mandag 1. juli 2019

Salme 77

v.2-3. Asaf er skikkeleg fortvila og ropar, ja, skrik høgt til Gud. Sjølv om han er i skikkeleg trøbbel, og søkjer Gud dag og natt, har han tru på å bli høyrt, men finn likevel ikkje ro.

v.4-5. Når han tenkjer på Gud, må han berre ynka seg. Det folket hadde saman med Gud ein gong, er no borte, og tanken på dette enorme tapet får ånda hans tørkar ut. Han får ikkje sova, og han har heilt gått opp for ord.

v.6-10 Han forsøker å tenkja på farne tider då Gud var i aksjon for folket sitt, men no lurer han på om Gud har forkasta dei for alltid, og om han aldri har tenkt å endra innstilling og behandla dei godt meir (gje dei favør, som det vel heiter i våre dagar). Han lurer på om det aldri meir skal bli trøyst å henta hos Gud, om dei alle har hamna utanfor hans nåde, om Gud har lukka og låst døra for evig. Om det er mogeleg? Nokre, ja, mange vil koma til å oppleva akkurat det. Men ikkje dei som fryktar det. Slett ikkje.

v.11-21. Asaf pressar på hos Gud. Det er førebiletleg. Han vil appellera til den frelsens Gud som i gamal tid hadde fridd folket ut av Egypt, ført dei gjennom Raudehavet, gjeve dei mat og vatn i ørkenen, overvunne fiendane deira og ført dei inn i Kanaans land. Han er ein Gud som gjer under for folket sitt, som trufast leier det mot nye mål.

Asaf tek eit val: Han løftar blikket. Når me ser innover i oss sjølve, finn me ikkje svar på dei store spørsmåla i livet, knapt på dei små. Men løftar me blikket og ser på Gud, på det han har sagt og gjort før, får me tru og håp.

Det avgjerande for framtida vår er kva me forkuserer på og gjev kraft i liva våre.






Ingen kommentarer: