søndag 29. juni 2025

Salme 138

 v. 1-3

Kong David prisar og takkar Herren offentleg, midt i mylderet av religionar, livssyn og autoritetar av ulike slag. Det er berre den levande Gud som skapte himmel og jord, og som frelste oss ved å døy og stå opp for oss som kan servera menneska miskunn og truskap Evangelisering gjennom lovsong har eg god tru på. 

Gjennom lovsongen møter folk Guds ord og Guds namn. Begge deler har kraft i seg til å frelsa. Ingen kan bli frelst utan å bli levandegjort ved Guds ord, og utan å kalla på hans namn. Når lovsongen lyder i det offentlege rommet, lærer dei begge deler. 

Og Gud svarar folk som er i naud med ny styrke når dei ropar til han. 
Gud kan anten løysa problema våre på ein augneblink. Dersom ikkje, gjev han oss styrke til å koma gjennom. Han gjev også styrke i tenesta og i kvardagslivet, ja, til alt me tek oss til. 

v.4. Kor enormt viktig det er at kongar, med all den makt og innflytelse dei har, får høyra orda frå Guds munn. For då vil dei takka Herren. Ja, meir enn det: Dei vil syngja om Herrens vegar (lover), og bli inntekne av Herrens herlegdom. Slik blir dei til velsigning for mange. 

v.6 Herren er høg, men ikkje fjern. Han ser til den låge, den som slit med livet sitt, som kjenner seg heilt makteslaus og som kanskje står lengst nede på rangstigen. Han tek seg av slike. Men dei sjølvsikre og arrogante som opponerer mot han avslører han på lang avstand. Dei har ikkje noko høg stjerne hos Gud. 

v. 7. Kristne går i trengsler. Det er ingen veg utanom. Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler, les me i Apostelgjerningane 14. Men Herren held oss i live så lenge han vil at me skal vera her og tena han i denne verda. At han held oss i live betyr at han sørger for oss, og tek vare på oss både når det gjeld kropp og sjel. Han rekker ut den høgre handa si mellom oss og fiendane våre. 

v.8. David ber Herren om å fullføra sitt verk for han, og ikkje svikta det han hadde starta. Svaret fekk David og alle oss andre då Jesus døydde på krossen og ropa ut: "Det er fullført!" Så får me leva i eit evig fullført frelsesverk. 

tirsdag 24. juni 2025

Salme 137

 Denne salme er frå tida etter at eksilet i Babylonia er avslutta, altså etter 539 f.Kr

Medan jødane var i Babylonia hadde songen tagna, og harpene hengt på piletregreiner. 

Jerusalem er Guds by på jorda, og israelsfolket har aldri kunna gleda seg når hovudstaden deira har vore på framande hender. 

For oss kristne er det slik at songen tagnar når me kjem langt nok bort frå Gud og vårt himmelske Jerusalem. 

Me er som truande kristne komne til det himmelske Jerusalem. les me i Hebrearbrevet, og då meiner Paulus(?) kyrkjelyden.  

Edoms søner i vers 7 er etterkomarane etter Esau. Dei budde i det som idag er Jordan, og det var dei som hogg den fantastiske byen (og turistattraksjonen) Petra rett ut av fjellet. Dette folket var gjennom GT Israels arge fiende. 

Det siste avsnittet forkynner salmisten på ein krass måte domen over Babylonia. 
Me for vår del ber om frelse for Israel og Jordan, og om forsoning mellom fiendar. 

fredag 20. juni 2025

Salme 136

 Denne lovsalma har 26 vers som alle endar med "evig varer hans miskunn." Dersom du skal seia noko treffande om Gud, noko som beskriv han betre enn noko anna, så er det dette at han er full av miskunn, og at denne godleiken aldri tek slutt. 

v.1-9: Skaparverket fortel om Guds store makt og kraft, og alt er skapt forat Gud skulle kunna uttrykkja si miskunn. 

v.10-22. Han frelste Israel frå slavelivet i Egypt, og førte dei trygt gjennom øydemarka til Kanaans land der dei kunne busetja seg. Israels land og folk er eit enormt vitnemål om Guds miskunn. 

v.23-26. Salma avsluttar med å prisa Gud for hans omsorg for alt han har skapt. Gud gjev oss alt me treng for å leva og trivast, fordi han er god og gjer godt. 

onsdag 18. juni 2025

Salme 135

 Salma startar med å oppfordra oss til å lovsynga Herren fordi han er god, fordi det er godt for oss å gjera det, og fordi han har valt ut Israel til sin eigedom, tre gode grunnar. 

Og så kan me for vår del takka han for at han i Kristus også har valt ut oss til å vera hans barn og arvingar. 

I vers 5-7 stoppar eg spesielt ved vers 6: "Alt Herren vil, det gjer han." 

Herren har altså makt til å gjera det han vil. Kva vil han? Frelsa dei fortapte, lækja dei sjuke og frigjera dei som er bundne av djevelen. 

Vidare ser me i salma at han styrer med vær og vind, feller dommar, sørger for rettferd for folket sitt, syner medkjensle med dei som tener han. 

Alt dette gjer han i motsetnad til avgudane som korkje føler eller gjer noko som helst, og dei som tilber dei, blir som dei. 

Dette er forresten ein spennande tanke: Du blir som den/dei/det du tilber. 
Skulle ikkje den tanken inspirera deg til å tilbe den levande Gud?

Salma sluttar som ho starta med å oppfordra ulike greiner av Israel til å lovsynga Herren.  

 

søndag 15. juni 2025

Salme 134

 Velsign Herren, alle Herrens tenarar,

de som står i Herrens hus om nettene!

2 Lyft hendene mot det heilage og velsign Herren!

3  Herren velsigne deg frå Sion,

han som skapte himmel og jord!

I templet jobba lovsangarane og musikarane på skift. 
Dei var i sving døgnet rundt.

Salme 134 må ha vore ein nocturne, ein nattsong den songarane vart oppmuntra til å stå på o løfta hendene, som forresten er ein normal ting å gjera når me lovar Herren og ber til han. Me løftar hendene til og mot Gud. 

Så vil Herren velsigna oss frå Sion, frå der han har si trone. 

Og kva kan me vel ikkje forventa oss frå "han som skapte himmel og jord." Velsigning utan grenser. 

fredag 6. juni 2025

Salme 133

 Ein song til festreisene. Av David.

Sjå, kor godt og vakkert det er når brør bur saman!

2 Det er som den fine oljen på hovudet

når han renn ned i skjegget, Arons skjegg,

ned over linningen på kjortelen.

3 Det er som dogg frå Hermon

når han fell på Sions fjell.

For der gjev Herren velsigning,

liv til evig tid.

Denne salma er eitt av dei sterkaste insitamenta til kristent fellesskap som me finn i Bibelen. Når Jesustruande finn saman og elskar kvarandre, løyser det ut ei kjelde med åndeleg velsigning for den tida me lever i og heilt inn i den komande tidsalderen. 

Det er så mange kristne som trur dei klarar seg så innmari godt utan fellesskapet og kyrkjelyden  i våre dagar. Det gjer dei ikkje, og når dei ikkje søkjer samfunn med brørne, hindrar dei Gud. Men når Guds barn audmjukar seg innfor kvarandre og seier at "eg treng deg" (som Michael Oh la så stor vekt på i ein tale under Lausannekonferansen i Seoul nyleg), ausest Anden ut over alle i rikt mål, her uttrykt gjennom olja som renn over Arons kropp, og doggen frå Hermon som velsignar Sion, som minnar oss om at Herren velsignar den eine kyrkjelyden gjennom den andre. Det skal halda oss alle i ein audmjuk posisjon.

onsdag 4. juni 2025

Salme 132,11-18

 11  Herren har svore til David

eit påliteleg ord han ikkje går frå:

«Di livsfrukt vil eg setja på trona di.

12 Dersom sønene dine held mi pakt

og den lov eg vil læra dei,

så skal sønene deira òg

alltid sitja på di trone.»

13 For Herren har valt ut Sion,

henne vil han ha til bustad:

14 «Dette er min kvilestad for all tid,

her vil eg bu, for henne vil eg ha.

15 Maten hennar vil eg velsigna,

dei fattige vil eg metta med brød,

16 prestane hennar kler eg i frelse,

dei trugne skal ropa av fryd.

17 Der lèt eg eit horn veksa fram for David,

eg steller til ei lampe for den eg har salva.

18 Fienden vil eg kle i skam,

men på han skal krona stråla.»¨

Vers 11 er ein lovnad bygd på visse vilkår. Så sant Davids etterkomarar var trufaste mot Gud og hans lov, skulle hans kongedømme bestå. Elles ikkje. 

Når me les GT ser me ei rekkje med kongar som opponerte mot Gud og hans lov, og det enda opp med eksil i Babel, og kongedømme gjekk under, utan at Davids ætt av den grunn vart borte.  

Så låg dette rike nede for teljing heilt til Jesus dukka opp på historiens arena. Då vart det attreist under nemninga GUDS rike, og etter å ha lide og døydd for verdas synder, sette han seg på himmeltrona si for å regjera i himmel og på jord for all framtid. No er dette eit EVIG rike som aldri kan forgå, og som ein dag skal gjera slutt på alle andre jordiske riker. Det les me om i Daniels bok kap 2. 

Herren har valt ut Sion som sin kvileplass. Herren vil rett og slett ha Jerusalem. Ho er hans by. Og når Jesus ein dag kjem att til dom og frelse, er det til Sion han kjem.

v.15-17 skildrar tider når Gud er nær i sitt folk og si kyrkje. Då blir folk velsigna på alle nivå, åndeleg og timeleg. Då får dei fattige mat, og prestane, dei åndelege leiarane, blir kledde i frelse, noko som eg i denne settinga trur må vera utrustning med tanke på å formidla frelse til folket. Og gleda vert overmåte stor når lyset sigrar over mørket. 

Hornet som veks fram frå David er Davidssonen Jesus. Han vart fødd like utanfor Jerusalem, i Efrata, i Betlehem. 

Ein lampe gjeve lys. Jesus er verdas lys. Han sluttar aldri å skina gjennom sitt ord, og gjennom alle som har teke lyset inn. I dag er kyrkja Guds lampe i verda, og det er ho så lenge ho ikkje slepp mørket inn på seg, som mange kyrkjer gjer i dag. 

Fienden er dei som forfølgjer kyrkja og vil utsletta Israel. Dei som det gjer skal kledast i skam. Dei som vil skada Jesu kyrkje og Israels folk, vil sjølv bli dei skadelidande. 




mandag 2. juni 2025

Salme 132,6-10

 6 Vi høyrde om paktkista i Efrata,
vi fann henne på markene ved Jaar.

7 Lat oss gå inn i hans bustad,
kasta oss ned for hans fotskammel!

8 Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad,
du og paktkista, som er din styrke.

9 Prestane dine skal kle seg i rettferd,
dine trugne skal ropa av fryd.

10 For David, din tenar skuld,
vis ikkje frå deg den du har salva!

Paktkista hadde ein rik symbolikk. I kista låg steintavlene med dei ti boda, ei mannakrukke og Arons stav, uttrykk for Guds gode vilje, Guds ord og Kristus som gjetar for kyrkja si. Loket på kista kalla Martin Luther for "nådestolen". Moderne bibelomsetjingar kallar det for "soningsloket", og på soningsloket var det to mektige englar, to kjerunar i massivt gull med vengjene sine peikande framover mot kvarandre, og mellom vengjespissane var senteret for Guds mektige nærvær i sitt folk. Med ei lov skjult i kista, var også alle synder utraderte for Guds andlet, for synd er lovbrot, og lovbrot kan berre definerast ut frå lov. 

Alt det paktkista var for israelittane, og meir til, er Jesus for oss.

Kyrkjelyden er Guds bustad, eller hus om du vil. Hans familie. Hans hushald.  Når me samlast, kastar me oss ned for hans fotskammel, og me ber: "Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad."

Tenk om me kan oppleva og erfara det i kyrkjelydane våre at Herren finn ein kvilestad hos oss, ein plass han kjenner seg heime, ein plass der det er lett å bli kjent med han, ein plass som verkar attraktiv på falne syndarar, som Jesus gjorde det i sitt jordeliv. Men skal Jesus trivast hos oss på ein måte som gjer at han får lyst til å vera permanent nær på ein sterk måte, må me ta eit definitivt oppgjer med alt som har snike seg inn i liva våre av synd og syndige haldningar og tenkemønster. 

Israelittane hadde paktkista med seg i krig, og då vann dei gjerne i kampen. 

Jesus har sendt oss ut i krigen for å disippelgjera nasjonane, og ekspandera Guds rike på bekostning av djevelens rike. I denne gode striden er han med oss alle dagar så lenge verda står. Me skal få rekna med det. 

Når kyrkjelyden din blir ein kvilestad for Herren, då blir det gode tider i lokalsamfunnet. Då veit folk kor dei skal gå for å finna Gud. Det skjer når me (som alle er prestar) kler oss i rettferd, dvs trur på Jesus, og ropar av fryd. Lite er så attraktivt som glede. 

Det ber om skal skje også i vår forsamling, for Jesu skuld, han som er vår Davids son og Davids konge, sant menneske og sann Gud. 


lørdag 26. april 2025

Salme 132,1-5

 Ein song til festreisene.

Herre, kom i hug David

og alt han heldt ut!

2 Han svor til Herren,

gav Jakobs Mektige ein lovnad:

3 «Eg vil ikkje gå inn i huset mitt,

ikkje leggja meg i senga,

4 ikkje unna meg blund på auga

og ikkje la augneloka kvila

5 før eg har funne ein stad for Herren,

ein bustad for Jakobs Mektige.»


Salme 132 er mektig lesnad, og kong David blir med sin iver for Herren og Herrens hus framstilt som eit føredøme for komande generasjonar. Me må hugsa av David hadde vore død i lang tid då denne salma vart skriven, og ho peikar framover mot Jesus. 

David førte paktkista opp frå Obed-Edom sin låve og til Jerusalem. Dette les me om i 2.Krønikebok 15. Det skjedde under stor jubel og med song og musikk. I Jerusalem vart kista ståande i Davids tabernakel, eit stort telt fullt av lovsong 24/7. Dette avspeglar Davids hjarta. Han elska Herren, og han elska å stå Herren nært, og tilbe og lovsynga han. For kor vil Gud bu? I hjarto til dei som elskar og hyllar han. Han bur ikkje i hus laga av hender, men i audmjuke mennesker som ikkje kan leva utan han, og som ikkje finn ro utan at dei har  nærkontakt med Gud, og før dei har etablert eit fellesskap av truande menneske som Gud kviler i, der hans nærvær er "tett" og der hans gjeringar skjer. 

torsdag 17. april 2025

Salme 131

1 Ein song til festreisene. Av David.

Herre, hjartet mitt er ikkje hovmodig,
auga mine er ikkje stolte.
Eg går ikkje med tankar
som er for store og underfulle for meg.

2 Nei, eg har fått mi sjel til å vera stille og roleg
som eit lite barn hos mor si.
Som det vesle barnet, slik er mi sjel i meg.

3 Israel, vent på Herren
frå no og til evig tid!

v.1-2. Å vera kristen er å vera eit enkelt barn av Gud. Det handlar ikkje om å vera mest kunnskapsrik eller flinkast i klassen. Det handlar ikkje om å kunna framvisa suksess. Det er lett å falla i den grøfta. Det handlar om å vera elska av Gud og å elska Gud, som det er når eit lite barn har funne roen hos mora si. 

Denne salma er til alle stressa kristne som har lyst å bli sett, høyrt og anerkjent av andre som gjerne har gjort det betre i kristenlivet. Slutt med denne kavinga. Det betyr ingenting kva andre synst om deg. Det einaste som betyr noko er at Gud elskar deg, og han elskar deg nett like høgt som han gjer med dei som gjer det godt og som alltid er i rampelyset. 

v.3 Du kan slappa heilt av, og har Gud større planar med di teneste for han enn dei du ser faldar seg ut i dag, kan du trygt venta på han og hans time. Du blir aldri noko meir enn barn av Gud uansett. Den største verdien har du allereide casha inn, min ven. 

tirsdag 25. mars 2025

Salme 130,5-8

5 Eg set mi von til Herren, eg lengtar,

eg ventar på hans ord.

6 Mi sjel ventar på Herren

meir enn vaktmenn på morgonen,

vaktmenn på morgonen.

7 Vent på Herren, Israel!

For hos Herren er miskunn

og kraft til å løysa ut.

8 Han skal løysa Israel ut

frå alle deira synder.

 Vers 5-6

Me lever i usikre tider. Kva kan me håpa på? Det er mange som spør slik. Bibelen svarer oss: me kan håpa på Gud, han er både vårt evige håp, og vårt daglege håp. Når det gjeld det å komma gjennom døden og dommen på ein heilskinna måte, klyngar me oss til Jesus. Når det gjeld dei massive problema som kan reisa seg framfor oss og rundt oss her i livet, så er det jammen Jesus me klyngar oss til då også. Me ventar på hans ord, på hans rettleiing, og me speidar etter svara hans som vaktmenn speidar etter morgonlyset. Me veit at han alltid er hos oss. Men det kan ta tid før han viser oss neste trekk. Då er det viktig at me ventar, og ikkje berre finn på ting i panikk og handlar før Gud talar.

Vers  7 er ei oppfordring om å vera tolmodig og venta på Herren med den grunngjeving at "hos han er det miskunn og kraft til å løysa ut."  For ei forunderleg sanning dette er. Heile bibelhistoria demonstrerer Guds miskunn og kraft til å frelsa, som då Gud førte Josef ut av fengselet i Egypt etter 13 år i fangenskap. Likeeins då han førte Israel ut av Egypt, gjennom Raudehavet og Sinai og inn i det landet han hadde lova dei. Heile Bibelen handlar om Guds miskunn og kraft til å løysa ut, og alle tydelegast ser me det då Jesus Kristus døydde på våre vegne og for våre synder på krossen slik at Gud no kan tilgje oss når og så lenge me trur på Jesus. 

Vers 8 er ein profeti om at heile Israel ein dag skal ta imot Jesus som sin Messias og slik bli løyst frå alle sine synder. Eit heilt folk og eit heilt land herleg frelst. Då blir det tider med lindring og trøyst for Israel, og for verda forøvrig ei tid då millionvis av menneske kjem til tru, blir atterfødde og levandegjort ved Den Heilage Ande. 

fredag 21. februar 2025

Salme 130,1-4

Ein song til festreisene.

Frå djupet ropar eg til deg, Herre.

2 Herre, høyr mi røyst!

Vend øyret til mitt rop om nåde.

3 Dersom du, Herre, vil gøyma på synder,

Herre, kven kan då bli ståande?

4 Men hos deg er tilgjeving,

så vi skal frykta deg.

Vers 1-2

Salmisten ropar til Gud frå djupet. Og då tenkjer eg på Jesus. Hans kamp i Getsemane, og ropet hans frå krossen: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg. 

I dag sit det titusenvis av kristne menneske i skitne, fuktige og kummarlege fengselsceller og ropar til Gud frå ein svært djup plass i liva sine, som tilfelle var også for Josef, Jeremia, Peter, Paulus, Johannes, Savonarola, Johan Huss, William Tyndale, John Bunyan, Hans Nielsen Hauge, Georgij Vins, Richard Wumbrand, og i skrivande stund: Malihe Nazari, Joseph Shahbazian og Mina Kahjavi i Iran 

Og så blir kristne råka av alvorlege sjukdomar, og frå djupet ropar dei til Herren om nåde og hjelp. 

Djupet er den plassen i livet som du ikkje kan koma deg ut av med eigne krefter. Du må frelsast ut. 

Det er det salmisten ber om her når han ber om nåde. 

Vers 3

Ingen menneske kan bli ståande om Gud skulle handsama oss etter våre synder. Dersom Gud skulle samla på syndene våre og døma oss etter dei, ville alle gått fortapt. 

Vers 4

Dette verset er triumferande og fullt av trøyst. Kva finn me hos Herren når me kjem til han? Tilgjeving. Gud er ei uuttømmeleg kjelde av tilgjeving. Og for oss som lever i den nye pakts tid: Denne enorme rikdomen har Jesus betalt for, og me får nåde og tilgjeving gratis hos Gud for Jesu skuld. 

Og kvifor gjev Gud oss nåde? Kvifor gav han sonen sin som ei soning for våre synder? Forat me skal frykta han. Gudsfrykt er ein udelt positiv sak i Bibelen. Det er det nye sinnet, den nye innstilling og mentalitet som me får hos Gud når me kjem til han for å få nåde. For nåden er to ting: Tilgjeving og ein ny natur. Peter kallar det guddommeleg natur, og den syner seg på den måten at me anerkjenner og beundrar Gud som den Høgste, at me lyder han, elskar det han elskar og hatar det han hatar. Det er gudsfrykt, og gudsfrykt er målet for frelsa. 


torsdag 30. januar 2025

Salme 129,5-8

5 Måtte alle som hatar Sion,

dra seg tilbake med skam!

6 Måtte dei bli lik gras på taket,

som visnar før ein får slege det.

7 Den som haustar det, får ikkje handa full,

den som samlar, får ikkje fanget fylt,

8 dei som fer framom, seier ikkje:

Herrens velsigning vere over dykk!

Vi velsignar dykk i Herrens namn!

Det er lov å be om at alle gudlause ideologiar og krefter skal visna bort og forsvinna ut av historien. Det er lov å be om at alle som reiser seg mot Kristus, hans ord i Bibelen  og hans sanne kyrkje skal rykkast opp før dei blomstrar. Det er lov å be om at alle som ønskjer å stoppa munnen på Kristi vitner i verda sjølv skal måtta teia. Det er det som skjer i dette avsnittet. Sion er Guds forsamling, og alle som hatar denne forsamlinga, hatar også Gud og hans ord. Dei stenger Guds velsigning ute frå liva sine.