torsdag 13. mars 2014

Salme 40,5-9

   5 Sæl er den
          som set si lit til Herren,
          som ikkje vender seg til dei stolte,
          til dei som fell frå i løgn.



Å stole på Herren gjev ein lukketilstand. Den som trur på Jesus går rundt med ein vakker løyndom i hjarta som er slik: "Gud elskar meg, eg er eit uendeleg rikt og priveligert menneske."
Men "begynt er ikke endt" syng Brorson. Nokre vender seg faktisk bort frå den gode Gud, det ser me, og slår lag med stolte menneske, og fell frå i løgn. Stolhet er å setja sine eigne tankar over Guds tankar slik han openberrar dei for oss i Bibelen. Bibelen er sanning, slik som Jesus er sanning, og alt som me orienterer oss etter som ikkje stemmer med Bibelen, er løgn og fører oss bort frå Gud og den lukka som berre han kan gje oss menneske.
         
   
 6 Store ting har du gjort for oss,
           Herre, min Gud,
          underfulle verk og planar,
          ingen er din like.
          Vil eg fortelja og tala om dei,
          er dei for mange til å reknast.




Gud har gjort store ting for oss, og aller størst er det naturlegvis det han gav oss gjennom Jesus. Det merkelege er at dette ikkje var nokon panisk naudutveg, men ein plan han hadde lagt frå æva av. Han visste kva som kom, og hadde gjort opp med seg sjølv frå æva av kva som måtte gjerast for å frelsa oss menneskebarn. Trur du Gud let seg overraska av noko som helst av det som skjer på jorda? Nei, ikkje i det heile tatt. Han har alt teke høgde for alt, både det gode og det vonde, glede og så vel som sorg, og han har underfulle planar for korleis alt skal møtast og handterast. Merk deg at planane er underfulle. Gud står klar for å leggja si mirakelkraft ned i liva våre. 



David hadde rike erfaringar med Gud. Ja, då han ville vitna om Guds undergjerningar, var dei så mange at han ikkje kunne hugsa dei alle. Men eg er sikker på at han fortalde om så mange som han kom på, for Guds undergjerningar skal talast om. Det kan me lesa om i Salme 145.
         
   
 7 Du har ikkje glede i offer og gåver
          – du har opna mine øyre –
          brennoffer og syndoffer krev du ikkje.


Gud har ikkje glede over ytre religiøse seremoniar. Det har me vore innom før. Men han har stor glede av folk som høyrer på kva han seier. Saka er den: Me menneske er ikkje i stand til å høyra kva Gud seier før Gud opnar øyro våre. Når det skjer, får me ikkje nok av Guds ord, det som me før ikkje forsto vitsen med i det heile tatt.
Det Gud krev av oss er at me lyttar til han, legg ordet på hjarta, gjer det han seier og deler ordet med andre, og Gud den Heilage Ande hjelper oss til alt dette. Ingenting i kristenlivet kan eller treng du gjera i eigen kraft.
         
   
 8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.
          I bokrullen er det skrive om meg.


Dette verset går veldig direkte på Jesus Kristus. Det var han som kom, og det er han som kjem, og det er Han som talar til oss i Det gamle testamentet, og det er han denne boka handlar om. "Skriftene vitnar om meg," sa Jesus. 
         
   
 9 Min Gud, å gjera din vilje gjev meg glede,
          di lov er djupt i mitt indre.»


Jesus fullførte Guds vilje til punkt og prikke. Han gjorde det han var sendt for å gjera, og alt på rette måten Han synda aldri mot den lova han sjølv hadde gjeve, og det Far synte han at han skulle gjera frå dag til dag, det gjorde han med glede. Lova var 100% integrert i hans personlegdom.

Slik kan det bli også for oss som følgjer han, me som er fødde på nytt og har fått Kristi sinn, me fullfører Guds vilje slik me finn han uttrykt i Bibelen med glede, likeeins dei spesielle planane som Gud i himmelen openberrar for den enkelte av oss.  

Ingen kommentarer: