Mektig er kongen, han elskar det rette.
Det er du som grunnfester rettvise,du gjer rett og rettferd i Jakob.
5 Opphøg Herren vår Gud,
bøy dykk ned for hans fotskammel!
Heilag er han.
6 Moses og Aron var blant hans prestar,
Samuel blant dei som kalla på hans namn.
Dei ropa til Herren, og han svara dei,
7 i skysøyla tala han til dei.
Dei heldt hans bod og lova han gav.
8 Herre, vår Gud, du svara dei.
Du var ein Gud som tilgav dei,
men som òg hemna deira gjerningar.
9 Opphøg Herren vår Gud,
bøy dykk mot hans heilage fjell.
Heilag er Herren vår Gud. (https://bibel.no)
v.4. Kongen her er Gud. Han elskar det som er rett, og hatar alt som er galt. Kva er rett? Det som Gud seier er rett, er rett. For det er HAN som definerer kva som er rett og kva som er galt. Han har mynde til det. Og det han definerer som rett, vil finna ein djup resonans i alle menneske, for me er skapte i hans bilete, og me forstår Paulus når han skriv i Fil.4,8: "Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros...." det er rett. For å seia det eneklt: Trur du på Jesus Kristus og innrettar du livet ditt etter dei ti boda, det doble kjærleiksbodet og den gylne regel då er du på trygg grunn med livet ditt. Då vil det gå bra med deg.
I v.5 får me ei ny oppfordring om å løfta Herren opp, det er som før nemnt vårt livskall, og det gjer me best ved audmjuka oss for han. Å bøya seg for Gud er å bøya seg for hans ord og gje han rett i alt han talar til oss både gjennom lov og evangelium. Dei som opponerer mot Guds ord, opponerer mot Gud og løftar seg sjølv over han. Det er den menneskelege grunnsynd. Ingen som set seg sjølv over Guds ord kan stå seg for Guds dom, for Herren er heilag. Han vil dømma alle etter sin eigen standard, og den har han openberra for oss. Det handlar om å tru på Jesus og lyda hans ord.
v.6-7. Moses, Aron og Samuel gjorde akkurat det, og Herren løna dei ved å svara på bønene deira. Mange ber og ber, men får ikkje det dei ber om. Kan svaret på dette dilemmaet liggja her? Eg berre spør.
v.8 Å vera kristen er å leva under Guds nådes paraply, under hans tilgjeving, den som me har i Jesus Kristus. Men det er også å leva under Guds oppseding. Når me vik av frå Guds lover, må han disiplinera oss for å få oss attende på den rette og trygge vegen. Eg trur det er slik me må forstå dette at han "hemna deira gjerningar". Det er snakk om disiplinærstraff, som me også kjenner att frå vårt eige samfunn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar