mandag 1. september 2008

Filipparbrevet 2,5-11

Bøn: "Herre, lat ordet ditt opna seg for meg, gje næring til trua mi og lys til forstanden. Amen."

v. 5: Jesus hadde tenarsinn. Han levde oppofrande, og tente andre på ein eksellent måte utan å ta ein denar for jobben. Han gjorde det fordi han elska menneska. Denne mentaliteten vil Paulus sjå hos filipparane, og Jesus vil sjå det i oss. Å ha eit sinnelag betyr at du ikkje berre gjer gode ting for folk i ny og ne, men at det blir ein livsstil for deg å sjå til andres vel. Det handlar om å næra djup sympati for nesten. Manglar du det? Hent det ut hos Jesus. Du har tilgang til han, og han bur i deg. Gje han rom og bruk mykje tid på å næra deg av hans sympati for deg og for dine medmenneske.

v.6-7: Det eit menneske har røva frå andre prøver det i det lengste å halda skjult for andre. Ein har lite lyst å levera det frå seg, både fordi ein likar det og fordi ein ikkje vil ha tjuveriet fram i ljoset. Slikt held ein for seg sjølv. Jesus hadde Guds posisjon og heile Guds herlegdom og rikdom. Han var i Guds likning, les me. Det er ikkje beint fram å tolka dette uttrykket rett. Men det er viktig å få fram at Jesus slutta aldri å vera Gud, sjølv om han gav avkall på den guddommelege herskarposisjonen som han hadde hatt frå æva av. Den var hans, og han innehadde den ut frå guddommeleg rett. Men noko hadde høgare verdi for han enn dette himmelske, og det var deg og meg. Han kunne ikkje tenkja seg å nyta Guds herlegdom i all æva utan å dela den med oss. Difor gav han avkall på å vera i herskarposisjon, og gjekk inn i tenarposisjon for å kunna berga oss tilbake til seg sjølv. Det kunne han berre ved å bli menneske lik, dvs fullt og heilt menneske. For berre som menneske kunna han gjera våre gjerningar på våre vegne.

v.8: Men ikkje berre at han gav avkall på dette, det var eit stort offer, men i tillegg måtte han tola å bli mistrudd, håna, spotta, hudfletta, krossfesta og til slutt forleten av sin eigen far. Alt i lydighet mot Far og i kjærleik til oss. For ein frelsar me har. Men så stor måtte han vera, les me i Hebrearbrevet, om han skulle koma i mål med prosjektet.
Lydighet, ja. Det var der det stoppa opp for oss. Adam var ulydig, og alle etter han. Kva kan me lesa av ulydighet? Sjølvforguderi. Me vil bestemma over oss sjølv på tvers av Guds bestemming, og då har me gjort oss sjølve til gudar. Men han som verkeleg var Gud, gjorde seg til eit heilt og fullt sant menneske som oppfylte Gud vår Fars vilje heilt til det ytste. Og han gjorde det på våre vegne, me som framleis, sjølv etter at me er frelste, ligg i opprøret og ikkje kan produsera vår eiga rettferd. Må me for Kristi og vår eiga skuld aldri slutta å sanna syndene våre som det dei er: gudlaust opprør og ukjærleg egoisme.

v.9 handlar om eit grunnprinsipp i Guds rike: den som fornedrar seg sjølv, vert opphøgd av Gud. Det står fast. Jesus fornedra seg, og vart reist opp frå dei døde og teken opp til himmelen og gjeninnsett som herskar over himmel og jord. Men alt er ikkje som før:
No er du og eg saman med han der han er. For du skjønar: Jesus tok oss alle opp i seg då han døydde på krossen, difor er me i dag i han der han er. Dette kan me berre gripa i tru. Men eg vil at du skal gjera akkurat det. Du skal væpna deg med den tanken at når Gud vår Far vil sjå på deg, må han sjå på Sonen, for det er i han du er. På krossen døydde Jesus for alle, han romma heile menneskeætta, og Gud reknar Jesus som gyldig for alle dei som ynskjer at det han skal vera det for dei, altså for dei som trur. Men dei som ikkje vil nyta godt av denne ordninga, vert løyst frå henne og dømt etter lova i all sin konsekvens. Er du misfornøgd med deg sjølv? Gud ser deg i Jesus, og for han er det som om du aldri har synda. Du er for han som Jesus er.

Men det ligg meir her: Det at Jesus vart opphøgd innebar at han fekk namnet sitt attende. Kva namn er det? Namnet over alle andre namn. Og kva er det? Det er JHVH, Herren, Adonai. Så ser me her: Den Herre som talar til oss i heile Det gamle testamente er ingen annan enn Jesus før han vart menneske.

v.10: Difor var det naturleg at menneskeætta sitt opprør mot Gud råka Jesus med full tyngde. Det kunne ikkje gå annleis. Når me fekk Gud mellom hendene våre, tok me livet av han. Menneske toler ikkje å ha Gud på nært hald utan å bli provosert anten til å venda om til han eller å forsøka å fjerna han.

Slik er det enno. Ikkje alle bøyer kne for Jesus i dag. Ikkje alle anerkjenner Jesus som Gud og frelsar. Men ein dag må dei berre det. Når Jesus kjem att i herlegdom, døyr all diskusjon og motseiing bort: Då skjønar alle. Då bøyer alle kne for Jesus og sannar til Gud vår fars ære at Jesus Kristus er Herre. For mange vert det for seint. Vår jobb som kristen kyrkjelyd er å hjelpa så mange som råd er å forstå dette her og no og lukka han inn i hjarto sine slik at denne dagen vert ein jubeldag for dei.

Ingen kommentarer: