer seg for han, for å seia det slik, då blir han forskrekka og ser at dersom han held fram som han stemner, hamnar han til slutt i evig fortaping og gru. 

Det er også ein annan grunn til at denne bøna i vers 19 er relevant. For Gud kan faktisk gøyma seg for oss menneske, og då som ein dom for at me har ignorert han over lenger tid. Det kan me lesa om i Romarbrevet 1. Og i Matteus 11 prisar Jesus far sin for at han har skjult evangeliet for dei vise og forstandige, men openberra det for dei umyndige. Dei vise og forstandige må me her setja i hermeteikn fordi det er folk som trur med seg sjølve at dei er klokare enn Gud.   

v.21 Folk flest i våre dagar vil ikkje lytta til Gud og hans ord. Anten trur dei ikkje på Bibelen, eller dei meiner Bibelen var meir aktuell i gamle dagar då folk var mindre opplyste enn det dei er no. Men stemmer jo ikkje. Når me les Bibelen og andre antikke skrifter, forstår me at desse menneska ikkje på nokon måte står attende for oss når det gjeld kunnskap om livet. Her er det  klokskap så det held. Og dessutan: Bibelen er Guds openberringsbok. Her er det evige sanningar me blir konfronterte med. Og ein av desse evige sanningane er at Gud står imot og refsar alle som forkastar hans ord. 

v.22. Salmisten blir spotta og forakta. Det skjer fort med dei som forkynner og hevdar at Guds bod er sanne, og at alle er forplikta til å leva etter dei. Denne spotten og forakten er sjelsrystande. Dei som opplever dette blir redde, og salmisten ber om å få sleppa dette, som då Jesus i Getsemane bad Far om å ta lidingsskåla frå han. Sjølvsagt tenkte han på det fysiske. Men heilt sikkert meir på dette å bli håna av dei han elska, det å bli ståande med skam fordi han berre hadde talt sant og rett og gjort godt. 

Som kristne kan me be om å få sleppa denne spotten. Men me har ikkje fått nokon garanti for at Gud vil føra oss utanom dette. Tvert om. Dette må me rekna med skjer, og så får me støtta oss til Jesus så godt me kan, han som har lova vera med oss alle dagar så lenge verda står. 

Ingen kommentarer: