15 Eg vil grunda på dine påbod,
festa blikket på dine stigar.16 Eg frydar meg over dine forskrifter,
eg gløymer ikkje dine ord.
17 ג Gjer godt mot din tenar, eg vil leva
og akta på dine ord.
18 Lat opp auga mine så eg kan sjå
det underfulle i di lov!
I vers 15 bestemmer salmisten seg til å grunda på Herrens påbod, og festa blikket på hans stigar. Han seier: "Eg vil!"
Kjære vener! Me må faktisk bestemma oss for å gjera gode og rette ting. Det gode kjem ikkje automatisk, me bestemma oss for det, også når det handlar om å lesa og fordjupa seg i Guds ord. Men når me bestemmer oss, kan det gå litt trått i starten, men så blir det lettare og kjekkare etter kvart. Og så har det så god effekt på oss. Guds ord fyller oss med hjertekunnskap om Gud, og då blir me så glade og optimistiske, for ingen kan kjenna Gud utan å bli glad og optimistisk, Gud er jo så inderleg god. Også salmisten referer til dette i vers 16.
Her kan det forresten vera på sin plass å poengtera at på tysk er vers 15 omsett slik: "Eg talar til dei (menneska, må vel det tyda) om dine påbod, og syner dei dine vegar. Og då er me jo inne på evangelisering og misjon, og ikkje meditasjon.
I vers 17 ber salmisten om at Gud må gjera godt mot han. Det er ei fin bøn å be både for oss sjølve og for andre som me kjenner eller veit om. Eg for min del vil gjera det til ein av mine daglege bøner. Eg vil gjerne at Herren skal gjera godt mot meg, som han også gjer. Ved dette høvet handla truleg bøna om å bli lækt for ein alvorleg sjukdom, for salmisten presiserer at han ønskjer å leva, og får han det vil han akta på Guds ord. Kva betyr det? Det handlar om å studera, memorera, praktisera og forkynna. Det er som om han gjev Herren ein lovnad her.
I vers 18 er han attende til å be om openberring. Han ønskjer å bli ein mann som ser Gud i Guds ord, og det er det mest underfulle me menneske kan erfara. Det er berre dei som er reine i hjarta som kan sjå Gud, seier Jesus i Matteus 5. Kva inneber det å ha eit reint hjarta? Det er å vera tilgjeven og reinsa. Tilgjevinga har alle som trur på Jesus som noko permanent dei lever i. Men reinsinga, den daglege omvendinga, dei ærlege oppgjer med Gud og våre medmenneske, det å bli kalibrert på Guds ord, må til for at me ikkje skal falla frå Gud og hamna på utsida av Guds rike.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar