tirsdag 13. desember 2022

Salme 118,25-29

 25 Herre, frels!

           Herre, lat det lukkast!
          
   
 26 Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
          Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
          
   
 27 Herren er Gud, han lyser for oss.
          Bind festofferet til altarhorna med tau!
          
   
 28 Du er min Gud, eg takkar deg,
          min Gud, eg opphøgjer deg.
          
   
 29 Takk Herren, for han er god,
          evig varer hans miskunn.

Vers 25 er ei bøn om frelse, om at det skal lukkast for oss når me forkynner evangeliet. Frelse er Guds embete, det er hans verk, ingen andre kan frelsa enn han. Men skal det skje, må folk høyra Guds ord, og Anden må forklara og stadfesta bodskapen for folk. Difor må me be Gud om alltid å fylla oss med Den Heilage Ande slik at han alltid er med oss og over oss når me forkynner og vitnar for folk, og når me tener dei på ulike måtar. 
Vers 26a fører tankane våre til palmesøndag då Jesu læresveinar ropa til han i glede der han kom ridande på ein eselfole: "Velsigna vere han som kjem i Herrens namn". Dette ropet skal også møta Jesus når han kjem att og set føtene sine på Oljeberget for å fella dom over verda, og etablera sitt verdsvide kongedøme ut frå Jerusalem, det me kan lesa om i Jesaja 2. Det blir ei sårt tiltrengt fredstid for jorderiket. Vers 26b lærer oss at kyrkja si oppgåve er å velsigna den verda ho er plassert inn i. Å velsigna er å gjera godt mot menneska, og å seia gode ting til dei. 
Vers 27 proklamerer at Herren er Gud. Han, JHVH, er den einaste sanne Gud som er opphavet til alle ting og som står over alt han har skapt. I Filipparbrevet 2 står det at Jesus fekk det namnet som er over alle namn. Kva namn er det? JHVH. Jahveh. Han er som er. Kvifor fekk Jesus dette namnet? Fordi han er det, han er Gud,  elles kunne han naturlegvis ikkje ha fått dette namnet. For ingen kan bli Gud. Det er berre ein Gud, og han har vore frå æva av, og hans namn som menneske er Jesus, eller Yeshua som tyder: "Herren er frelse". 
Og denne store Gud var i sin eigen person også festofferet som var "bunden til altarhorna med tau" som det heiter her. Jesus vart bunden som ein forbrytar, mishandla og festa til krossen med tau og naglar. "Den hånd som skapte vår jord, ble naglet fast med jordens jern," syng med saman med Graham Kendrick. Han let det skje. Han måtte ikkje la det skje. Men han var 100% styrt av kjærleiken til deg og meg. Så han let det skje. Slik vart vår frelse fullendt. Og den fantastiske frukta av dette ser me i vers 28 der salmisten erklærer Gud for SIN Gud. Det kunne han gjera fordi Gud hadde definert han som sin, og det kan du gjera fordi Gud har kjøpt deg til seg med sitt eige blod. Difor takkar han dagen lang, og løftar opp namnet hans så folk kan høyra og sjå at du er ein kristen og tilhøyrer Gud. 
Salma blir avslutta i vers 29 med eit omkvede som er kjent frå mange andre salmer. Å vera kristen er å symja i Guds godleik og nåde. Guds kjærleik er rundt deg på alle kantar, og ingen dom kan nå deg for alt som kunne dømmast i livet ditt har Jesus teke bort. Gud velsigne deg. 

Ingen kommentarer: