For mange år sidan las eg bøkene til den norske kinamisjonæren Marie Monsen. I den eine av dei, den som ber tittelen: "Vekkelsen ble en Åndens aksjon", skreiv ho om den betydninga vers 12 i Salme 68 fekk for henne den tida ho stod i teneste i Henanprovinsen. Der braut det ut ei vekking rundt Marie Monsen som pågår enno. Broder Yun, Den himmelekse mann, meiner faktisk at den enorme vekkinga i Kina i dag kan sproast attende til denne originale og myndige kvinna som rekrutterte bibelkvinner til å reinsa rundt og forkynna om Jesus for folket, og menneske som var bundne med tjukke lenker til grove synder og fanga av demoniske makter knytt til avguderi vart sett mektig fri ved at desse kvinnene svinga Andens sverd, som er Guds ord. Det vart kamp og møye, men den eine etter den andre syndeslaven vart løyst, kongar over hærar (åndsfyrstar) flykta (v. 13), og kvinnene kunne dela bytet, dvs frelste sjeler.
v.14 handlar om at i slike tider med velsigning, blir det nok rikdom også for dei fattigaste, for "dei som ligg mellom sauene".
v. 15. "Den veldige" er Gud. Då han spreidde kongane, dvs då dei demoniske maktene måtte sleppa taket, kom det snø på Salmonfjellet, noko som er eit uttrykk for rik velsigning. Guds velsigning løysest mektig ut når me som Guds barn med våre kraftfulle og målretta bøner nedkjempar dei demoniske maktene me har rundt oss og som påverkar folk til synd og vondskap.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar