mandag 18. mars 2013

Salme 33,1-4

Rop av fryd for Herren,
          de rettferdige!
          Det er rett at dei rettskafne
          syng lovsong.
         
   
 2 Pris Herren til lyre,
          spel for han på tistrengja harpe!
         
   
 3 Syng ein ny song for han,
          spel vakkert og rop med jubel!
         
   
 4 For Herrens ord er sant,
          alt han gjer, kan ein lita på.


v.1 I Bibelen blir me ofte oppmoda til å ropa. Ropa ut vår lovsong til Gud. Ropa ut kallet til omvending og tru. Ropa ut dei gode nyheitene om Jesus Kristus. Den stillfarne åndelege beskjedenheten finn me lite av i Bibelen. Den er ein meir moderne konstruksjon.  Bibelsk fromheit er ekstrovert. Heilt klart. 

Det er RETT å lovsynga Gud, seier salmisten. Då må det vera GALT å ikkje gjera det. "Dei rettskafne" er då dei som stolar på Gud, gjer det han påbyr og som lovar og takka han for alle ting. Det er den einaste rette måten å leva på. 

v.2: Lyre er eit strengeinstrument. Lovprisning treng ikkje vera vokal. Den kan vera instrumental. Det er mykje tilbeding i god musikk. Musikken kjem frå Gud, og me gjev han tilbake ved å spela for han. Johann Sebastian Bach laga alle sine musikkstykket til Guds ære. Då David spela på harpe for Saul, veik den vonde ånda bort frå han. Det er kraft frå Gud i den musikken som kjem frå Gud.

v.3: Me blir her oppmoda til å laga nye songar for Herren. Kvar tid har sine songar, sin uttrykksmåte. Me lever i ei tid då Gud auser nye lovsongar utover si kyrkje, og når me syng og prisar Gud, ryddar me ei plattform for hans kraftfulle nærvær. "Herren tronar på Israels lovsongar":  

Så må me øva. Gud vil at me skal syngja vakkert. Det kommuniserer best. Me må strekka oss etter kvalitet. Ikkje så fort bli fornøgde. Rart at me så raskt i kristen samanheng slår oss til ro med at "det er godt nok." Kan noko vera godt nok for Gud? Han som i GT gjorde det klart at dei offer som skulle berast fram skulle vera lytelause? Han ville ha det beste. Det vil han i dag også. Han vil ha det beste av oss. Me må rett og slett øva. 

v.4: For Herrens ord er sant. Bibelen er sann. Det er ingenting der du ikkje kan stola på. Lever du etter Bibelen kan du ikkje gå feil. Går du imot Bibelen, bommar du på Guds mål med livet ditt. Det kjem ikkje noko godt ut av det. 

Kva gjer Gud? Han driv misjon og byggjer si kyrkja. Å stola på "alt det han gjer", er å rekna med at det han driv på med er det rette å driva på med, og så bli med han på dette store prosjektet. 

fredag 15. mars 2013

Salme 32,10-11

10 Den urettferdige har mange plager, men den som set si lit til Herren, kransar han med miskunn.
11 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige. Bryt ut i fagnadrop alle de ærlege av hjarta.

“Den urettferdige” er eit menneske som ikkje gjer rett og skil for seg korkje andsynes Gud eller nesten. Han/ho pådreg seg mange plager. Kvifor? Fordi synda er skadeleg i seg sjølv, og fordi ein ved å synda misser Guds vern mot demoniske makter som verda er full av.
Å vera rettferdig er å setja si lit til Herren, og den som er i Gud, har eit mektig vern. Same korleis livet artar seg, går ein rundt i ei boble av godleik,  og det skaper glede, jubel og fagnadrop. Vel. Det skulle ha gjort det. Men ofte går Guds barn berre rundt og ber dette inni seg, difor ruskar David i oss her og seier: Gled dykk! Og: Bryt ut i jubel! Det er betimelig.

torsdag 14. mars 2013

Salme 32,8-9

 8 Eg vil gjera deg vis og læra deg
 den vegen du skal gå,
          eg vil la mitt auge kvila på deg
          og gje deg råd.
       
   
  9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
          Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
          elles kjem dei ikkje til deg.


v.8 Det er Gud som talar her. Gud er klok, og han formidlar klokskap til sine trugne. Kva er klokskap? Det er å å på hans vegar. Intelligens er ikkje det same som klokskap, og dersom folk me høg IQ ikkje går på Guds vegar, kallar Gud dei for dårar. 

Det hebraiske ordet for å læra er "yarah". Det betyr å skyta beint og treffa målet. Gud har eit overordna mål med liva våre. Dette formidlar han til oss gjennom ordet sitt.  Dersom me bommar på dette, syndar me.  Denne delen av verset handlar altså om å leva rett etter Guds ord. 

Guds råd (hebraisk "ya`as") derimot tyder rettleiing i konkrete situasjonar. Det handlar om Andens leiing gjennom syner, draumar, profetiar, audisjonar, bilete eller umiddelbar indre overtyding om kva som er rett og tenleg å gjera. I Romarbrevet 8 les me at "dei som vert drivne av Guds ande, er Guds barn". Og Jesus seier i Johannes 10: "Mine sauer høyrer mi røyst." 

Gud vaker over oss. Han har auga sitt på oss. Det må me tru. Gud er årvaken, som ei mor eller ein ein far er det i tider då barnet treng det spesielt. Gud har full oversikt, og når han gjev råd, er det kvalifiserte råd, gode råd, basert på kunnskap og omsorg. Det er ingen risiko med å følgja råda hans, sjølv om det kan sjå slik ut frå vår synsvinkel.

v. 9: Gud vil at me skal følgja han friviljug utan tvang. Det har han glede av. Men me gjer ikkje alltid det. Profeten Jonas er vel det beste døme i Bibelen på ein som Gud måtte tvinga til å gjera det han hadde fått beskjed om. Han var som ein hest som Gud måtte styra med taumar og beksel. Det hender i våre dagar også at Gud tvingar folk på plass. Å tenkja slik er imot vår inngrodde humanistiske filosofi om at me har fri vilje og at Gud gjev oss frie val. Då Paulus møtte Jesus utanfor Damaskus, får me vel seia at Gud nærast tvang han inn i sitt rike, og mange vil nok også i dag vitna om at dei har vore utsette for denne Guds tvang, og dei seier gjerne: Hadde det ikkje vore for dette, ville eg aldri ha funne Gud, blitt frelst eller gjort det rette. Men det ideelle for Gud er at hans trugne les Ordet, lyttar til Anden og umiddelbart gjer det som Gud formidlar til dei. Då blir det fortgang i Guds gjerningar. 


onsdag 13. mars 2013

Salme 32,6-7

6 Difor skal alle trugne
          be til deg i tider med trengsle.
          Om det kjem ein veldig flaum,
          skal vatnet ikkje nå dei.
         
   
 7 Du skjermar meg,
          du vernar meg mot naud,
          med frelsejubel omgjev du meg. 




Vers 6: "Dei trugne" er dei som trufast held seg til Gud og hans ord. Desse kan trøstig be til Gud i vanskelege tider, og dei vil få hjelp. 

"Ein veldig flaum" er ein metafor for store ulukker, og for Guds dom (jmf syndfloda). Gud løftar dei trugne opp slik at dei ikkje vert råka av øydelegging. 



v.7. Gud skjermar alle som søkjer ly hos han, og han vernar dei mot naud, og omsluttar dei med frelsesjubel. Alle frelste har jubel inni seg. I tillegg blir det jubel rundt dei, og det må då vera andre frelste som syng til Guds ære. Me kan trygt ta dette som ein lovnad om vekking, for når vekkinga kjem, lyder det frelsesjubel rundt oss på alle kantar.
         

tirsdag 12. mars 2013

Salme 32,5

 5 Då sanna eg mi synd for deg,
          og mi skuld dekte eg ikkje over.
          Eg sa: «Eg vil sanna
          mine brot for Herren.»
          Og du tok bort mi syndeskuld. 


Då David vart avslørt av profeten Natan, sanna han synda si, og Herren la eit dekke over henne. 
Når me prøver å gøyma syndene våre, ligg dei opne for Gud. 
Når me avdekkar dei, dekkar Gud dei til. Dette er himmelens logikk.

Det er ikkje sjølvsagt at dei som vert avslørte innrømmer feila sine. Mange nektar. Andre bortforklarer. Men det fører ikkje til fridom. Skal me bli fri for syndene våre, må me innrømma dei for Gud med rette namn. Då lettar børa. Så lenge me lyg for oss sjølve, Gud og vår neste, kviler Guds hand tungt på oss og gudslivet dunstar bort. Først vert vitaliteten, gleda, den kristne iveren og energien borte. Så døyr me innvendig. Det skjer når Anden forlet oss. Det er ein tragedie. Det visste David. Difor bad han i Salme 51: "Ta ikkje din Heilage ande frå meg!" 

Anden trivest berre der sanninga råder. Han er Sanningsanden, og difor bur han berre hos ærlege menneske som let Bibelen definera sanning og løgn.


tirsdag 5. mars 2013

Salme 32,1-4

Sæl er den som får sine brot tilgjevne
          og sine synder tildekte!
        
   
 2 Sælt er det mennesket
          som Herren ikkje tilreknar skuld,
          som i si ånd er utan svik.
        
   
 3 Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
          medan eg stønna heile dagen.
        
   
 4 For dag og natt
          låg di hand tungt på meg.
          Mi livssaft svann
          som i heten om sommaren. 


v.1: Sæl = lukkeleg, eller kanskje me skal seia "lukkelege omstende". Det er ein objektiv tilstand heva over kjenslelivet. Ei gravid kvinne er lukkeleg over sin tilstand sjølv om ho er kvalm. 
Folk som er tilgjevne er i lukkelege omstende uansett korleis livet elles ser ut fordi dei er Guds barn. 

v.2 Å vera kristen er ikkje å vera syndfri, men å vera eit menneske som ikkje vert tilrekna sine synder av Gud. Gud ser rett og slett bort frå syndene til alle som trur på Jesus. Så enkelt er det.
Den som får oppleva den usvikelege Gud slik,  blir sjølv utan svik mot Gud og menneske i si ånd. Det går ei sterk påverknad frå Gud til alle som linkar seg opp til han.

v.3. David hadde minst èin periode i livet då han sat pinn fast i synd og ikkje ville innrømma flausane sine. Det gjorde han ikkje godt. Han mista kontakten med Gud, og sjela hans visna vekk. Det vart mykje stønning. Dette er ein allmenn erfaring. Når det ligg noko mellom oss og dei me er glade i, forsimplast samlivet, og me har ikkje lenger nokon glede av det, tvert om, og ting blir ikkje betre før me innrømmer feila våre og får ordna opp. Slik er det også i vårt høve til Gud. Så lenge me lever i ting som ikkje samsvarar med Guds gode vilje og plan for oss, blir ein vond spenning mellom oss og han, og kommunikasjonen stoppar opp inntil me har bøygd oss for han og sanna syndene våre.


mandag 4. mars 2013

Salme 31,21-25

   21 Hos deg finn dei vern
          mot overgrep frå menneske.
          Du gøymer dei i di hytte
          for tunger som kjem med klagemål.
         
   
22 Velsigna er Herren som gjer under!
          Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
         
   
23 Eg sa i min angst:
          «Eg er støytt bort frå dine auge.»
          Men du høyrde mi bøn
          då eg ropa til deg.
         
   
24 Elsk Herren, alle hans trugne!
           Herren vernar dei trufaste,
          men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
         
   
25 Ver modige og sterke,
          alle de som ventar på Herren!


v.21 er høgaktuelt for kristne som opplever forfølging av ulike slag. Midt oppi all turbulens har dei ein plass hos Gud der ingenting vondt kan nå dei, ein plass dei kan kjenna seg trygge midt i alt som trugar eksistensen deira. Det ser ut til at det er den truande som har problema, men i røynda er det forfølgjarane som er ille ute. Dei strir mot Gud, og det er med dei som med Saulus då Jesus sa til han utanfor Damaskus: "Det blir hardt for deg å kjempa mot brodden." Det er tøft å slost mot Gud.

v. 22 Gud er saman med sine midt i den kringsette byen og gjer under, og David lovar Herren sjølv om byen framleis er beleira. Det er alltid rett og godt å velsigna og lova Herren, uansett kva problem me måtte sitja med begge beina i. 

v. 23. Likevel er det eit anna perspektiv her også. David hadde faktisk tenkt tanken om at Gud hadde gjeve han sparken. Slike tankar vekker mange bønerop i den truande, og David opplevde at Herren høyrde og kom til han og forvissa han om venskap. Det at ein kristen opplever problemer av ulike slag betyr ikkje at han er forstøytt. Tvert om. Heller at Far i himmelen har ein positiv agenda med han. Det er snakk om forming av leire. Det gjer vondt, men resultatet vert vakkert dersom me i slike tider møter smerten på rett måte, dvs i tillit til Gud. Det har også denne skribenten erfart.

v.24. Herren er så inderleg god, og han fortener å bli elska. Korleis elskar me Gud? Ved å halda hans bod, seier Jesus i Johannes 14,15. Kva bod er dette: Primært kjærleiksbodet. Ingen kan elska Gud som me ikkje ser og samstundes hata våre medmenneske som me kan sjå. Alle andre bod i Bibelen er praktiske uttrykk for kjærleiksbodet. Me kan uttrykka dette slik: Me elskar Gud ved å elska hans bilete i vår neste. Det ligg noko enormt stort i dette som løftar menneske opp for oss til der me høyrer heime. Når me begynner å leita etter Gud i vår neste, vil du oppdaga store ting om Gud som me ikkje har oppdaga før. 

Herren vernar dei trugne. Kven er dei trugne: Dei som elskar Gud, hans ord og sin neste. Dei hovmodige er dei som plasserer seg sjølve øvst og som opplever at Gud og alle andre eksisterer for deira skuld, og lever deretter. Dei får att i fullt mål. Dei stiller seg utanfor Guds nåde og må 100% stå til ansvar for sine feilslegne liv sjølv. Dei trugne er dekka av Guds nåde. 

v. 25. Å venta på Herren er eit sterkt aspekt ved det å tru på han. Tru handlar i stor grad om å venta. Me ventar på at Jesus skal koma att. Me ventar på at han skal svara på bønene våre, at familien vår skal bli frelst, at nokon skal bli lækte, at det skal koma åndeleg vekking og meir til. Me er som Abraham I Romerbrevet 4 les me om han: Mot håp trudde han med håp, og han vart sterk i trua då han tenkte på Guds lovnad. Han venta på Isak inntil latterkrampen tok omgjevnadane. Han var 100 år og Sara 90.  Men det var Abraham som sto att med triumf. Isak (som merkeleg nok betyr "latter") kom, og Guds truskap vart synleg for alle. Moralen er: Trua vert styrkt ved Guds ord.