søndag 7. april 2013

Salme 34,7-11

   7 ז Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde,
          han frelste han frå alle trengsler.
         
   
  8 ח Herrens engel slår leir
          rundt dei som ottast han.
          Han friar dei ut.
         
   
  9 ט Smak og sjå at Herren er god!
          Sæl er den som søkjer tilflukt hos han.
         
   
 10 י Frykt Herren, de hans heilage!
          Dei som ottast han, lid inga naud.
         
   
 11 כ Unge løver lid naud og svelt;
          men dei som søkjer Herren,
          manglar aldri det som godt er.


v.7 er eit personleg vitnemål. David sine problem var uoverkommelege. Den einaste vegen som var fri for han var vegen oppover, mot Gud. Difor ropa han til Gud, dvs han bad i stor affekt, og Herren høyrde han og frelste han. Gud grip alltid inn og hjelper når fortvila menneske overgjev saka si til han.

v.8 går nærare inn på kva som skjer når Guds barn er i naud: Herrens engel, dvs Herren sjølv kjem til dei og omsluttar dei og vernar dei på ein spesiell måte, og så friar han dei ut. Problema kan gjerne dra ut i tid. Men Guds hjelp kjem med ein gong, først som vern, så med utfriing. Ingen må tenkja slik at hjelpa ikkje kjem før ein vert utfridd. Nei, Guds vern kjem med ein gong. Gud reagerer momentant når hans barn ropar i si naud. Han kjem og dekkar dei med seg sjølv. Dette må me gripa i tru. 

v.9: Når tidene bli  slik, er det for at me skal få smaka på Gud. Det hebraiske ordet for smaka, "ta`am", tyder i overført meining "oppøvd dømekraft". Den som gjennom vanskelege tider har fått eit oppøvd sinn, er blitt ein åndeleg "finesmecker".  Han/ho veit korleis Gud smakar, og har lært seg å skilja Gud frå ting som berre likna på han. Dei har erfart og kjent hans godleik i sjela, og etterpå kan dei ikkje få nok av han, og dei går alltid til han, vil vera hos han, ta han inn med alle sansane sine. Det er dette som er å "søkja tilflukt hos han." Det går på det nære personlege fellesskapet med han. 

I vers 10 vert alle heilage igjen oppfordra til å ottast Herren, dvs lyda han i alt han seier til oss. Då vil me ikkje mangla noko. Held me hans bod, då får me framgang der me ferdast, og alt skal lukkast for oss (Josva 1,7).

v.11: Unge løver er unge menn som stolar på si eiga kraft. Dei vil lida naud. Alle møter til slutt grensene sine. Men Gud sørger for dei som søkjer han, dvs lever i bøn og fremjar hans interesser i verda. Å søkja Gud er eit fint uttrykk. Det skildrar retninga på ein kristen sitt liv. Det handlar alltid om Gud. Det er hans fellesskap som er viktig og hans interesser som tel. Dei fleste menneske søkjer berre sitt eige. Dei er autonome og styrer liva sine sjølve, er sine eigne gudar. Men dei heilage søkjer Gud og lever for å realisera hans planar og draumar i verda. Dei manglar aldri det som godt er. Dei vil alltid ha det dei treng av jordiske goder, og i tillegg  har dei jo linka seg til Gud med alle dei ressursane han rår over. Det er ei vinnaroppskrift. 



Ingen kommentarer: