torsdag 18. september 2008

Filipparbrevet 3,17-21


v. 17: Paulus utfordra filipparane til å følgja etter han, og søka samfunn med andre med same innstilling. Det er viktig at me som kristne har samfunn med folk som er tente for Jesus, og som lever heilt og fullt for han og hans rike. Det gjorde Paulus, og difor kunne han frimodig utfordra dei kristne til å følgja seg. Det ville gagna dei.
Dersom me pleier for nær omgang med folk som tenkjer annleis, vil me bli hindra i vandringa med Jesus, me kan koma ut or kurs eller bli forseinka i høve til Guds plan. Me må altså vera veldig nøyen med kven me er saman med.

v.18: For mange er fiendar av Jesu Kristi kross. Paulus seier det med tårer. Ingenting var å så kjært for Paulus å snakka om som Jesu Kristi kross. Ved denne krossen hadde han opplevd frelse. Denne krossen hadde opna vegen for han til Gud. Han elska krossen. Han brann for å dela ordet om krossen med alle han møtte. Difor var det uendeleg sårt for han då folk avviste bodskapen og til og med motarbeidde den. Han visste dei forkasta det einaste som kunne frelsa dei inn i Guds himmel. Difor tok gråten han, som det hende med Jesus då han sto på Oljeberget og såg utover Jerusalem. Han såg domen koma over byen. Og det hende 40 år seinare med fælsleg styrke.

v.19: Ein endå verre dom vil råka dei som forkastar evangeliet om Guds nåde i Jesus Kristus. Dei vil alle enda opp i fortaping og øydelegging etter eit liv der dei har konsentrert seg om å skaffa seg personlege føremuner og nytingar.

v.20: Men sanne kristne rettar sinn og tanke mot himmelen. Der er Jesus, og der har me hjarto våre. Det er Han me elskar og har samfunn med. Det er Han me kommuniserer med. Og me ventar på at han skal koma attende for å henta oss, noko som skjer når evangeliet har fått nedslag i alle folk og nasjonar.

v.21: Då vil vår forgjengelege kropp bli omskapt og evigvarande, og alle ting vil bli underlagt Kristus. Det er eit stort og godt håp. No merkar og veit me at menneskekroppen sveikkar seg med åra. Sjukdomar melder seg, og me likar det ikkje. Aldring er ikkje naturleg. Det er eit resultat av synda. Men me kan i tru sjå framover mot ei betre verd, og i trua ser me henne koma, så får dei vantru berre smila av oss. Dei vil få det som dei trur (faktisk verre) og me som me trur (og eg trur faktisk betre).

Ingen kommentarer: