tirsdag 10. juli 2012

Salme 25,8-11

 8 ט Herren er god og rettvis,
          difor viser han syndarar vegen.
         
   
 9 י Han lèt dei hjelpelause ferdast rett
          og lærer dei sin veg.
         
   
10 כ Alle Herrens stigar er miskunn og truskap
          mot dei som held hans pakt og hans bod.
         
   
11 ל For ditt namn skuld, Herre,
          tilgjev mi synd, for ho er stor!

I vers 8 slår David fast enno ein gong at GUD ER GOD. Det kan ikkje seiast for ofte. Han vil deg berre det som godt er, uansett kva som skjer i livet ditt. Sjølv når du syndar, er du elska. Også når det skjer, har Gud ein grunnleggjande positiv innstilling til deg, slik at når du kjem til han med synda di, syner han deg vegen ut av uføret som du har hamna i. Denne vegen er JESUS. "Eg er vegen" sa Jesus i Johannes 14,6. Han er vegen til Far, vegen til reint samvit, vegen til nytt mot, vegen til ny kraft, vegen til himmelen. 

Her høver det å omtala vers 11. Der ber David om at Gud for sitt namn skuld må tilgje han hans mange store synder. Guds namn er identisk med Gud sjølv. Slik er det over alt i Bibelen. Ser du evangeliet i dette? Du forstår: Når Gud tilgjev deg, er det for si eiga skuld han gjer det. Jo, han veit nok at du har store fordeler av tilgjevinga, men saka er: Gud tilgjev deg fordi du er så viktig for han at han ikkje kan tenkja seg å gå vidare utan deg.  Slik står di frelse på uvanleg sikker grunn, ho står fast i Gud og har si grunngjeving i han åleine.

At Gud er rettvis, betyr at han alltid følgjer sine eigne reglar. Det kan me berre stola på. Og i denne samanhengen er regelen slik: "Men dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett." 1.Johannes 1,9. Gjennom tilgjevinga attreiser han oss,og gjennom reinsinga foredlar han oss slik at synda taper makta si i liva våre. 

Gud har ein brennande trong i seg etter å frelsa syndarar (1. Timoteus 2,5). Difor sender han kvar truande (utan unnatak) ut for å dela Ordet med dei fortapte, og difor jobbar han på skjult vis med enkeltpersonar og folkegrupper slik at dei er klar til å ta imot evangeliet når dei får det forkynt.

v.9: Det er dei "hjelpelause", dei "audmjuke" (king James) eller dei "elendige" (Lutherbibelen) som er mottakelege for Guds lærdom, dei som innser og innrømmer at dei i alle ting kjem til kort innfor Guds krav til rettferd og heilagdom, dei som sørgjer over seg sjølv, dei som er "fattige i ånda" (Matteus 5,2), dei som ikkje kan betala for seg hos Gud. Det er desse som får sjå Jesus, som får fryda seg over hans frelse og som blir fylt av Anden slik at dei kan læra andre Guds veg. Slike menneske ber himmelen med seg under si vandring på jorda.

v.10: Guds vegar betyr her måten han behandlar oss på. Når me held hans pakt og bod, møter han oss med truskap og sanning. Kva betyr så dette? Det skjer noko med kvart menneske som blir frelst: Den treeinige Gud kjem og tek bustad i vedkomande. Det går ikkje umerka hen, nei det fører til ei total endring, "alt blir nytt", skriv Paulus i 2. Korintarbrev 5,17, og det første som skjer er at personen blir fylt av kjærleik til den kjærlege Gud og til hans ord og vilje. Ein sann kristen elskar rett og slett Gud og hans bod.  Ja, "har sin lyst i Herrens lov og grundar på henne natt og dag." Salme 1,2. Når lova ikkje lenger kan fordøma oss, blir ho til stor glede og nytte for oss. Me når aldri heilt opp til henne, men ho slår oss ikkje lenger ned, men lokkar oss vidare i det som er godt og rett. Det fører oss inn i ein ny livsstil der det ikkje lenger handlar om å samla skattar på jorda, men i himmelen, og i jakta på fortapte som me kan velsigna og  frelsa, er me heilt avhengige Gud, både når det gjeld økonomi og bodskap, for det me held på med er overnaturlege greier, og "utan meg kan de ingenting gjera", sa Jesus. Og han sa at han trufast ville vera med oss kvar dag, og dela med oss av sine ressursar frå sitt forrådsrom i himmelen (5.Mosebok 28). I himmelen finst rett og slett alt som trengst av økonomi, sanning og åndskraft til å realisera misjonsbefalinga. 

mandag 9. juli 2012

Salme 25,4-7

  4 ד Herre, lat meg kjenna dine vegar.
          Lær meg dine stigar!
        
   
 5 ה Lat meg få vandra i di sanning,
          lær meg, for du er Gud, min frelsar!
          Til deg set eg alltid mi von.
        
   
 6 ז Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,
          som er frå evig tid.
        
   
 7 ח Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder!
          Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god.

 I vers 4-5 ber David om å få kjenna Guds vegar, og læra seg hans stigar. 
Det er avgjerande at me veit kor Guds vegar går, for elles kjem ingen av oss fram til Guds mål.

Livet er komplisert. Ingen har full oversikt, og me treng alle be om Guds leiing, ikkje berre når me skal ta store avgjerer, men også i vår dageleg vandring med Gud. Me treng å vita kven Gud vil me skal besøka, kven me skal hjelpa, kven me skal vitna for og kven me skal gje eit profetisk ord. 

Kor går Guds vegar? Til dei fortapte. Jesus sa: "Eg er komen for å leita etter det som var fortapt for å frelsa det." Og me er kalla til å følgja han. Den som ikkje går med Jesus til dei fortapte, går ikkje med han i det heile tatt. 

Når det gjeld måten me lever liva våre på, leider Gud oss primært gjennom sitt ord. Der lærer han oss å tru på Jesus og elska og lova Han ovar alle ting, å elska nesten vår som oss sjølve, tilgje våre skuldmenn, elska fiendane våre, vitna om Jesus i ord og gjerning, be uavlateleg, vera trufast mot ektefellen vår,  å leva reint og ærleg osv. I Guds ord, Bibelen, finn me usvikeleg rettleiing slik at me kan bli frelst og leva rett på alle livsens område. 

Gud vil aldri leida nokon mot sitt eige ord. Dersom ein kjenner seg leida til noko som strir mot Ordet, er ein utsett for djevelens leiing og ikkje Guds. 

Men Herren leider også ved Anden. Han kan tala til oss gjennom syner, draumar, profetiske ord osv. Men alt dette må prøvast på Bibelen, og aller helst må det også stå "søskenprøven" om det er ei større sak det er tale om. 

I vers 6 minnar han Gud om hans miskunn og hans kjærleik. Han vil at Gud skal tenkja på han med dette som utgangspunkt. Dette er eit godt ord å kvila i: Guds miskunn og kjærleik er frå æva av og skildrar Gud slik han er når alt kjem til alt: Han er full av miskunn, ømme kjensler overfor oss som får han til å gripa inn i liva våre når me treng det. Slik ER Gud. Det er godt å vita for oss alle.

I vers 7 ber han Gud om å ikkje straffa han pga dei syndene han gjorde då han var ung, men, enno ein gong, vurdera han  i lys av sin eigen godleik. 


Mange menneske har tunge syndeminner å bera på. For desse er bøna i vers 7 meiningsfull. Stadig dukkar smerten opp i sinnet over det ein gjorde og var med på. Det har så vanskeleg for å sleppa taket, det er som "ein torn i kjøtet". Paulus kjende så godt til dette. Han ergra seg heile livet over at han hadde forfølgt Guds kyrkje, og meinte at var det nåde for ein slik som han, den største av alle syndarar, måtte det vera nåde for alle. Då er det godt å vita at det ikkje er nokon fordøming for den som er i Kristus Jesus. Dei største og styggaste syndene tok han med seg opp på krossen for at dei aldri meir skulle synast for Gud. Det er gjort, og kan ikkje gjerast ugjort. Ære vere Gud for det.







søndag 8. juli 2012

Salme 25,1-3

Av David.
       
          א Herre, eg lyfter mi sjel til deg.
         
   
 2 ב Min Gud, til deg set eg mi lit.
          Lat meg ikkje bli til skamme,
          lat ikkje fienden fryda seg over meg!
         
   
 3 ג For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme,
          til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender.
         
   


Som du ser er denne salma  atrostisk, dvs vers 1 startar med "a", vers 2 med "b" osv. Det er mange slike salmer, og den mest kjende av dei er 119 der dei 8 første versa startar med "a" og dei 8 neste med "b". Poenget med å byggja salma opp slik er sjølvsagt at det skulle hjelpa folk å hugsa betre. 

Salme 25 er definert som ei individuell klagesalme, men med sterke innslag av tillit. 

v.1: David lyftar sjela si opp til Gud. Det er to ting eg vil framheva med dette uttrykket. For det første: Me er ikkje hjelpelause, me kan løfta sjela vår opp til Gud, og hos han finn me alt me treng for dette livet og for det som kjem. Me er skapte til samfunn med Gud, og Gud har gjennom Jesus gjort seg tilgjengeleg for oss 24/7. Og apostelen Paulus skriv i Kolossarbrevet 3: "Sidan de då er oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, det Kristus sit ved Fars høgre hand." For oss som er kristne og har fått Anden, er det naturleg kvar dag å venda hjarta, sjel og sinn oppover mot Gud, han som elskar oss så inderleg og har forløyst oss frå alle våre synder ved Jesu Kristi blod. Hos Gud er sjela vår heime. Der finn ho ro, som barnet ved mors bryst.

Det andre eg vil framheva er dette: Mange gongar kan alt verka veldig stengt for oss her i verda. Me ser ingen utveg med tanke på å koma oss vidare i livet, problema er store og alle vegar ut ser ut til å vera stengde. Men det er ikkje sant. Vegen oppover mot Gud er open. Den kan ingen stenga, for den har Jesus opna, og der Han opnar, kan ingen menneske og ikkje noko åndsmakt stenga. 

v.2: David stolar på Gud. Det har han all mogeleg grunn til. Alle har grunn til å stola på Gud. For Gud er sann og truverdig i alt han seier og gjer. Gud elskar at me stolar på han. Det gjer du og eg også. Tillit fører til fellesskap, mistillit til brot og oppløysing av fellesskap. Det gjeld mellom oss menneske, og det gjeld i vårt høve til Gud. Dersom me mistrur Gud, misser me samfunnet med han. Sjølvsagt. Tillit til i botnen av alt ekte fellesskap. 

Så ber han: "Lat meg ikkje bli til skamme, lat ikkje fiendane mine triumfera over meg." Denne bøna er vanleg i salmane, og den er difor heilt legitim for oss også å be. Å bli til skamme er å gå på moralske nederlag, bli avslørt, tatt på fersken så og seia og av den grunn bli sett ned på av andre.Verda kan vera nådelaus slik. Det veit alle som på negativt vis kjem i media sitt søkelys. Me har vore vitne til mange slike saker dei siste åra.

Evangeliet i dette er at GUD ER EIN GUD SOM TEK VARE PÅ SINE BARNS RYKTE OG RESPEKT I SAMFUNNET. Ikkje på den måten at han fører oss utanom forfølging, vanskar og trengsler, men slik at me midt i alt som måtte vera vanskeleg har ein framtoning og framferd som skaper respekt til og med hos våre fiendar. Slik kan dei aldri triumfera over oss på den måten at dei finn "lik i skapet", for det er ingen der. Me lever ope og liketil, og alt i liva våre tåler dagens lys.

v.3. Her slår han fast at "ingen som ventar på Herren skal bli til skamme." Det inneber for det føste at alle som satsar liv og framtid på at Jesus lever og skal koma att i herlegdom for å døma levande og døde, dei skal bli frikjent og frelst i domen. 

For det andre: Bibelen talar mykje om "å venta på Herren" for ting som har med dette livet å gjera. Å venta på Herren er eit uttrykk for å tru. Me ønskjer at ting skal ordna seg raskt og effektivt. Men Gud har betre tid enn oss, og let oss stå i ein smerte for å fremja høgare og edlare mål med liva våre. Men slik pedagogikk forstår ikkje me så godt. Me skjønar ikkje vitsen med å ha det trøblete, og lurer på om Gud har gløymt oss eller om han rett og slett ikkje finst. Det er sjøkvsagt tullete tankar. Gud gløymer oss like lite som ei mor gløymer barnet ho ammar, men oppdreg oss ved å føra oss gjennom utfordringar som pressar oss nærare han, og når me er hos Gud med liva våre, kan han fylla oss me gode kvalitetar som me elles ikkje kunne fått del i.  Det er ikkje alt som går fort her i verda. Å bygga karakter tek tid, det veit Gud. 

Mange av dei problema me kjem opp i skuldast dårlege val me sjølv har teke. Det har ingenting med Guds oppseding av oss å gjera. Likevel vil Gud bruka dette til vår fordel dersom me erkjenner feila våre og tek dei oppgjer som er naudsynte for å koma nokonlunde heilskinna vidare. Hos Gud er det gjenoppretting å finna for følgjene av eigen dårskap.

Men nokre skal bli til skamme, og det er dei som er trulause utan grunn, dei som forlet Gud i hjarto sine, dei som strir mot han og forkastar både lov og evangelium. Desse skal stå att med skam den dagen domen skal fellast over liva deira. Det er ein trist sorti for menneske som var så høgt elska.

lørdag 7. juli 2012

Salme 24,7-10 del 2

I dag må me sjå på det esjatologiske med dette avsnittet.
Esjatologi betyr "læra om dei siste ting." 

Det er ein nær samanheng mellom det missiologiske og det esjatologiske perspektivet på denne teksten, og det blir hovudpoenget i denne betraktninga.

Desse 4 versa peikar også fram mot Jesu gjenkomst. Ein dag skal han koma att i herlegdom for å etablera sitt evige rike, frelsa alle som trur og døma levande og døde. Det blir ein retur i triumf.

Nokre seier at dette kan skje når som helst. Men det er ikkje rett. Det er to ting som må vera på plass før Jesus kjem att: evangeliet om hans rike må forkynnast som eit vitnemål for alle folkeslag (Matteus 24,14), og det manglar ein god del på det, og så må Israel og jødefolket bli frelst, for han vil koma att som respons på ein spesiell invitasjon frå det frelste Israel. Han sa like før han vart drepen (Matteus 23,37-38):
37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38 Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! 39 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier:
          ‘ Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»


Dette er interessant. Kan me påverka Guds timeplan her? Ja, avgjort. Me kan framskunda Herrens dag, skriv Peter i sitt 2. brev kap.3 vers 14. Det skjer ved å støtta misjon retta mot unådde folkeslag og mot det jødiske folket. Både jødar og heidningar treng evangeliet, skriv Paulus, men jødane har førsteretten på det, for det kom frå dei. Og dessutan: Når jødane kjem til tru, vil djevelen verta paralysert og folkeslaga vil opna opp for Jesus på ein heilt ny måte. I Romerbrevet 11,15 les me: 15 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død! Den største vekkinga som verda har sett, ligg like framfor oss og begynnar når Israel, Guds eige folk, vert frelst ved trua på Jesus Messias. Når dei opnar portane sine for Han, vil alle andre folkeslag også gjera det, og når målet for misjonen er nådd, kjem Jesus att og den sæle tida kan begynna då det ikkje lenger er urett, død, gråt og sorg, den tida då Gud sjølv skal tørka tårene av augo våre og den evige festen kan begynna. Kven opnar Jesus porten inn til sitt rike for? For alle som opnar porten inn til sitt liv for han.

fredag 6. juli 2012

Salme 24, 7-10

 7 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
        
   
 8 «Kven er då kongen, den herlege?»
          « Herren, sterk og mektig,
           Herren, mektig i strid.»
        
   
 9 «Lyft dykkar hovud, de portar,
          ja, lyft dykk, de eldgamle dører,
          så kongen, den herlege, kan koma inn!»
        
   
10 «Kven er han då, kongen, den herlege?»
          « Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.»

I dag er me komne til det siste avsnittet i denne salma, eit avsnitt med ei sterk profetisk ånd i seg.

Kongen er Messias, den som er salva. Det er Han som rid inn. Kven er så denne Messias? Han er Herren. GT teiknar altså eit klårt bilete for oss at den komande frelsarkongen skulle vera både Gud og menneske, synleg og avgrensa konge og evig, uendeleg Gud. Dette er Jesus. Det er berre han som er slik. Og slik måtte han vera for å kunna frelsa oss.

Først skal me sjå på avsnittet ut frå eit misjonsperspektiv. Jesus kjem til oss gjennom Guds ord forkynt i Andens kraft. Når han melder seg, må me opna opp for han og ikkje stenga han ute. Han er kongen over heile jorda (v.1), og har rett til å regjera over alle menneske. Når han seier før himmelfarten at han har fått all makt i himmel og på jord, er det dette han meiner: Han har retten til all makt i alle menneskes liv. Rett og makt er det same ordet på gresk: exousia. Det som skjer er altså at når evangeliet blir forkynt, kjem Jesus  til oss menneske for å få sin rett, sin exousia, og når han har fått sin rett, blir det til vår frelse.

I dag inntar Jesus by etter by, folk etter folk, menneske etter menneske. Der evangeliet blir forkynt i Andens kraft, der bankar Jesus på. Han vil inn for å råda og velsigna, begge deler.

Me ser og  høyrer om enkeltpersonar som opnar for Jesus og slepp han inn. Det blir stor forandring. Men det skjer også at heile lokalsamfunn opnar for Jesus. Ikkje så mykje hos oss i våre dagar (men det har hendt før, ikkje minst under Haugevekkinga. I ei bygd i Sogn var det berre lensmannen og presten til slutt som ikkje var omvendt til Gud). Men slike ting har skjedd mange stader opp gjennom historia, og det skjer i dag. Eitt døme er det plaga Karenfolket i Burma der alle kom i laupet av 1800-talet. Ein av deira eigne profetar hadde sagt at Y`wa (Gud), som dei ein gong hadde svike, skulle koma tilbake til dei gjennom ein "kvit bror" som skulle ha med seg "Y`wa si tapte bok", og då den engelske baptistmisjonæren Adoniram Judson og hans medarbeidarar dukka opp i 1817, visste karenane kva det handla om. Dei "opna dørane" sine og ønskte Jesus velkomen inn i liv og samfunn. Dei hadde venta så lenge på dette underet, og endeleg skjedde det. Jesus kom til dei gjennom "den kvite broren" som hadde med seg "den tapte boka".

I Nagaland og Mizoram, to små delstatar i nordaust-India har det i førre hundreåret vore store og gjennomgripande vekkingar. 90% av befolkninga er no kristne, og dei sender ut misjonærar i fleng både til andre delstatar i India og til andre land. (Kjelder: Don Richardson: "Forberedt for evigheten.! Prokla-Media 1991 og Operation World  YWAM 2010). Kong Jesus, Herren, kom til dei og gjesta dei på overnaturleg vis. Mark Dupont fortalde oss ein gong at det i Nagaland synte seg ein lysande kross på himmelen i lang tid, med det resultat at folket kollektiv kom til Kristus. 

Me syng: "Kom hellig Ånd med skapermakt, opprett hva synd har ødelagt." Det er ei ufatteleg god bøn. Me treng i Noreg så sårt besøk av den overnaturlege Gud. Me treng at Han stig ned til oss og byr oss opna dørane slik at han kan koma inn og herska over liva våre, og me ber han: "Kom til oss og ta din rette plass som konge i liva våre!" Og me ropar til kvarandre: "Opna portane dine, slepp kongen inn og gje han ære og nyt hans gåver!"

Misjonsperspektivet går saman med det eskjatologiske perspektivet, men det får me koma attende til i morgon.

torsdag 5. juli 2012

Salme 24,3-6

v.3-4: "Å gå opp på Herrens berg og stå på hans heilage stad", er ein metafor for å ha samfunn med Gud. Spørsmålet blir då: Kven får ha samfunn med Gud? Det seier seg sjølv at det er viktig for oss menneske å få svar på dette spørsmålet. I vår evangeliske tradisjon vil me seia: Dei som trur på Jesus. Punktum. Men det er for upresist. I følgje dette avsnittet må svaret utvidast på denne måten: Dei som trur på Jesus på ein slik måte at dei er viljuge til å venda om til han, søka hans ansikt, erkjenna, bekjenna og gjera opp for sine synder både på ytre og indre plan, og la seg forvandla av Han. Det er meir og meir vanleg blandt folk at dei gjerne vil tru på Jesus utan å innretta seg etter hans ord. Det er eit åndeleg sjølvbedrag. I starten av sin karriere forkynte Jesus: "Tida er fullkomen, Guds rike er nær, vend difor om og tru på evangeliet!" Gud fordrar at me vender om. Alle som får ein alvorleg diagnose er straks viljuge til å leggja om livskursen for å bli kvitt sjukdomen sin. Enno viktigare er det for folk som lever i synd å venda seg bort frå denne og til Jesus for å få tilgjeving og behandling for dei skadane synda har gjort i sjela.

Dersom eit menneske trur på Jesus og held fram i synda, er det som å leggja plaster på ein kreftsvulst. Det fører ikkje til lækjedom. Det gjev falsk tryggleik. 

Tru utan omvending er ei dø tru som ikkje fører nokon som helst inn i samfunnet med Gud.

v.5: Men når me vender om og tek eit oppgjer med gudløyse, arroganse, ureinskap, steling, baktale, løgn og fanteri (for å nemna noko), lever i lyset, kan me nyta godt av Jesu fullbrakte frelsesverk, og me får velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, vår frelsar. David er veldig klar over at me ikkje kan etablera vår eiga rettferd sjølv. Den må me få som ei gåve frå Gud, og dersom denne gåva er det du elskar høgast her i verda, og det du rosar deg av innfor Gud og menneske, er det eit teikn på at du er der du skal vera.

v.6: Då er du fødd på nytt og tilhøyrer  "den slekta som spør etter Herren" og "søkjer hans ansikt".  Det er gode uttrykk. Sanne kristne likar å lesa Bibelen for å vita kva Gud har bestemt, kva han tenkjer og ønskjer, og dei likar å bruka tid saman med han i einerom for å finna ut kva som ligg på hans hjarta for denne tida, ja, for dagen i dag. Og Gud løner alle som søkjer han, det er sikkert som lås.

onsdag 4. juli 2012

Salme 24,1-2

Salma har 3 deler:
1) v.1-2 Skaparen og det skapte
2) v.3-6 Vilkår for samfunn med Gud
3) v.7-10 Gud er kongen som vil inn til oss

v.1 slår fast at heile jorda med alle hennar ressursar høyrer Herren til. Det gjer naturlegvis også alle menneske som befolkar jorda. Ingen tilhøyrer seg sjølv og kan me rette leva for seg sjølv. Me tilhøyrer Herren, og det er vårt kall som menneske å leva for han. Dei som lever for seg sjølv, bryt det første bodet og lever i alvorleg synd sjølv om dei er snille og kjekke, ærlege og redelege.

Det er underleg dette. Folk ser på drap, hor, tjuveri og løgn som alvorlege synder, men å stenga Gud ute frå livet er for dei fleste ikkje alvorleg i det heile. Men frå Guds synstad ser det annleis ut. Å leva for seg sjølv er å frårøva Gud det som er hans. Å fornekta Gud er å fornekta sitt opphav, og den som det gjer, har gått inn i ein alvorleg personleg konflikt med Skaparen av himmel og jord.

Gud har skapt oss i ein hensikt: Han ville at me skulle fryda oss i hans fellesskap, elska kvarandre og saman med han realisera hans planar med skaparverket. Når me stenger han ute, vert alt dette forpurra. Me bommar på sjølve målet med liva våre. Det går like bra med oss som med ein fisk som ønskjer å leva livet sitt uavhengig av vatnet han har rundt seg.

Gud har skapt alt, og difor har han eigedomsretten til alt og alle. Me er hans verk, og han skapte oss til og for seg sjølv. Augustin uttrykkjer dette sterkt i "Confessiones": "Gud, du har skapt meg til deg, og sjela mi er uroleg i meg inntil ho finn kvile i deg."

Det er mykje tale om autonomi og sjølvstende i våre dagar. Me vil vera frie menneske, og blandar lett saman fridom og uavhengighet. Å vera fri er ikkje å vera uavhengig, men å vera avhengig av Gud og bunden til han og våre medmenneske med kjærleikens sterke band. Guds kjærleik er vårt rette livselement. Berre i den er me frie nett slik som små barn berre er frie når dei er med far og mor som elskar dei.

Bak alt det skapte finn me Guds evige kjærleik, den som alltid har vore og alltid vil bli. Du og eg er objekt for denne kjærleiken kvart sekund i døgeret.

"Herren har grunnlagt jorda på hav og grunnfest henne på strøymande vatn", les me. Dette avsnittet peikar attende til den første tida då jorda var heilt dekka av vatn og Guds ande som sveiv over havdjupa. Det er mangt å seia om dette, men vatn er eit vilkår for alt liv. Ikkje noko levande kan klara seg utan det, det er eit fundamentalt element i tilværet.

Det gjeld også for vårt åndelege liv. Gud har, gjennom dåpen, gjort vatnet til det midlet som han sameinar oss med  den oppstadne Kristus gjennom. Det er eit mirakel som tanken din skal få kvila i. Ved dåpen vart alle Guds rikdomar og goder, og alt det Jesus gjorde for deg på krossen, overført til deg, og det vil tilhøyra deg så vera så lenge som du held fast på Jesus som din Herre og frelsar.

framhald i morgon, vonleg