Viser innlegg med etiketten hjelpelaus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjelpelaus. Vis alle innlegg

fredag 29. oktober 2021

Salme 102,1-12

 Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for Herren.

          
   
  2 Herre, høyr mi bøn,
          lat mitt rop nå fram til deg!
          
   
  3 Løyn ikkje andletet når eg er i naud.
          Vend øyret til meg,
          skund deg, svar når eg ropar!
          
   
  4 For dagane mine kverv som røyk,
          knoklane brenn som eld.
          
   
  5 Hjartet er som gras, solsvidd og visna,
          eg har gløymt å eta mitt brød.
          
   
  6 Eg sukkar og stønnar,
          eg er berre skinn og bein.
          
   
  7 Eg liknar pelikanen i ørkenen,
          eg er som ei ugle blant ruinar.
          
   
  8 Eg ligg vaken,
          eg er som ein einsleg fugl på taket.
          
   
  9 Fienden spottar meg heile dagen.
          Dei som gjer narr av meg,
          bruker namnet mitt til forbanning.
          
   
 10 Eg et oske som brød
          og blandar drikken min med tårer,
          
   
 11 for du er harm og vreid på meg.
          Du tok meg og kasta meg bort.
          
   
 12 Dagane mine er på hell, skuggane blir lange,
          eg visnar bort som gras.

Dei 12 første versa i denne salmen er ein klage. Salmisten er i ein situasjon der han langsamt visnar bort, og døden står for døra. Det verkar som om sjela hans er rysta på ein slik måte at han totalt har mista matlysta, at næringsinntaket meir eller mindre har stoppa opp, at han er blitt mager, berre skinn og bein, og at han har store smerter i skjelett og i bryst.  Dessutan har han søvnvanskar, er einsam, forfølgt av fiendar og mobba. Korleis er han komen i ein slik situasjon? Svaret finn me i vers 11: Guds vreide og dom hadde råka han. Han var blitt forkasta av Gud. Kven var han? Jesus Kristus. På krossen ropa Jesus ut: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Einsemda Jesus erfarte der var total, og fiendane spotta og mobba han så godt dei kunne, og han må ha ropt til Gud sin Far om ikkje å bli forlatt, om å bli høyrt, om å få hjelp. Men først måtte han gjennom dette helvete. For berre slik kunne han frelsa oss som han elska så høgt. Du forstår: Våre synder er av ein slik art at det kravde universets høgaste pris for å kjøpa oss fri frå dei: nemleg Guds eige liv og blod. Og Jesus, sann Gud og sant menneske,  tolte å stå i det. Han fullførte verket, og alle som vil kan no ta imot Guds frelse med takk og bli hans barn av nåde. Ære vere Jesus for det! 

tirsdag 10. juli 2012

Salme 25,8-11

 8 ט Herren er god og rettvis,
          difor viser han syndarar vegen.
         
   
 9 י Han lèt dei hjelpelause ferdast rett
          og lærer dei sin veg.
         
   
10 כ Alle Herrens stigar er miskunn og truskap
          mot dei som held hans pakt og hans bod.
         
   
11 ל For ditt namn skuld, Herre,
          tilgjev mi synd, for ho er stor!

I vers 8 slår David fast enno ein gong at GUD ER GOD. Det kan ikkje seiast for ofte. Han vil deg berre det som godt er, uansett kva som skjer i livet ditt. Sjølv når du syndar, er du elska. Også når det skjer, har Gud ein grunnleggjande positiv innstilling til deg, slik at når du kjem til han med synda di, syner han deg vegen ut av uføret som du har hamna i. Denne vegen er JESUS. "Eg er vegen" sa Jesus i Johannes 14,6. Han er vegen til Far, vegen til reint samvit, vegen til nytt mot, vegen til ny kraft, vegen til himmelen. 

Her høver det å omtala vers 11. Der ber David om at Gud for sitt namn skuld må tilgje han hans mange store synder. Guds namn er identisk med Gud sjølv. Slik er det over alt i Bibelen. Ser du evangeliet i dette? Du forstår: Når Gud tilgjev deg, er det for si eiga skuld han gjer det. Jo, han veit nok at du har store fordeler av tilgjevinga, men saka er: Gud tilgjev deg fordi du er så viktig for han at han ikkje kan tenkja seg å gå vidare utan deg.  Slik står di frelse på uvanleg sikker grunn, ho står fast i Gud og har si grunngjeving i han åleine.

At Gud er rettvis, betyr at han alltid følgjer sine eigne reglar. Det kan me berre stola på. Og i denne samanhengen er regelen slik: "Men dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett." 1.Johannes 1,9. Gjennom tilgjevinga attreiser han oss,og gjennom reinsinga foredlar han oss slik at synda taper makta si i liva våre. 

Gud har ein brennande trong i seg etter å frelsa syndarar (1. Timoteus 2,5). Difor sender han kvar truande (utan unnatak) ut for å dela Ordet med dei fortapte, og difor jobbar han på skjult vis med enkeltpersonar og folkegrupper slik at dei er klar til å ta imot evangeliet når dei får det forkynt.

v.9: Det er dei "hjelpelause", dei "audmjuke" (king James) eller dei "elendige" (Lutherbibelen) som er mottakelege for Guds lærdom, dei som innser og innrømmer at dei i alle ting kjem til kort innfor Guds krav til rettferd og heilagdom, dei som sørgjer over seg sjølv, dei som er "fattige i ånda" (Matteus 5,2), dei som ikkje kan betala for seg hos Gud. Det er desse som får sjå Jesus, som får fryda seg over hans frelse og som blir fylt av Anden slik at dei kan læra andre Guds veg. Slike menneske ber himmelen med seg under si vandring på jorda.

v.10: Guds vegar betyr her måten han behandlar oss på. Når me held hans pakt og bod, møter han oss med truskap og sanning. Kva betyr så dette? Det skjer noko med kvart menneske som blir frelst: Den treeinige Gud kjem og tek bustad i vedkomande. Det går ikkje umerka hen, nei det fører til ei total endring, "alt blir nytt", skriv Paulus i 2. Korintarbrev 5,17, og det første som skjer er at personen blir fylt av kjærleik til den kjærlege Gud og til hans ord og vilje. Ein sann kristen elskar rett og slett Gud og hans bod.  Ja, "har sin lyst i Herrens lov og grundar på henne natt og dag." Salme 1,2. Når lova ikkje lenger kan fordøma oss, blir ho til stor glede og nytte for oss. Me når aldri heilt opp til henne, men ho slår oss ikkje lenger ned, men lokkar oss vidare i det som er godt og rett. Det fører oss inn i ein ny livsstil der det ikkje lenger handlar om å samla skattar på jorda, men i himmelen, og i jakta på fortapte som me kan velsigna og  frelsa, er me heilt avhengige Gud, både når det gjeld økonomi og bodskap, for det me held på med er overnaturlege greier, og "utan meg kan de ingenting gjera", sa Jesus. Og han sa at han trufast ville vera med oss kvar dag, og dela med oss av sine ressursar frå sitt forrådsrom i himmelen (5.Mosebok 28). I himmelen finst rett og slett alt som trengst av økonomi, sanning og åndskraft til å realisera misjonsbefalinga.