tirsdag 19. mars 2013

Salme 33,5-9

 5 Han elskar rettferd og rett,
          jorda er full av Herrens miskunn.
         
   
 6 Ved Herrens ord vart himmelen skapt,
          heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
         
   
 7 Han samla havvatnet som i eit kar,
          la havsens djup i forråd.
         
   
 8 Heile verda må frykta Herren,
          alle som bur på jorda, må skjelva for han.
         
   
 9 Han tala, og det skjedde,
          han baud, og det stod der.


Vers 5 er ein slags dublett. Den andre linje forklarer den første, dvs. rettferd og rett handlar om miskunn. I Bibelen er rettferd utan godleik utenkjeleg. Rettferd er altså noko langt meir enn likebehandling. Det er å møta menneske med godleik. Det gjer Gud. Jorda er full av hans miskunn. Korleis skal me skjøna det? For det første: Gud let sola si skina over rettferdige og urettferdige. Han utøver ein dagleg omsorg overfor alle menneske og alle skapningar, ein omsorg som me kan kalla for FORSYN.  For det andre har han sendt ut sitt evangelium om nåde og frelse i Jesus Kristus til alle folk nasjonar (Matt.28,18-20). For det tredje renner han ut Anden sin over alle menneske der evangeliet vert forkynt (Joel 3,1) slik at dei skal kunna smaka Guds godleik og leva i den himmelske dimensjon.

v.6-9 er full av god skapingsteologi. 

v.6: For det første: Alt er skapt ved Guds ord. Han talte og han pusta og dermed framsto både materie og liv. Himmelen er universet. Himmelhæren er stjerner, planetar, månar, galaksar og mangt anna som er å finna der ute i djupnene av rommet. Men dette verset kan også handla om Guds himmel og englar (himmelhæren).

v.7 handlar om havet. Gud samla det på èin plass. Han skilte landjorda frå havet, les me i 1.Mos.1. Havet er eit trugsmål mot landlivet, og Gud har det under kontroll og set grenser for kor langt det kan eta seg inn på oss jordskapningar. Då syndfloda kom, vart desse grensene oppheva og livet gjekk til grunne. Men det kjem ikkje til å skje ein gong til. Det har Gud lova oss. Den siste og avgjerande domen over jorderiket kjem i form av eld. 

v.8 Det er mykje frykt i denne verda, men lite gudsfrykt. Jesus seier at det er Gud me bør frykta, han som har makt til kasta både lekam og sjel i helvete. Å frykta Gud handlar om å vera redd for mista hans søte miskunn og det livet og fellesskapet han har gjeve oss ved trua på Jesus Kristus. Misser me det, har me tapt alt som har verdi utover dette livet. 

Når me les om at alle bør "skjelva for han", er det eit uttrykk for at vår evige lagnad er i hans hender åleine. Han har det siste ord i våres alles liv. 

Eikvar brur skjelv litt på bryllaupsdagen. Ho skal opp kyrkjegolvet for å møta brudgomen og etter alle solemerker få sitt JA. 

Guds kyrkje er på veg mot sin brudgom. Ho skjelv litt, det skal ho gjera, når ho går fram for han for å få sitt endelege JA for så å gå inn til den store gleda. 

v.9: Gud er stor, ja enormt stor. Han er større enn universet, og dei siste tiåra har me forstått at det rommet me lever i har dimensjonar langt utover det folk tenkte i gamle dagar. Stjernene me ser på himmelen er frå nokre få lysår til vel tusen lysår borte. Men dei er våre aller næraste naboar. Utanfor, millionvis av lysår borte, finn me milliarder på milliarder av galaksar kvar me mange milliarder stjerner, mange av dei mange gonger større enn vår eiga sol. Kven kan fatta slike dimensjonar. Svimlar det? Dette er Guds univers. Skulle me ikkje la oss imponera av Han, skjelva litt for Han som er langt større ann alt? Den må vera litt dum som ikkje skjelv ein smule for vår GUD og gjer alt han/ho kan for å stå på godfot med HAN. Difor er det me tek imot Jesus når me blir kalla til å tru på han, følgja han og leva for han. Me skulle ikkje våga noko anna. Det er jo GUD som kallar oss, han er jo den øvste autoritet, og det tek me på ramme alvor. Så pass respekt har me. Det skulle berre mangla.



Ingen kommentarer: