tirsdag 12. mars 2013

Salme 32,5

 5 Då sanna eg mi synd for deg,
          og mi skuld dekte eg ikkje over.
          Eg sa: «Eg vil sanna
          mine brot for Herren.»
          Og du tok bort mi syndeskuld. 


Då David vart avslørt av profeten Natan, sanna han synda si, og Herren la eit dekke over henne. 
Når me prøver å gøyma syndene våre, ligg dei opne for Gud. 
Når me avdekkar dei, dekkar Gud dei til. Dette er himmelens logikk.

Det er ikkje sjølvsagt at dei som vert avslørte innrømmer feila sine. Mange nektar. Andre bortforklarer. Men det fører ikkje til fridom. Skal me bli fri for syndene våre, må me innrømma dei for Gud med rette namn. Då lettar børa. Så lenge me lyg for oss sjølve, Gud og vår neste, kviler Guds hand tungt på oss og gudslivet dunstar bort. Først vert vitaliteten, gleda, den kristne iveren og energien borte. Så døyr me innvendig. Det skjer når Anden forlet oss. Det er ein tragedie. Det visste David. Difor bad han i Salme 51: "Ta ikkje din Heilage ande frå meg!" 

Anden trivest berre der sanninga råder. Han er Sanningsanden, og difor bur han berre hos ærlege menneske som let Bibelen definera sanning og løgn.


tirsdag 5. mars 2013

Salme 32,1-4

Sæl er den som får sine brot tilgjevne
          og sine synder tildekte!
        
   
 2 Sælt er det mennesket
          som Herren ikkje tilreknar skuld,
          som i si ånd er utan svik.
        
   
 3 Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
          medan eg stønna heile dagen.
        
   
 4 For dag og natt
          låg di hand tungt på meg.
          Mi livssaft svann
          som i heten om sommaren. 


v.1: Sæl = lukkeleg, eller kanskje me skal seia "lukkelege omstende". Det er ein objektiv tilstand heva over kjenslelivet. Ei gravid kvinne er lukkeleg over sin tilstand sjølv om ho er kvalm. 
Folk som er tilgjevne er i lukkelege omstende uansett korleis livet elles ser ut fordi dei er Guds barn. 

v.2 Å vera kristen er ikkje å vera syndfri, men å vera eit menneske som ikkje vert tilrekna sine synder av Gud. Gud ser rett og slett bort frå syndene til alle som trur på Jesus. Så enkelt er det.
Den som får oppleva den usvikelege Gud slik,  blir sjølv utan svik mot Gud og menneske i si ånd. Det går ei sterk påverknad frå Gud til alle som linkar seg opp til han.

v.3. David hadde minst èin periode i livet då han sat pinn fast i synd og ikkje ville innrømma flausane sine. Det gjorde han ikkje godt. Han mista kontakten med Gud, og sjela hans visna vekk. Det vart mykje stønning. Dette er ein allmenn erfaring. Når det ligg noko mellom oss og dei me er glade i, forsimplast samlivet, og me har ikkje lenger nokon glede av det, tvert om, og ting blir ikkje betre før me innrømmer feila våre og får ordna opp. Slik er det også i vårt høve til Gud. Så lenge me lever i ting som ikkje samsvarar med Guds gode vilje og plan for oss, blir ein vond spenning mellom oss og han, og kommunikasjonen stoppar opp inntil me har bøygd oss for han og sanna syndene våre.


mandag 4. mars 2013

Salme 31,21-25

   21 Hos deg finn dei vern
          mot overgrep frå menneske.
          Du gøymer dei i di hytte
          for tunger som kjem med klagemål.
         
   
22 Velsigna er Herren som gjer under!
          Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
         
   
23 Eg sa i min angst:
          «Eg er støytt bort frå dine auge.»
          Men du høyrde mi bøn
          då eg ropa til deg.
         
   
24 Elsk Herren, alle hans trugne!
           Herren vernar dei trufaste,
          men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
         
   
25 Ver modige og sterke,
          alle de som ventar på Herren!


v.21 er høgaktuelt for kristne som opplever forfølging av ulike slag. Midt oppi all turbulens har dei ein plass hos Gud der ingenting vondt kan nå dei, ein plass dei kan kjenna seg trygge midt i alt som trugar eksistensen deira. Det ser ut til at det er den truande som har problema, men i røynda er det forfølgjarane som er ille ute. Dei strir mot Gud, og det er med dei som med Saulus då Jesus sa til han utanfor Damaskus: "Det blir hardt for deg å kjempa mot brodden." Det er tøft å slost mot Gud.

v. 22 Gud er saman med sine midt i den kringsette byen og gjer under, og David lovar Herren sjølv om byen framleis er beleira. Det er alltid rett og godt å velsigna og lova Herren, uansett kva problem me måtte sitja med begge beina i. 

v. 23. Likevel er det eit anna perspektiv her også. David hadde faktisk tenkt tanken om at Gud hadde gjeve han sparken. Slike tankar vekker mange bønerop i den truande, og David opplevde at Herren høyrde og kom til han og forvissa han om venskap. Det at ein kristen opplever problemer av ulike slag betyr ikkje at han er forstøytt. Tvert om. Heller at Far i himmelen har ein positiv agenda med han. Det er snakk om forming av leire. Det gjer vondt, men resultatet vert vakkert dersom me i slike tider møter smerten på rett måte, dvs i tillit til Gud. Det har også denne skribenten erfart.

v.24. Herren er så inderleg god, og han fortener å bli elska. Korleis elskar me Gud? Ved å halda hans bod, seier Jesus i Johannes 14,15. Kva bod er dette: Primært kjærleiksbodet. Ingen kan elska Gud som me ikkje ser og samstundes hata våre medmenneske som me kan sjå. Alle andre bod i Bibelen er praktiske uttrykk for kjærleiksbodet. Me kan uttrykka dette slik: Me elskar Gud ved å elska hans bilete i vår neste. Det ligg noko enormt stort i dette som løftar menneske opp for oss til der me høyrer heime. Når me begynner å leita etter Gud i vår neste, vil du oppdaga store ting om Gud som me ikkje har oppdaga før. 

Herren vernar dei trugne. Kven er dei trugne: Dei som elskar Gud, hans ord og sin neste. Dei hovmodige er dei som plasserer seg sjølve øvst og som opplever at Gud og alle andre eksisterer for deira skuld, og lever deretter. Dei får att i fullt mål. Dei stiller seg utanfor Guds nåde og må 100% stå til ansvar for sine feilslegne liv sjølv. Dei trugne er dekka av Guds nåde. 

v. 25. Å venta på Herren er eit sterkt aspekt ved det å tru på han. Tru handlar i stor grad om å venta. Me ventar på at Jesus skal koma att. Me ventar på at han skal svara på bønene våre, at familien vår skal bli frelst, at nokon skal bli lækte, at det skal koma åndeleg vekking og meir til. Me er som Abraham I Romerbrevet 4 les me om han: Mot håp trudde han med håp, og han vart sterk i trua då han tenkte på Guds lovnad. Han venta på Isak inntil latterkrampen tok omgjevnadane. Han var 100 år og Sara 90.  Men det var Abraham som sto att med triumf. Isak (som merkeleg nok betyr "latter") kom, og Guds truskap vart synleg for alle. Moralen er: Trua vert styrkt ved Guds ord.

tirsdag 27. november 2012

Salme 31,18-20

18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
          for eg ropar til deg.
       
          Lat dei urettferdige stå med skam
          og gå stille til dødsriket!
         
   
19 Lat lygande lepper tagna,
          dei som talar frekt mot den rettferdige
          med hovmod og forakt.
         
   
20 Kor stor di miskunn er,
          som du har spart til dei som fryktar deg!
          Rett framfor menneske har du vist di miskunn
          mot dei som søkjer tilflukt hos deg.


v. 18: "Å bli til skamme" er lida nederlag, gå på tap. Ingen ønskjer det. Me vil helst at ting skal lukkast for oss og gå bra.  Det er naturleg. Salmisten har det vanskeleg, og er redd for at alt skal gå gale for han. Han har dårlege odds. Berre Gud kan hjelpa. Difor ropar og ber han. 

v. 19 skildrar problemet: det er nokon som lyg på han, hovmodige og urettferdige folk som snakkar frekt om han. Han ber om at det skal vera dei skal bli ståande med skam, og at det er dei som skal gå stille til dødsriket, den ulukka dei elles ønskjer over andre. Me kan ikkje akkurat seia at han vil dei noko godt. 

v.20: Gud sparer si miskunn til dei som fryktar han, dvs dei som søkjer tilflukt hos Gud. Ingen andre plassar er vel gudsfrykt definert betre enn her.

torsdag 22. november 2012

Salme 31,15-17

 Men eg set mi lit til deg, Herre,
          eg seier: «Du er min Gud.»
       
   
16 Mine tider er i di hand,
          fri meg frå fiendar som jagar meg!
       
   
17 
Lat ditt andlet lysa over din tenar,
          frels meg i di miskunn!

Vers 15: Salmisten sannar at han trur på Herren, og uttrykker noko av det sterkaste eit menneske kan seia: "Du er min Gud!" At me frimodig kan sanna at Gud er vår Gud, kjem eine og aleina av at HAN seier at me er HANS. Han har skapt oss til seg, og i tillegg kjøpt oss tilbake til seg sjølv med Jesu eige blod. Me er hans i dobbel forstand. Hadde det ikkje vore for dette, kunne ingen ha sagt desse orda: "Du Gud er min Gud!"

vers 16 a er fullt av god sjelesorg. Mine tider betyr fortida, notida og framtida mi. Alt som har skjedd før i livet ditt av godt og vondt formar han som ein kunstnar til noko utruleg vakkert. Fortida kan aldri ta deg att og dømma deg, for Gud har ho i sine hender, og hans hender er gjennombora, og alle syndene dine er skjult i hans sår. At notida er i hans hender betyr at du er der, i hans hender her og no, og fordi du er der, vil han bruka deg til velsigning for din neste. Guds hender er fulle av lækjedom og kraft. Denne lækjedomen og krafta får du del i slik at du kan legga dine hender på dei sjuke og lækja dei. Så er det framtida di. Den er også under Guds kontroll. Han har ein plan for deg, og han leider deg etter den planen. Der framme ligg det store ting og ventar. Han veit om nokon som han vil frelsa og tena gjennom deg og dei gåvene du har fått, og han leider deg til dei. Før han tek deg heim, skal du få sjå store og ufattelege ting, ting du i dag ikkje kjenner.

v. 17 er ei bøn om å få leva under Guds gode smil. Den som har fått sola seg i kjærleiken frå Gud, som strøymer ut frå hans ansikt, vil alltid venda attende til Han. Dei er blitt agapeofile, avhengige av samfunnet med Gud, hans godkjenning, nåde og overstrøymande godleik.
"Frels meg i di miskunn."  Guds miskunn er Guds ømme medkjensle. Den dreiv Gud å ofra Jesus for vår skuld. Denne bøna om frelse som me les i dette verset, fekk sitt svar på Jesu Kristi kross. Der frelste Gud oss i si miskunn.


søndag 30. september 2012

Salme 31,10-14

  10 Ver meg nådig, Herre,
          for eg er i naud.
          Auget sløvest av bitter sorg,
          pust og kropp svinn bort.
       
   
11 Livet mitt endar i sorg,
          åra mine i klage.
          Min styrke sviktar
          på grunn av mi skuld,
          beina i kroppen svinn.
       
   
12 Eg blir til spott for fienden,
          til hån for grannane,
          ei redsle for dei som kjenner meg,
          dei som ser meg på gata, vik unna.
       
   
13 Som ein død er eg gløymd av menneske,
          lik eit kar som er kasta bort.
       
   
14 For eg høyrer mange som kviskrar
          – å, redsle på alle kantar! –
          når dei samlar seg mot meg
          og legg planar om å ta mitt liv.

v.10. Dette avsnittet er ei individuell klage. David ber om nåde fordi han er i naud. Han sørgjer over syndene sine, og den psykiske påkjenninga er så stor at han får vanskar både med å sjå og pusta. Avsnittet kan godt vera ei skildring av Jesu liding på krossen.

v.11.  Salmisten har gått inn i det mørke rommet, og er i eit uløyseleg gjeldsfengsel. Det er ikkje ein gong eit strime av lys som siv inn i sinnet hans. Han misser all kraft, og opplever livet som eit enorm nederlag.

v.12. Fiendar og grannar spottar og hånar han, og folk som er vitne til lidinga hans vik unna. Han er heilt einsam i livet. Men her er det ingen empati å henta, ingen sympati, inga forståing og ingen solidaritet. 

v.13. Han vert rekna som eit dødt menneske, som jo var tilfelle på Jesu tid for eit kvart menneske som gjekk gjennom gatene med ein kross på ryggen. Ein var vraka av alle. Eit ubrukeleg kar som berre var til å kasta.

v.14. Bak alt dette var det mange koalisjonar og alliansar, forhandlingar i det skjulte, avtalar og planar som pregar slike urettvise prosessar.


tirsdag 4. september 2012

Salme 31,7-9

7 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.
          Sjølv set eg mi lit til Herren.
      
   
 8 Eg vil jubla av glede over di miskunn
          fordi du har sett mi naud,
          du kjenner mi trengsle.
      
   
 9 
Du gav meg ikkje over i handa til fienden,
          men førte meg ut i ope land.

          v.7: "Vind og fåfengd" er metaforar for avgudar. Det hebraiske ordet for avgud tyder  "ingenting". At David hatar avgudsdyrkarar høyrest dramatisk ut, men saka er at han hatar og avskyr det dei driv på med. Å dyrka andre gudar enn den eine sanne Gud, er å frårøva Gud den ære som berre tilkjem han. Det er ei krenking på linje med at ein son skulle fornekta farskapen til faren sin. I våre dagar heiter det gjerne at me skal tolerera og syna respekt for andre religionar. Men då må eg presisera: Eg tolerer at dei finst og vil sterkt hevda at dei som trur på dei får rom til å utøva trua si, men eg tolerer ikkje innhaldet i desse religionane. Dei er løgnreligionar og fører menneska bort frå Gud og ikkje til Gud, og dei frårøvar Gud det som er hans ære og forteneste åleine, skapinga og frelsa.

v.8: David har erfart at Herren har synt han miskunn i vanskelege tider. Difor jublar han. Jubel er eit sterkt uttrykk for glede. Me ser det i våre dagar helst under idrettsarrangement som ein spontan respons på ein god prestasjon. Jubel kan ikkje planleggjast, den kjem frå hjarta som ein umiddelbar begeistring over det ein har observert eller gjort. "Miskunn" er eit uttrykk for inderleg medkjensle og sympati som fører til handling. Me kan også ofte føra medkjensle og sympati med andre som har det forferdeleg, men er ofte avmektige og kan lite gjera. Gud derimot har derimot kapasitet til å hjelpa. Slik er han annleis enn oss.

Herren "kjenner" trengslene våre. Når du går gjennom ei stor smerte, er Gud i det alt saman. Når du trur at du er heilt åleine med det vonde, då er Gud der. "Å kjenna" i Bibelen er nærast å vera eitt med. Når smerten er som størst, er Gud som nærast.

v.9: David ser tilbake. Han har vore hardt trengt i krig. Men Gud har hjelpt han og førte han ut i ope lende. "Ope lende" er eit uttrykk for "trygg fridom". Erfaring med Gud styrkjer trua.
Er Gud med i krig? Sjølvsagt er han det. Det er vel vanskeleg å tenkja seg at slagmarka er eit område der menneske er overgjeve til lagnaden sin heilt åleine. Er det ein plass der det er bruk for Gud, så er det på slagmarka. I 1. Samuelsbok kap 17,47 les me at "det er Herren som rår for krigen:"