8 Eg vil gjera deg vis og læra deg
den vegen du skal gå,
eg vil la mitt auge kvila på deg
og gje deg råd.
9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
elles kjem dei ikkje til deg.
v.8 Det er Gud som talar her. Gud er klok, og han formidlar klokskap til sine trugne. Kva er klokskap? Det er å å på hans vegar. Intelligens er ikkje det same som klokskap, og dersom folk me høg IQ ikkje går på Guds vegar, kallar Gud dei for dårar.
Det hebraiske ordet for å læra er "yarah". Det betyr å skyta beint og treffa målet. Gud har eit overordna mål med liva våre. Dette formidlar han til oss gjennom ordet sitt. Dersom me bommar på dette, syndar me. Denne delen av verset handlar altså om å leva rett etter Guds ord.
Guds råd (hebraisk "ya`as") derimot tyder rettleiing i konkrete situasjonar. Det handlar om Andens leiing gjennom syner, draumar, profetiar, audisjonar, bilete eller umiddelbar indre overtyding om kva som er rett og tenleg å gjera. I Romarbrevet 8 les me at "dei som vert drivne av Guds ande, er Guds barn". Og Jesus seier i Johannes 10: "Mine sauer høyrer mi røyst."
Gud vaker over oss. Han har auga sitt på oss. Det må me tru. Gud er årvaken, som ei mor eller ein ein far er det i tider då barnet treng det spesielt. Gud har full oversikt, og når han gjev råd, er det kvalifiserte råd, gode råd, basert på kunnskap og omsorg. Det er ingen risiko med å følgja råda hans, sjølv om det kan sjå slik ut frå vår synsvinkel.
v. 9: Gud vil at me skal følgja han friviljug utan tvang. Det har han glede av. Men me gjer ikkje alltid det. Profeten Jonas er vel det beste døme i Bibelen på ein som Gud måtte tvinga til å gjera det han hadde fått beskjed om. Han var som ein hest som Gud måtte styra med taumar og beksel. Det hender i våre dagar også at Gud tvingar folk på plass. Å tenkja slik er imot vår inngrodde humanistiske filosofi om at me har fri vilje og at Gud gjev oss frie val. Då Paulus møtte Jesus utanfor Damaskus, får me vel seia at Gud nærast tvang han inn i sitt rike, og mange vil nok også i dag vitna om at dei har vore utsette for denne Guds tvang, og dei seier gjerne: Hadde det ikkje vore for dette, ville eg aldri ha funne Gud, blitt frelst eller gjort det rette. Men det ideelle for Gud er at hans trugne les Ordet, lyttar til Anden og umiddelbart gjer det som Gud formidlar til dei. Då blir det fortgang i Guds gjerningar.
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
torsdag 14. mars 2013
onsdag 13. mars 2013
Salme 32,6-7
6 Difor skal alle trugne
be til deg i tider med trengsle.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.
7 Du skjermar meg,
du vernar meg mot naud,
med frelsejubel omgjev du meg.
Vers 6: "Dei trugne" er dei som trufast held seg til Gud og hans ord. Desse kan trøstig be til Gud i vanskelege tider, og dei vil få hjelp.
"Ein veldig flaum" er ein metafor for store ulukker, og for Guds dom (jmf syndfloda). Gud løftar dei trugne opp slik at dei ikkje vert råka av øydelegging.
v.7. Gud skjermar alle som søkjer ly hos han, og han vernar dei mot naud, og omsluttar dei med frelsesjubel. Alle frelste har jubel inni seg. I tillegg blir det jubel rundt dei, og det må då vera andre frelste som syng til Guds ære. Me kan trygt ta dette som ein lovnad om vekking, for når vekkinga kjem, lyder det frelsesjubel rundt oss på alle kantar.

Etiketter:
Dei trugne,
dom,
flaum,
frelsesjubel,
ulukke,
vekking
tirsdag 12. mars 2013
Salme 32,5
5 Då sanna eg mi synd for deg,
og mi skuld dekte eg ikkje over.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine brot for Herren.»
Og du tok bort mi syndeskuld.
Då David vart avslørt av profeten Natan, sanna han synda si, og Herren la eit dekke over henne.
Når me prøver å gøyma syndene våre, ligg dei opne for Gud.
Når me avdekkar dei, dekkar Gud dei til. Dette er himmelens logikk.
Det er ikkje sjølvsagt at dei som vert avslørte innrømmer feila sine. Mange nektar. Andre bortforklarer. Men det fører ikkje til fridom. Skal me bli fri for syndene våre, må me innrømma dei for Gud med rette namn. Då lettar børa. Så lenge me lyg for oss sjølve, Gud og vår neste, kviler Guds hand tungt på oss og gudslivet dunstar bort. Først vert vitaliteten, gleda, den kristne iveren og energien borte. Så døyr me innvendig. Det skjer når Anden forlet oss. Det er ein tragedie. Det visste David. Difor bad han i Salme 51: "Ta ikkje din Heilage ande frå meg!"
Anden trivest berre der sanninga råder. Han er Sanningsanden, og difor bur han berre hos ærlege menneske som let Bibelen definera sanning og løgn.

tirsdag 5. mars 2013
Salme 32,1-4
Sæl er den som får sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte!
2 Sælt er det mennesket
som Herren ikkje tilreknar skuld,
som i si ånd er utan svik.
3 Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
medan eg stønna heile dagen.
4 For dag og natt
låg di hand tungt på meg.
Mi livssaft svann
som i heten om sommaren.
v.1: Sæl = lukkeleg, eller kanskje me skal seia "lukkelege omstende". Det er ein objektiv tilstand heva over kjenslelivet. Ei gravid kvinne er lukkeleg over sin tilstand sjølv om ho er kvalm.
Folk som er tilgjevne er i lukkelege omstende uansett korleis livet elles ser ut fordi dei er Guds barn.
v.2 Å vera kristen er ikkje å vera syndfri, men å vera eit menneske som ikkje vert tilrekna sine synder av Gud. Gud ser rett og slett bort frå syndene til alle som trur på Jesus. Så enkelt er det.
Den som får oppleva den usvikelege Gud slik, blir sjølv utan svik mot Gud og menneske i si ånd. Det går ei sterk påverknad frå Gud til alle som linkar seg opp til han.
v.3. David hadde minst èin periode i livet då han sat pinn fast i synd og ikkje ville innrømma flausane sine. Det gjorde han ikkje godt. Han mista kontakten med Gud, og sjela hans visna vekk. Det vart mykje stønning. Dette er ein allmenn erfaring. Når det ligg noko mellom oss og dei me er glade i, forsimplast samlivet, og me har ikkje lenger nokon glede av det, tvert om, og ting blir ikkje betre før me innrømmer feila våre og får ordna opp. Slik er det også i vårt høve til Gud. Så lenge me lever i ting som ikkje samsvarar med Guds gode vilje og plan for oss, blir ein vond spenning mellom oss og han, og kommunikasjonen stoppar opp inntil me har bøygd oss for han og sanna syndene våre.

innrømma,
Lukke,
tilgjeving,
tilrekning
mandag 4. mars 2013
Salme 31,21-25
21 Hos deg finn dei vern
mot overgrep frå menneske.
Du gøymer dei i di hytte
for tunger som kjem med klagemål.
22 Velsigna er Herren som gjer under!
Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
23 Eg sa i min angst:
«Eg er støytt bort frå dine auge.»
Men du høyrde mi bøn
då eg ropa til deg.
24 Elsk Herren, alle hans trugne!
Herren vernar dei trufaste,
men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
25 Ver modige og sterke,
alle de som ventar på Herren!
v.21 er høgaktuelt for kristne som opplever forfølging av ulike slag. Midt oppi all turbulens har dei ein plass hos Gud der ingenting vondt kan nå dei, ein plass dei kan kjenna seg trygge midt i alt som trugar eksistensen deira. Det ser ut til at det er den truande som har problema, men i røynda er det forfølgjarane som er ille ute. Dei strir mot Gud, og det er med dei som med Saulus då Jesus sa til han utanfor Damaskus: "Det blir hardt for deg å kjempa mot brodden." Det er tøft å slost mot Gud.
v. 22 Gud er saman med sine midt i den kringsette byen og gjer under, og David lovar Herren sjølv om byen framleis er beleira. Det er alltid rett og godt å velsigna og lova Herren, uansett kva problem me måtte sitja med begge beina i.
v. 23. Likevel er det eit anna perspektiv her også. David hadde faktisk tenkt tanken om at Gud hadde gjeve han sparken. Slike tankar vekker mange bønerop i den truande, og David opplevde at Herren høyrde og kom til han og forvissa han om venskap. Det at ein kristen opplever problemer av ulike slag betyr ikkje at han er forstøytt. Tvert om. Heller at Far i himmelen har ein positiv agenda med han. Det er snakk om forming av leire. Det gjer vondt, men resultatet vert vakkert dersom me i slike tider møter smerten på rett måte, dvs i tillit til Gud. Det har også denne skribenten erfart.
v.24. Herren er så inderleg god, og han fortener å bli elska. Korleis elskar me Gud? Ved å halda hans bod, seier Jesus i Johannes 14,15. Kva bod er dette: Primært kjærleiksbodet. Ingen kan elska Gud som me ikkje ser og samstundes hata våre medmenneske som me kan sjå. Alle andre bod i Bibelen er praktiske uttrykk for kjærleiksbodet. Me kan uttrykka dette slik: Me elskar Gud ved å elska hans bilete i vår neste. Det ligg noko enormt stort i dette som løftar menneske opp for oss til der me høyrer heime. Når me begynner å leita etter Gud i vår neste, vil du oppdaga store ting om Gud som me ikkje har oppdaga før.
Herren vernar dei trugne. Kven er dei trugne: Dei som elskar Gud, hans ord og sin neste. Dei hovmodige er dei som plasserer seg sjølve øvst og som opplever at Gud og alle andre eksisterer for deira skuld, og lever deretter. Dei får att i fullt mål. Dei stiller seg utanfor Guds nåde og må 100% stå til ansvar for sine feilslegne liv sjølv. Dei trugne er dekka av Guds nåde.
v. 25. Å venta på Herren er eit sterkt aspekt ved det å tru på han. Tru handlar i stor grad om å venta. Me ventar på at Jesus skal koma att. Me ventar på at han skal svara på bønene våre, at familien vår skal bli frelst, at nokon skal bli lækte, at det skal koma åndeleg vekking og meir til. Me er som Abraham I Romerbrevet 4 les me om han: Mot håp trudde han med håp, og han vart sterk i trua då han tenkte på Guds lovnad. Han venta på Isak inntil latterkrampen tok omgjevnadane. Han var 100 år og Sara 90. Men det var Abraham som sto att med triumf. Isak (som merkeleg nok betyr "latter") kom, og Guds truskap vart synleg for alle. Moralen er: Trua vert styrkt ved Guds ord.

tirsdag 27. november 2012
Salme 31,18-20
18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
for eg ropar til deg.
Lat dei urettferdige stå med skam
og gå stille til dødsriket!
19 Lat lygande lepper tagna,
dei som talar frekt mot den rettferdige
med hovmod og forakt.
20 Kor stor di miskunn er,
som du har spart til dei som fryktar deg!
Rett framfor menneske har du vist di miskunn
mot dei som søkjer tilflukt hos deg.
v. 18: "Å bli til skamme" er lida nederlag, gå på tap. Ingen ønskjer det. Me vil helst at ting skal lukkast for oss og gå bra. Det er naturleg. Salmisten har det vanskeleg, og er redd for at alt skal gå gale for han. Han har dårlege odds. Berre Gud kan hjelpa. Difor ropar og ber han.
v. 19 skildrar problemet: det er nokon som lyg på han, hovmodige og urettferdige folk som snakkar frekt om han. Han ber om at det skal vera dei skal bli ståande med skam, og at det er dei som skal gå stille til dødsriket, den ulukka dei elles ønskjer over andre. Me kan ikkje akkurat seia at han vil dei noko godt.
v.20: Gud sparer si miskunn til dei som fryktar han, dvs dei som søkjer tilflukt hos Gud. Ingen andre plassar er vel gudsfrykt definert betre enn her.

torsdag 22. november 2012
Salme 31,15-17
Men eg set mi lit til deg, Herre,
eg seier: «Du er min Gud.»
16 Mine tider er i di hand,
fri meg frå fiendar som jagar meg!
17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,
frels meg i di miskunn!
Vers 15: Salmisten sannar at han trur på Herren, og uttrykker noko av det sterkaste eit menneske kan seia: "Du er min Gud!" At me frimodig kan sanna at Gud er vår Gud, kjem eine og aleina av at HAN seier at me er HANS. Han har skapt oss til seg, og i tillegg kjøpt oss tilbake til seg sjølv med Jesu eige blod. Me er hans i dobbel forstand. Hadde det ikkje vore for dette, kunne ingen ha sagt desse orda: "Du Gud er min Gud!"
vers 16 a er fullt av god sjelesorg. Mine tider betyr fortida, notida og framtida mi. Alt som har skjedd før i livet ditt av godt og vondt formar han som ein kunstnar til noko utruleg vakkert. Fortida kan aldri ta deg att og dømma deg, for Gud har ho i sine hender, og hans hender er gjennombora, og alle syndene dine er skjult i hans sår. At notida er i hans hender betyr at du er der, i hans hender her og no, og fordi du er der, vil han bruka deg til velsigning for din neste. Guds hender er fulle av lækjedom og kraft. Denne lækjedomen og krafta får du del i slik at du kan legga dine hender på dei sjuke og lækja dei. Så er det framtida di. Den er også under Guds kontroll. Han har ein plan for deg, og han leider deg etter den planen. Der framme ligg det store ting og ventar. Han veit om nokon som han vil frelsa og tena gjennom deg og dei gåvene du har fått, og han leider deg til dei. Før han tek deg heim, skal du få sjå store og ufattelege ting, ting du i dag ikkje kjenner.
v. 17 er ei bøn om å få leva under Guds gode smil. Den som har fått sola seg i kjærleiken frå Gud, som strøymer ut frå hans ansikt, vil alltid venda attende til Han. Dei er blitt agapeofile, avhengige av samfunnet med Gud, hans godkjenning, nåde og overstrøymande godleik.
"Frels meg i di miskunn." Guds miskunn er Guds ømme medkjensle. Den dreiv Gud å ofra Jesus for vår skuld. Denne bøna om frelse som me les i dette verset, fekk sitt svar på Jesu Kristi kross. Der frelste Gud oss i si miskunn.

Abonner på:
Innlegg (Atom)