mandag 18. mars 2013

Salme 33,1-4

Rop av fryd for Herren,
          de rettferdige!
          Det er rett at dei rettskafne
          syng lovsong.
         
   
 2 Pris Herren til lyre,
          spel for han på tistrengja harpe!
         
   
 3 Syng ein ny song for han,
          spel vakkert og rop med jubel!
         
   
 4 For Herrens ord er sant,
          alt han gjer, kan ein lita på.


v.1 I Bibelen blir me ofte oppmoda til å ropa. Ropa ut vår lovsong til Gud. Ropa ut kallet til omvending og tru. Ropa ut dei gode nyheitene om Jesus Kristus. Den stillfarne åndelege beskjedenheten finn me lite av i Bibelen. Den er ein meir moderne konstruksjon.  Bibelsk fromheit er ekstrovert. Heilt klart. 

Det er RETT å lovsynga Gud, seier salmisten. Då må det vera GALT å ikkje gjera det. "Dei rettskafne" er då dei som stolar på Gud, gjer det han påbyr og som lovar og takka han for alle ting. Det er den einaste rette måten å leva på. 

v.2: Lyre er eit strengeinstrument. Lovprisning treng ikkje vera vokal. Den kan vera instrumental. Det er mykje tilbeding i god musikk. Musikken kjem frå Gud, og me gjev han tilbake ved å spela for han. Johann Sebastian Bach laga alle sine musikkstykket til Guds ære. Då David spela på harpe for Saul, veik den vonde ånda bort frå han. Det er kraft frå Gud i den musikken som kjem frå Gud.

v.3: Me blir her oppmoda til å laga nye songar for Herren. Kvar tid har sine songar, sin uttrykksmåte. Me lever i ei tid då Gud auser nye lovsongar utover si kyrkje, og når me syng og prisar Gud, ryddar me ei plattform for hans kraftfulle nærvær. "Herren tronar på Israels lovsongar":  

Så må me øva. Gud vil at me skal syngja vakkert. Det kommuniserer best. Me må strekka oss etter kvalitet. Ikkje så fort bli fornøgde. Rart at me så raskt i kristen samanheng slår oss til ro med at "det er godt nok." Kan noko vera godt nok for Gud? Han som i GT gjorde det klart at dei offer som skulle berast fram skulle vera lytelause? Han ville ha det beste. Det vil han i dag også. Han vil ha det beste av oss. Me må rett og slett øva. 

v.4: For Herrens ord er sant. Bibelen er sann. Det er ingenting der du ikkje kan stola på. Lever du etter Bibelen kan du ikkje gå feil. Går du imot Bibelen, bommar du på Guds mål med livet ditt. Det kjem ikkje noko godt ut av det. 

Kva gjer Gud? Han driv misjon og byggjer si kyrkja. Å stola på "alt det han gjer", er å rekna med at det han driv på med er det rette å driva på med, og så bli med han på dette store prosjektet. 

Ingen kommentarer: