tirsdag 31. juli 2012

Salme 29,9b-11

9 Herrens røyst får hindene til å kalva,
ho gjer skogane snaue.
Alt i hans tempel ropar: «Ære!»
10 Herren tronar over himmelhavet,
Herren skal trona som konge for alltid.
11 Herren gjev folket sitt kraft,
Herren velsignar folket sitt med fred.

9 Herrens røyst får hindene til å kalva,
ho gjer skogane snaue.
Alt i hans tempel ropar: «Ære!»

10 Herren tronar over himmelhavet,
Herren skal trona som konge for alltid.
11 Herren gjev folket sitt kraft,
Herren velsignar folket sitt med fred.

V.9: "Alt i hans tempel" er eit uttrykk for alle truande menneske. Dei har det kjennemerket at dei alltid ærer Gud, prisar og takkar han for den han er og for alt han gjev.

V.10: Himmelhavet er truleg eit uttrykk for atmosfæren som dekker jorda som havet dekker  havbotnen. Salmisten vil gjerne skildra for Guds totale herrevelde. Han gjer autoriteten og krafta si gjeldande over alt.

V.11: Denne krafta gjev han folket sitt, og den treng me, for me kan ikkje gjera Guds gjerningar utan i Guds kraft. For me har som oppgåve her i verda å hevda Guds rett på land og hav, i by og bygd, i djupe skogar og i ørkenområda, der nomadestammene vandrar frå vasskjelde til vasskjelde.

For at me skal kunna stå i dette, treng me hans fred, hans "shalom". Denne freden er ikkje fråvere av konflikt, men den indre harmoni me får når me overgjev liva våre heilt til Gud og underordnar oss hans ord i alle ting. Denne freden gjev oss ein stabilitet og ei tyngd som gjer at ein vert ståande fast i livet sine mange stormar utan å falla frå Gud i synd og vantru.

fredag 27. juli 2012

Salme 29,3-9

Dette avsnittet har til overskrift "Herrens røyst". Gud talar til oss gjennom naturfenomen. Dette kalla me "den allmenne openberringa", den som alle menneske kan forstå utan å høyra evangeliet. Me kan lesa meir om dette i Romerbrevet kapittel 1 frå vers 18. Gud talar gjennom øydeleggjande naturkrefter. Han knekker og splintrar sedertre på Libanon, og får Sirjonfjella til å hoppa (jordskjelv), han spreier eld og gjer skogane snaue. Slik talar han til menneska om sin dom over synd. Når slikt skjer, er det et kall frå Gud til omvending. Men det er også han som velsigner oss med alt godt og får hindane til å kalva. Eit nyfødd liv er eit mirakel av Guds ord som fortel oss om Guds stordom og omsorg for oss. Mange trur og seier at Gud ikkje straffar oss. Men det er feil. Han straffar oss,ikkje for å bedrøva oss, men for at me skal gå i oss sjølve, sanna syndene våre og venda om til han. Men Guds velgjerningar er alltid større enn hans straffedom, tusen gonger større.

onsdag 25. juli 2012

Salme 29,1-2

Ein salme av David.
       
          Gudesøner, gjev Herren ære!
          Gjev Herren ære og makt.
         
   
 2 
Gjev Herren den ære hans namn skal ha,
          bøy dykk for Herren i heilag prakt!

          

v.1: Gudesøner kan vera englane (jmf Jobs bok kap.1), men kan også vera eit uttrykk for menneske i og med at me er skapte i Guds bilete. Eg får for det siste alternativet. Det er lite naudsynt å oppmoda englane til å lova Gud, dei gjer det med glede heile tida, er oppslukt av å æra Gud, men det er heilt naudsynt å oppmoda menneska til å gjera det, for me gløymer det heile tida og vender hjarta og sinn mot det som høyrer denne verda til, det prosaiske, og ofte mot det syndige, og dersom me ærar nokon eller noko, rettar me beundringa mot oss sjølve, andre menneske, vitenskapen eller kunsten. Me ærar det skapte framfor Skaparen. Slik er det falne menneske. Men her vert me oppmoda om å venda om til Gud og gje HAN ære og makt, for det er han som fortener det, og ingen andre.

Gud har all makt i himmel og på jord. Det viktigaste med dette er at HAN HAR UINNSKRENKA MAKT TIL Å TILGJE OSS SYNDENE VÅRE. Men då må me overgje fortida vår, livet her og no og framtida i hans hender. Gjev me han makt, attreiser han oss som sanne søner og døtre og let fritt koma til seg når det måtte høva for oss, og me får vera med han så mykje me ønskjer det. Me er blitt barn i hans hus. 

Den som gjev Herren ære ved å følgja hans ord og prisa hans namn, opplever at Guds kraft aukar på i livet. Ein får autoritet i den åndelege verda, og folk opplever seg tiltalt av Gud når ein snakkar, demoniske makter må vika når ein byr dei og sjukdomar må sleppa taket i møte med Guds lækjande kraft i den kristne

v.2: Herrens namn skal ærast frå sola står opp til ho går ned, meiner eg det står ein plass. Han skal ærast for å ha skapt oss og alle ting, for at han tek vare på oss og held alt oppe med sitt ord, at han har frelst oss, at han sender oss ut i verda for å tena han i hans kraft. 

Å bøya seg for Herren er å anerkjenna hans autorietet over sitt eige liv, og ta inn over seg det han talar til samvitet om. Gjer me det, kler han oss i heilage klede. Han ber oss ikkje om å lappa på livet og gjera så godt me kan, men han tilreknar oss Jesu rettferd av nåde. Den som ser og forstår dette, er eit lukkeleg og fritt menneske.


mandag 23. juli 2012

Salme 28,6-9

  6 Velsigna er Herren,
          for han høyrer mi bøn!
        
   
 7 Herren er mitt vern og mitt skjold,
          mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp.
          Hjartet jubla, med song vil eg prisa han.
        
   
 8 Herren er eit vern for sitt folk,
          ei tilflukt som bergar den han har salva.
        
   
 9 Frels ditt folk og velsigna din eigedom!
          Ver du deira hyrding
          og ber dei alltid!

 v.6: Representerer eit vendepunkt i salma. Klage blir vendt til lovsong. Mange salmer har eit slikt vendepunkt. Salmisten har bore fram bøna si, så får han svar, og responderer med å velsigna Herren. 

David velsignar Herren. Å velsigna betyr rett og slett å tala vel om, eller tala vel til nokon. Når me betrur Herren at me set pris på han, velsignar me han. Andre omsettingar har valt "lova vere Herren". Det er eitt og det same. Uttrykket som er brukt på hebraisk kan omsetjast på begge måtar. 

Han velsignar Herren fordi han er blitt bønhøyrt. Kontakten mellom han og Gud er gjenoppretta, og det er ein lovsong verd.  

v.7: er eit sterkt og fint personleg vitnemål. Det går att overalt i Salmane at Gud vernar folket sitt, og når dette går frå teori til erfaring, blir me glade, og me prisar Gud med song. 

I vers 7 utvidar David det som han har erfart til å vera ei sanning som gjeld for alle som trur. Han bergar den han har salva. I GT var det kongen, øvstepresten og profeten som var salva. I NT er alle truande salva av Den heilage ande. I 1.Korintarbrev 1, 21 les me "Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud", og i 1. Johannesbrev 2,20: "Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga." 

v.9 er ei fin bøn å be. Den frelsa det er snakk om her er utfriing av all type naud og fare. Det treng me å be om for kristne. Ofte er dei i ein utsett posisjon, som me har snakka om før. Når Herren velsignar vert det som er lite, stort. Brødunderet lærer oss alt om dette. Me treng at Herren velsignar orda og liva våre slik at det vert til mat for mange. 

Til slutt ber han om at Gud skal vera hyrding for folket sitt og bera det framover. Det er ei bøn om nærvær, leiing og det å gå framover i Guds kraft. Slik kan me be for kvarandre. 



 

 

lørdag 21. juli 2012

Salme 28,1-5

Til deg, Herre, ropar eg.
          Mitt berg, tei ikkje, vend deg ikkje frå meg!
          Svarar du meg ikkje,
          blir eg lik dei som har gått i grav.
         
   
 2 Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp,
          når eg lyfter hendene mine
          mot Det høgheilage i ditt tempel.
         
   
 3 Riv meg ikkje bort med dei skuldige,
          med dei som gjer urett.
          Dei talar venleg med sin neste,
          men har vondskap i hjartet.
         
   
 4 Gjev dei att for det dei har gjort,
          for deira vonde handlingar!
          Gjev dei att for det hendene deira har gjort!
          Lat dei få det dei fortener!
         
   
 5 For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar,
          det han gjer med sine hender.
          Han skal riva dei ned
          og ikkje byggja dei opp 

v.1-2: David ropar til Herren og ber han om ikkje å venda seg frå han. Samfunnet med Gud var sjølve livet for David, og dersom han mista dette samfunnet, ville han bli som eit dødt menneske. Han var det som me i dag vil kalla for ein sann kristen. 
Han løfta hendene mot "det høgheilage" i Guds tempel, dvs. mot Gud sjølv, mot den plassen der Guds vreide over Davids liv vart utsont ein gong kvart år med det offeret som øvstepresten bar fram for han, for seg sjølv og for folket. For oss som lever i den nye pakt er denne plassen Jesu Kristi kross syndene våre vart utsletta ein gong for alle av Jesus, Guds lam, som kom for å bera bort all verdas synd. Pga Jesus har me grunn til å tru at bønene våre når fram til Far, og pga Han får me koma til Far i heilage klede og nyta fellesskapet med han. Jesus er svaret på Davids bøn. 

v.3: Alle menneske er skuldig til evig fortaping. Slik er det fordi alle gjer urett. Ingen kan me sitt eige strev vega opp for syndene sine. Den som har synda èin gong, har brote lova og kan ikkje koma inn i himmelriket utan å innrømma syndene sine, venda om frå vondskapen og falskheiten sin og stola på Jesu frelse. Alle andre vil bli bortviste av Gud. David ber om å få sleppa ein slik lagnad. Han tek ikkje frelsa som ein sjølvsagt ting, og ser at om ikkje Gud vaktar han, vil han ikkje kunna klara å bli ståande i nåden. Kristne i dag syner lite av denne innsikten. Dei tek frelsa som noko sjølvsagt. Det er eit dårleg teikn.

Ikkje mange, kanskje ingen, predikantar talar over vers 4-5 i dag.  Går det an å be Gud om å straffa dei som gjer vonde handlingar? Er ikkje det lite fromt? Bør me ikkje heller be han om å frelsa dei? Vel, det eine treng vel ikkje utelate det andre. For det er viktig at dei som ruler med vondskapen sin blir stoppa og straffa av Gud, for møter dei ikkje Guds dom, vil dei aldri finna på å søka Guds frelse. "Dei kjenner ikkje Herrens gjerningar" betyr at dei ikkje anerkjenner Herrens gjerningar. Dei hevar seg over Gud og innfører sine eigne reglar kun til fordel for seg sjølv. Det er vondskap, og det er legitimt å be Gud om å straffa slike folk, for dei utøver stor skade med gjerningane sine, og i våre dagar er dei mange. Folk som våre dagar driv med mafiaverksemd, menneskehandel, forfølging av minoritetar (og særleg av kristne), og korrupsjon treng at Gud riv dei  ned og ikkje byggja dei opp.
 

 

torsdag 19. juli 2012

Salme 27,11-14

  
   
11 Herre, lær meg din veg
          og lei meg på jamne stigar, for eg er omgjeven av fiendar.
        
   
12 Gjev meg ikkje over til grådige fiendar!
          For falske vitne står opp imot meg,
          menn som trugar med vald.
        
   
13 Men eg er viss på at eg skal sjå
          kor god Herren er, her i livsens land.
        
   
14 Set di von til Herren!
          Ver frimodig og sterk,
          ja, set di von til Herren!

v.11: Når me har rota oss bort, er det heilt legitimt å spørja kjentfolk om vegen. Ikkje noko flaut i det. Tvert om. Det er klokskap. I den åndelege verda er Jesus kjentmann. Skal me finna fram til Gud og nå hans mål med liva våre, må me be Jesus om leiing. Og Jesus svar på vår bøn er: "Følg meg!" Det er ingen annan måte å nå fram til Gud og hans mål med liva våre enn å følgja Jesus og pleia nærkontakt med han. Å tru på Jesus er å tru på han slik at du følgjer han. Me må følgja han som kjenner vegen, og då må me gå der han går og leva som han gjorde medan han var i mellom oss. Kor går Jesus idag? Som alltid går han til dei fortapte og ulukkelege for å kalla til omvending og etterfølging, og formidla himmelsk kraft og kjærleik inn i folks liv. Det er å gå "jamne stigar". Det er trua og kjærleikens veg. Jesus har ingen interesse av at du skal snubla deg gjennom livet, men at du skal gå med faste steg utan falla for kvar meter du bevegar deg. Lever du i tru og kjærleik, vil dette gå bra. Men fjernar du deg frå Jesus og begynnar å leva for deg sjølv og dine eigne interesser, blir falla og skadane mange. Då er du i fiendens vald, for han er aldri langt borte frå deg, og Jesus er den einaste som kan verna deg mot hans listige åtak (Efesarbrevet 6,11 ff).

v.12: Guds barn er i verda men ikkje av verda. Forfølging og falske vitnemål er ein del av familiens kår, i alle fall så lenge familien gjer det han er kalla til å gjera: forkynna evangeliet, tala dei undertrykte si sak, løfta opp dei fattige, lækja dei sjuke og setja fri dei som er bundne av djevelen. Den som driv på med slikt, får kjørt seg. Han/ho handlar i strid med det folk flest oppfattar som sant og rett og godt, og det dukkar opp ein trong i dei til å kritisera eller sogar kjempa mot slike  "trongsynte" kristne, og dei kan bli skikkeleg urimelege, og som me veit, i mange land og kulturar endar det opp med vald. Mange titusen (nokre meiner så mange som 160 000) kristne vert drepne for trua si kvart einaste år. Dette er menneske som har nådd målet, som går inn i "landet åt dei levande", der dei uhindra får sjå kor god Herren er (v. 13). I den norske omsettinga skriv dei "HER i livsens land." Men dette ordet HER finn eg ikkje i nokon andre omsettingar. Der er det tydeleg at "livsens land" ikkje primært er HER, men DER. Likevel: Guds rike er kome nær, og det evige livet startar her. Ved trua på Jesus lever me i alt det som ein dag skal koma i kraft og herlegdom, og himmelens krefter og Guds søte nærvær kjem til oss porsjonsvis medan me følgjer Jesus på vår reise gjennom jordlivet.

v.14 er igjen ei oppfordring om å venta på Herren, at han skal gripa inn i liva våre og syna kva Han er god for, eller at han skal koma igjen for å døma levande og døde. Dette er ikkje tome ord. Ingen av dei som ventar på Herren skal bli til skamme. Difor kan me vera sterke og uforsagte og gå framover med stor tillit til at Jesus er med oss og stadfestar ordet me deler ut med under og teikn av ulike slag.

onsdag 18. juli 2012

Salme 27,7-10

 7 Høyr, Herre! Eg ropar høgt.
          Ver meg nådig og svar meg!
        
   
 8 Eg kjem i hug at du har sagt:
          «De skal søkja mitt andlet.»
          Ditt andlet søkjer eg, Herre.
        
   
 9 Løyn ikkje andletet for meg!
          Vis ikkje din tenar bort i vreide,
          du som har vore mi hjelp.
          Gud, min frelsar,
          støyt meg ikkje frå deg, forlat meg ikkje.
        
   
10 Om far og mor forlèt meg,
          vil Herren ta imot meg.

v.7: David ropar høgt til Herren. Det er eit uttrykk for intens bøn.  Det står mykje om å ropa i Bibelen. Dei som er i naud ropar til Gud (Salme 107), serafane i himmelen ropar til kvarandre "Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot", evangelistar ropar på høgdene. Hos oss er det stillfarande eit ideal når me skal uttrykka oss for Gud og kvarandre. Men ikkje i Bibelen. Der er det legitimt å ropa og trykkja på når du ber, lovsyng eller forkynner evangeliet. 

David veit at han fortener ikkje hjelp frå Gud, men han appellerer til Guds nåde. Gud har sjølv kopla bøna og nåden. Me les hos profeten Sakarja at Gud vil ausa ut over Israel "bøna og nådens Ande". Bøna er i seg sjølv ein nåde, og når me ber, ber me til Gud som er full av nåde. Men me treng Anden for å forstå dette, for han er sendt oss for å tolka Guds hjarta for oss, for at me skal kunna lesa av og forstå det som er i djupet av Gud, og der finn me den godleiken me er skapte for og som me lengtar etter å svømma i. 

I vers 8 svarar Gud David. Og svaret kjem i form av ei påminning. Gud minnar David om ordet sitt. Slik svarar Gud både titt og ofte dei som ber.  Me har alltid våre førestellingar om korleis Gud skal hjelpa oss, men Gud ser lenger og djupare, og han vil ha oss med på det han held på med, og difor svarar han med å openberra nye sanningar i Ordet for oss. Johannes døyparen opplevde dette i fengslet. Han ville så gjerne at Jesus skulle demonstrera sin messianske gjerning med å koma å fri han ut, men Jesus svara han med å minna han om eit ord frå Jesaja, og dette ordet gav Guds villmann den hjelp han skulle ha. I Salme 107,20 les me at Gud "sende sitt ord og lækte dei og fria dei frå grava."


Og dette er også mitt vitnemål. I djup naud hjalp Gud meg ved å minna meg på eit ord frå han eg hadde høyrt. Det gav stor forløysing.

"De skal søkja mitt andlet," var ordet som kom til David. Det gav bøna ein ny retning. Når me ber er me ofte fokusert på det som me manglar. Slik misser me perspektivet. For det handlar ikkje om oss og våre behov. Det handlar om Gud og hans brennande ønske om å ha fellesskap med oss. Gud inviterer oss inn i sitt fellesskap, og når me "ser" lyset og gleda i Guds andlet, hans aksepterande smil, og høyrer hans "du er min", då blir det som før var stort, smått, og det som før var smått, stort. I Salme 23 får me dette illustrert så fint i vers 1 når David skriv: "Herren er min hyrding, EG MANGLAR INGENTING." 

v.9: Så blir det berre èin ting som vert viktig for han å be om, om å få sjå Gud, om å få finna roen innved Guds hjarta, om ikkje å bli bortvist frå han som han har levd med, tent og elska i årevis. For eit truande menneske er det berre èin ting som er farleg: Å stella seg slik at ein kjem bort frå Gud i sitt hjarta. Det skjer når ein avviser Guds ord. Og den som det gjer, vil bli vist bort frå Gud på den siste dag. David skjelv ved tanken. Men ingen er så store i Guds rike at ein ikkje kan falla. Det visste David etterkvart alt for godt. Det er eit teikn på eit sunt åndsliv at ein erkjenner at dette kan skje. Det skal hjelpa oss å sanna syndene våre, og avvisa alt som vil inn i liva våre som ikkje er av Gud. 

v.10 er et ord rett inn i vår tid. Så mange barn i våre dagar veks opp utan dagleg kontakt med èin av foreldra, og ofte er det far som manglar. Den anglikanske presten Mark Stibbe snakkar om "den farlause generasjonen", og han har skrive ei framifrå bok som nyleg kom ut på norsk: "Far, hvor er du?" (Prokla-Media/Luther 2012). Dei siste åra har han leida organisasjonen Farther`s House Trust (www.fathershousetrust.com) der alt handlar om å møta den farlause generasjonen (i England er situasjonen enno verre enn i Noreg)  med Guds gode og sterke farsskap. Å lytta til Stibbe når har forkynner om dette (og mangt anna) er ei stor oppleving. Han er ein mann som har opplevd dette sjølv, og han har ein stor bank av forteljingar å dela frå om menneske som har fått fylt tomromma sine med Gud, som er Far for alle, og som har opplevd sjeleleg og kroppsleg lækjdom då Gud kom inn. 

Mark Stibbe under ein konferanse i IMI-kirken i Stavanger 6.-8. juni i år