169 Herre, lat ropet mitt nå fram til deg,
gjev meg skjøn etter ditt ord!
170 Lat mi bøn koma fram for deg,
berg meg, som du har sagt!
171 Lat leppene strøyma over av lovsong,
for du lærer meg dine forskrifter.
172 Lat tunga syngja ut ditt ord,
for alle dine bod er rettferdige.
v. 169. Salmisten tryglar om å bli høyrt. Ei bøn er som ein søknad, og den som sender ein søknad vonar på å få han innvilga. Og det salmisten ber om her er at Gud skal gje han skjøn, dvs. den rette bibelske forståinga av saker og ting. Det er ei god bøn som me alle kan be, og er det noko me treng i våre dagar så er det å forstå utfordringane i våre eigne liv, i andre sine liv, i kyrkja, i kyrkjelyden og for den saks skuld i samfunnet, ut frå Guds ord. Og til det treng me Guds heilage Ande. Det er Han som gjev oss den rette forståing av Guds ord. Guds ord er jo hans sverd, les me i Ef. 6.
v.170. Salmisten ber om frelse, og han syner til Guds lovnader. Det er som om han vil binda Gud til det Gud har sagt. Det er både frimodig og forbiletleg, for Gud oppmuntrar oss til det når han seier: De som minnar Gud, unn dykk inga ro.
v.171. Denne bøna skulle kristne i våre dagar sanneleg brukt tid på å be. Det er sjeldan me høyrer truande syng lovsongar utanom på møter og gudstenester. Og det kan vera ganske tamt der også. Men når Gud fyller oss med Anden, strøymer lovsongen fram frå oss, så det er det han ber om her, om å bli fylt av Anden, og denne erfaringa kjem når me lyttar til og les Guds ord.
v.172. Og det er Guds bod (her også i meininga bodskap) som er innhaldet i all kristen lovsong. Det Gud seier i sitt ord er alltid sant, rett og godt, og når me syng Guds ord, er Gud den primære mottakaren, men me forkynner også hans autoritet og gode vilje for alt og alle som måtte lytta til oss, og når Guds ord lyder, skaper det endring. Enten blir folk frelst, eller dei forherdar seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar