torsdag 29. juni 2023

Salme 119,105-106

 105Ditt ord er ei lykt for min fot

og eit lys for min stig.

106Eg har svore, og det står eg ved,

at eg vil halda dine rettferdige lover.


Vers 105 er det mest kjende og mest siterte verset i denne salma, og eitt av dei første versa eg personleg lærde utanåt. Det eg vil presisera her er av Guds ord ikkje er eit av fleire lys me kan bruka for å sjå, men det einaste lyset som syner oss kor den rette vegen går. Lys står for sanning, og i vers 160 står det at "summen av ditt ord er sanning". Og kve er så summen av Guds ord? Det svaret finn me hos Forkynnaren 12,13-14 der me les slik: Dette er summen av alt du har høyrt:

Ottast Gud og hald hans bod!

Dette er det som alle menneske har fått.

halda dom over alt som er løynt,

anten det er godt eller vondt


Og då er me komne over i vers 106 der salmisten bedyrar at han vil halda Guds rettferdige lover.  At han vil halda lovene, er ikkje det same som at han heilt ut får til å halda lovene. Det var berre Jesus som kunne det. Men alle som har Guds heilage Ande i hjarta har eit sterkt ønskje, og eit driv i seg, etter å halda lovene og vera lydige mot Gud. Me har jo snakka om dette mange gonger før, men eg repeterer det her: Guds lover reflekterer Guds kjærleik. Lovene er gode og gagnlege, og alle som elskar Gud og har fått hans kjærleik aust ut i hjarto sine ved Den Heilage Ande, vil forstå dette, og strekka seg etter å leva etter dei. Det ligg så naturleg for dei. Dei legg lovene på minnet, innrettar seg etter dei, dei held dei for å vera gyldige og forkynner dei også for andre. Når dei bryt lovene, går dei til Gud og sannar syndene sine, og det skjer ofte, og i Jesu namn får dei oppreising og mot til å gå vidare på den gode vegen. Det er ein kampfull veg. Ingen tvil om det. Men ein god veg, og den fører fram. 



onsdag 21. juni 2023

Salme 119,103-104

 103 Kor søte dine ord er for ganen,

          betre enn honning i munnen.
          
   
 104 Eg får innsikt av dine påbod,
          difor hatar eg falske vegar.

Vers 103 minnar meg om Esekiel 3,1-3 der me les slik: " Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne rullen! Gå så og tal til Israels hus!»  2 Då opna eg munnen, og han lét meg eta rullen.  3 «Menneske», sa han. «Mett magen din og fyll innvolane dine med denne rullen som eg gjev deg.» Då åt eg rullen, og han gav ein søtsmak i munnen som honning." 
Det var slik Esekiel vart profet. Han vart utrusta gjennom å eta ein bokrull, ved å ta inn det skrivne ord. 
Bøker er til å lesa, ikkje til å eta. Eting av papir er ekstraordinær aktivitet. Men å lesa og høyra Guds ord er å eta det med auge og øyre. Jesus seier i Matt 4 at menneske lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som går ut frå Guds munn. Guds ord har i seg mat for sjela og kraft til trua. Skal du og eg ha ein bodskap frå Gud til verda, må me ta oss bryet å lesa Guds ord grundig og etterleva det. Gud utrustar oss gjennom sitt ord fordi dette er fullt av ånd, og det har kraft i seg til å både inspirera, fornya, levandegjera og som sagt: å utrusta. Guds ord gjer oss til profetar. Dette ser me i Apg.10. Peter besøker Kornelius sitt hus for å dela evangeliet om Jesus med dei som der var, og medan han tala, fall Den Heilage Ande på alle som høyrde Ordet, og dei begynte å tala i tunger og lova Gud, og i ei liknande forteljing frå Apg 19 talte dei som fekk Anden i tunger og dei profeterte. Anden er i Ordet, og når Guds ord blir forkynt i Andens kraft, begynner folk å tru på Jesus, venda om frå syndene sine, bli fylte av Gud, og dei utviklar eit hat til falske vegar som her skildrar eit liv i opposisjon til Guds ord og bod.   

tirsdag 20. juni 2023

Salme 119,99-102

  99 Eg skjønar meir enn alle mine lærarar,

          for eg grundar på dine lovbod.
          
   
 100 Eg har meir innsikt enn dei gamle,
          for eg tek vare på dine påbod.
          
   
 101 Eg held føtene borte frå vonde vegar
          så eg kan akta på ditt ord.
          
   
 102 Eg vik ikkje frå dine lover,
          for du rettleier meg.

v.99. Vers 98-100 heng saman, alle tre versa handlar om at Bibelen gjev oss overjordisk klokskap, og burde sånn sett ha vore kommentert under eitt. Bibelen gjer oss klokare enn fiendane våre, lærarane våre og dei gamle, underforstått: dersom desse då ikkje sjølve hentar visdomen sin frå den same boka som du. Og så er det jo ein viktig premiss til her: klokskapen kjem ikkje berre ved å lesa og lytta til Guds ord, men ved å grunda og ta vare på det. Å grunda inneber at du memorerer, og å ta vare på er å praktisera og å hevda Bibelens lære. 
v.101: Rekkefølgja her er viktig. Når me held oss borte frå den vonde vegen, begynner Guds ord å gje meining for oss. Mange lurer på kvifor Bibelen er ei lukka bok for dei, og svaret er at dei framleis går på den vonde vegen, og ikkje har til intensjon å forlata den. Då stenger Gud sitt ord for dei. 
v.102: Salmisten vik ikkje av frå Guds lover, frå Guds veg, for han veit og har erfart at desse lovene er gode og gjev usvikeleg rettleiing. Og eit siste poeng er: Når me innrettar oss etter Guds lover, vil Gud rettleida oss ved sin Ande i dei spørsmåla det lovene ikkje gjev oss svar. 

fredag 16. juni 2023

Salme 119,95-98

 Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg,

          eg tenkjer på dine lovbod.
          
   
 96 Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense,
          men ditt bod når uendeleg vidt.
          
   
 97 מ Kor eg elskar di lov!
          Eg grundar på henne heile dagen.
          
   
 98 Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar.
          Det er alltid hos meg.

Dei lovlause er ikkje utan lover, dei kan ha mange tusen lover, men dei vil ikkje godkjenna og bøya seg for Guds lover. Salmisten slit med desse folka, for dei er så irriterte på han at dei vil øydeleggja han. Kvifor det? Fordi han stadig minnar dei om Guds vilje. 

Det siste året er eg blitt litt kjent med Batyr Nursen. Batyr Nursen  var den 7. kristne i Turkmenistan, landet på austkysten av Svartehavet, ein tidlegare sovjetrepublikk. Batyr kom til tru på Jesus i 1993 då landet, etter Sovjetunionens fall, ei kort tid var ope for misjon. No er det mange tusen kristne i landet. Men denne kyrkjeveksten har vekt så sterke negative reaksjonar hos presidenten, at kyrkja har måtta gå under jorda. Ho er no ei undergrunnskyrkje. Blir dei kristne avslørte, mister dei jobbane sine og barna deira får ikkje lenger gå på skulen. Målet er å øydeleggja kyrkja. Det er slike ting salmisten skriv om her.

Men midt i all motstand valde salmisten å tenkja på Herrens lovbod. Det ville bevara han som kristen. Skal forfølgde klara å overleva som kristne, må dei alltid tenkja på Guds gode vilje og vesen. Men det må så visst me som ikkje blir forfølgde også gjera, og så må me tenkja på at me ofte gjer det lett for oss sjølve ved å teia bom stille om Guds bod og vilje slik at ingen finn særleg god grunn til å bruka energi på å forfølgja oss. 

v.96. Alt som er fullkome blir kanskje rekna som fullkome i èin kultur, men ikkje i ein annan, i èi tid, men ikkje i ei anna, som t.d. gode lover. Dei gjeld for ei stund, så kjem det nye lovgjevarar og nye lover. Men Guds lover gjeld med same tyngde over alt alltid. Slik vil eg forstå dette verset. 

I vers 97 repeterer salmisten sin djupe kjærleik til lova. Han beundrar henne verkeleg, og får henne ikkje ut av tankane sine. 

v.98. Ho gjer han vis, ja, visare enn fiendane. Her har me noko å læra. Så lenge me står fast på Bibelen og ikkje rikkar oss bort frå Guds lov, vil Gud gje oss uimotståelege  argument i møte med våre motstandarar. Men me må ha lovene hos oss, dvs. me må kjenna dei og læra dei utanåt slik at Guds Ande kan ta dei fram frå minnet vårt når me treng det. Og det gjer han. 

søndag 28. mai 2023

1.pinsedag 2023. Apostelgjerningane 2,1-4

Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.  2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.  3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.  4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

Gode Gud og Far! Takk for ordet ditt som har kraft i seg til å frelsa, fornya, utrusta og lækja. Gjer det også i dag. Heilage Far, helga oss i sanninga. Ditt ord er sanning. 

I dag er det første pinsedag. Pinse handlar om mange ting. I dag vil eg fokusera på det som handlar om tilgjengelegheit.

For det første: Pinse betyr at Guds kjærleik og nåde er blitt tilgjengeleg for alle menneske i heile verda. 1.pinsedag, slik me les om denne i Apostelgjerningane 2, var startskotet for den kristne misjon. Døra inntil Gud hadde vore stengt for nasjonane, og berre på gløtt for israelittane. Men då Jesus døydde på krossen, rivna forhenget i tempelet som eit symbol på at døra inn til Gud vart slått på vidt gap for jødar og grekarar, kvinner og menn, rike og fattige, høge og låge, dei langt borte og dei som var nær. Men berre Den Heilage Ande kan overtyda menneska om at Jesus er Herre, og han kom på pinsedagen for å fylla og utrusta alle truande, overtyda folk flest om at dei har bruk for Jesus og ta bustad i alle som tek imot evangeliet.

For det andre: Etter første pinsedagen er Guds kraft blitt tilgjengeleg for alle som trur på Jesus. Skal me tena Gud i vår eige kraft, blir resultata små og skrøpelege. Men let me oss fylla av Den Heilage Ande, som Paulus formanar oss til, då strøymer liv og kraft ut frå oss til ei verd som så desperat treng Gud. Når me let oss fylla av Anden, begynnar me å leva overnaturlege liv, og når folk møter oss, møter dei Gud, han som har skapt dei og som elskar dei. Han kjem nær til dei gjennom oss.  Slik fungerer Den Heilage Ande. Dette er pinsekrafta, og når me har Den Heilage Ande med oss, når han pregar liva våre og får det til å renna over av kjærleik og kraft, blir det veldig mykje lettare for folk me møter å ta imot Jesus og bli kristne. For det er berre Den Heilage Ande som kan kristna folk. Men det store for oss er at han gjer det gjennom oss, me er blitt hans medarbeidarar, og det er verdas største privilegium

1)     Gode Far! Reis opp kyrkja di i Noreg, og utrust henne til å forkynna ditt ord og demonstrera di kraft for alle som bur i dette landet, slik at alle nordmenn kan venda om til deg og bli ekte kristne.
Ver nær alle som vert forfølgde fordi dei trur på Jesus. Gje dei stor styrke. Me ber om fred og rettferd i Ukraina, Jemen, Sudan, Myanmar og andre plassar der hatet og krigen rår.
Me ber om liv og livsrett for alle ufødde barn.
Me ber om klokskap og rettsinn for kongen, regjeringa, for stortingsrepresentantane og for alle dommarane i landet vårt.
Må dette landet bli styrt etter dine rettferdslover   

Me ber om at Bibelen skal bli omsett til alle verdas språk, og at evangeliet om Jesus skal nå ut til alle menneske.

Me ber om at Jesus snart skal koma tilbake for å dømma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Amen!


torsdag 25. mai 2023

Salme 119,92-94

 Om eg ikkje frydar meg over di lov,

          går eg til grunne i mi naud.
          
   
 93 Eg gløymer aldri dine påbod,
          ved dei gjev du meg liv.
          
   
 94 Frels meg, for eg er din!
          Eg spør etter dine påbod.

v.92 Salmisten har det ikkje lett, og han er i stor naud. Han føler at han kan koma til å gå til grunne. Me kan ikkje vita kva han meiner med det, men det me KAN vita er at plusskrafta i Guds ord er større enn minuskrafta i ein vond lagnad, og han vel å fokusera på dei fantastiske sanningane i Bibelen, at han er elska og tilgjeven, at Gud er med han og at ingenting vondt kan råka han utan at det skal bli til hans fordel. Det er grunn til å fryda seg over slikt. Salmisten gjer det, og då taper det vonde makta si i livet hans.

v.93. Salmisten repeterer Guds ord for seg sjølv så ofte at han ikkje gløymer dei. og han praktiserer Guds ord. Det gjev liv. Guds bod er gode, og når ein kristen gjer det han har fått beskjed om, opplever han at han lever meir enn nokon gong. Alle me som elskar Gud blir tilfredse og sterke når dei tener han og gjer det han har pålagt oss på ein skikkeleg måte.  Lydnad styrker kristenlivet. Ulydnad sveikkar det.  

Vers 94 er ei bøn om frelse. Ikkje frelse frå synd, for han tilhøyrer jo allereide Gud, men det kan vera frelse frå sjukdom, farlege situasjonar eller farlege personar. 

Salmisten spør etter Herrens påbod, så markerer han at han ønskjer å handla etter Guds vilje og ikkje sin eigen. Det er livsviktig for oss kristne at me handlar i samsvar med Guds vilje, ellers blir me veldig sårbare og kan lett rota oss vekk frå Gud. 

mandag 22. mai 2023

Salme119,89-91

 89 ל I all æve, Herre,

          står ditt ord fast i himmelen.
          
   
 90 Din truskap varer frå slekt til slekt,
          du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.
          
   
 91 Etter dine lover står dei til denne dag,
          for alle ting må tena deg.

v.89. Guds ord står for evig fast i himmelen, las me her. Det er verkeleg godt at noko står fas i ei tid då ting endrar seg veldig fort på dei fleste områder. Og det går an å bli svimmel av alt som skjer. Då er det godt at Gud og hans ord ikkje endrar seg. Han står fast, hans ord står fast og dei som står fast på Guds ord, står stødig midt i alle endringar.  "Om himmel og jord forgår, så skal aldri mine ord forgå," seier Jesus i Bergpreika. Ikkje den minste prikk ein gong skal tapa sin gyldighet, seier han ein annan plass. 

Kva er det å stå fast på Guds ord? Det er å tru på Jesus og lyda hans befalingar. Tru og lydnad er to ord som går hand i hand i Bibelen. Og samanhengen er enkel: Trua på Jesus syner seg hos oss på den måten at me lyder hans befalingar, ja, ikkje berre det at me lyder dei, me elskar dei. "Dei som elskar meg, elskar boda mine," Joh. 15. 

v.90. Bibelen er full av gode løfter til dei som stolar på Jesus og følgjer han. Dei opplever at Guds truskap rekker til skyene, dvs. så høgt at dei ikkje treng engsta seg for at dei ein dag ikkje skal gjelda. Det er løfter om tilgjeving, vern, lækjedom, hjelp, utrustning, leiing i stort og smått forutan om Guds gode nærvær og rause omsorg. Alt dette varer frå slekt til slekt, heilt til misjonsoppdraget er fullført, og Jesus kjem attende. Det er godt å minna kvarandre på dette i vår tid at det er Jesus som bestemmer historiens gang, og avslutninga kjem ikkje før evangeliet er blitt gjort kjent for alle folkeslag. Misjonen er Guds klokke, og så lenge Jesus ikkje set punktum, står alt ved lag, som det står i v.91, og alle menneske gjer lurt i å overgje liva sine til han og tena han som er tildelt all makt i himmel og på jord, og som ein dag skal døma kvart einaste menneske.