torsdag 25. september 2008

Filipparbrevet 4,1-6

V.1: Paulus var emosjonelt nært knytt opp til dei kristne i Filippi, og omtalar dei i rosande og kjærlege vendingar. Så ber han dei om å stå fast i Herren. Han veit at det ikkje alltid er like enkelt. Me er som menneske svært ustabile og lett påverkelege og må sjå på Jesus kvar dag og festa oss godt til han.

v.2: Evodia og Syntyke hadde begge stått saman med Paulus i evangeliseringsarbeidet. Dei var tydlegvis to sterke, sentrale og gode kvinner som no av ein eller annan grunn hadde roke uklår med kvarandre. Paulus ber dei om å bli vener att og få "same hug i Herren", eit uttrykk som vel uttrykkjer at konflikten mellom dei har noko med teologi å gjera.

v.3: Paulus ber Synzugus om naudsynt å hjelpa kvinnene til semje. Det er viktig for Paulus i og med at han ser på dei som gode søstre og medarbeidarar som saman med han sjølv og Klemens har stridd for evangeliet. Det må tyda på at dei også har vore forkynnarar av evangeliet. Dette kan vanskeleg skjønast på anna vis. Klemens som her er nemnd er truleg den same som vart biskop i Rom rundt år 90. Like før han døydde i år 102 skreiv han eit langt, innsiktsfullt og varmt brev til kyrkjelyden i Korint, så langt eg forstår det første av kyrkjefedrane sine skrifter som er bevarte.

v.4: Apostelen oppmodar dei kristne om å gle seg i Jesus. Uansett kva som skjer med oss kristne, har me ein stadig grunn til å gle oss. I Jesus har me forlating for syndene, barnekår hos Gud og evig liv. Det skulle vera meir enn nok til å fryda seg kvar dag. Og det er viktig, for gleda er så attraktiv. Den dreg andre menneske til Gud.

v.5: Det apostelen vil seia her er at me som kjenner Jesus må oppføra oss som gentlemenn. Me må ikkje vera bråe, aggressive og opptekne av eigne rettar, men heller opptekne av det som kjem andre til gode. Det kan me gjera fordi Herren alltid er nær hos oss og tek vare på oss.

v.6: Me kan berre overlata alt vårt til han i påkalling, bøn med takk. Me kallar på han som den Gud han er, me ber om hans omsorg, vern og hjelp og me takkar han fordi han trufast vil hjelpa oss i samsvar med løftene han har gjeve oss.

v.7 Og det første han svarar oss med er FRED, den fred som bevarer tankane våre i Jesus. Det er så viktig. For når livet vert vanskeleg, krinsar tankane våre fort rundt det vanskelege. Det er ikkje så bra, for då vert me fort sjølvopptekne og vantruande. Difor hjelper Gud oss og rettar tankane våre mot Jesus når kjem til han med det som plagar oss.

Ingen kommentarer: