Salmisten ventar på Herrens frelse. Det kan sjølvsagt bety at han ventar på å få hjelp til å koma seg ut av ein vanskeleg situasjon, og at det tek si tid.
Det kan også bety at han ventar på Guds ultimate offer, at han ser fram mot det som me kan sjå attende på, at Jesus kom, levde vårt liv, døydde for våre synder og stod opp til vår rettferd.
For meg betyr det at eg ventar på vekking, at Gud skal ausa Anden sin ut over bygd og by i Noreg slik at folk vender om frå synd og vondskap og let seg finna og famna av Gud, og slik at kyrkjer og forsamlingar fyllest med folk som prisar Jesus for hans offer, tilgjeving, godleik og makt.
Og medan me ventar, lever me kristenlivet i lydnad mot Gud og hans ord.
Salmisten elskar Guds bod. Det gjer me også. Guds bod reflekterer Guds kjærleik. Difor elskar me dei, og difor hevdar me dei. Det er ikkje for å vera vanskelege me gjer det, men fordi det fører elendighet med seg å bryta Guds lover. Dessutan er lovene lover. Bryt me dei, påfører me oss skuld innfor Gud.
Salmisten meiner seg å ha halde alle Herrens lovbod, noko som betyr at han held dei for å vera sanne, gode og gyldige, verd å leva etter, måla seg opp mot og forkynna.
Men han veit at livet hans ligg ope for Gud. Og det gjer våre liv også. Han kjenner alle våre vegar, alle vala me tek, alt me tenkjer , seier og gjer. Ingenting er skjult for han. Difor bøyer me oss ærbødig for Gud kvar einaste dag og sannar syndene våre, vender oss bort frå dei og let oss leida av Gud inn på hans vegar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar