torsdag 4. september 2008

Filipparbrevet 2,19-24


Timoteus er den mest undervurderte av alle apostlane. Dette trass i at to av breva til Paulus er adressert til han, og trass i at Timoteus står som medforfattar til 6 av dei 13 breva som Paulus skreiv (og to av dei andre var jo retta til Timoteus sjølv), brev som for ettertida kom til å setja standarden for all kristendomsforståing. Timoteus var heilt unik, Paulus hadde ingen som han, alle andre medarbeidarar var prega av sterke eigeninteresser i tenesta si, men ikkje Timoteus. Han var kun oppteken av velferda til dei truande og av interessene til Jesus.
Men han må ha vore litt tilbaketrekt og beskjeden av natur. Han stakk seg ikkje fram på noko vis. Difor måtte Paulus minna han på at Gud ikkje gav oss ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som verkar kraft, kjærleik og visdom.
Og fordi Timoteus var så blotta for sjølvskryt og eigeninteresser, løfta Paulus han opp, slik som her, og ville ha filipparane til å forstå at i denne stillfarande mannen var det kvalitetar utover det vanlege.
Dei kristne oppdaga sjølvsagt dette i møte med Timoteus. Dei gav han rom, og han fekk bevisa kvalitetane sin for dei truande. Dette førte til at han etter tradisjonen var vigsla til den første biskop i Efesos, og det endå medan Johannes levde og var eldste der. Han leid martyrdøden i 97 i ein alder av 80 år, etter at han forsøkt å stoppa ein heidensk prosisjon til ære for avgudar. Arrangørane slo han, drog han gjennom gatene og steina han til døde.
Timoteus bør stå som eit stort ljos for oss. Me må strekka oss etter dei same guddommelege kvalitetane som prega han. Det er sjeldan å møta slike menneske, men du kan bli ein slik, ikkje av deg sjølv, men ved å følgja Jesus tett. No er det vel slik at nokre er meir stillfarande enn andre av natur. Slik var Timoteus sitt vesen. I det skal me ikkje prøva å likna han. Alle må vera seg sjølv. Då er me best. Men me er alle kalla til å leva for andres vel og Jesu interesser. Og i det kan Timoteus vera eit stort førebilete for oss.
Paulus stolte 100% på Timoteus. Difor sende han ofte Timoteus til kyrkjelydar han ikkje kunne vitja sjølv. No ville han senda han til Filippi for å undersøka korleis det gjekk med dei truande der, og så ville Paulus koma seinare. Han venta berre på å bli fri frå fangenskapet.

Ingen kommentarer: