tirsdag 2. september 2008

Filipparbrevet 2,12-18


v.12 Paulus rosar filipparane for at dei er lydige mot det han har lært dei. Han gler seg over dette fordi han er sikker på at det han har undervist dei om er Guds openberring og vilje. Og det å vera lydig mot Gud er livsviktig for oss menneske. Guds vilje er vårt einaste effektive vern mot det vonde. Når me er lydige, legg me grunnen for ei ljos framtid for oss sjølve. Slik arbeider me på vår eiga frelse med otte og age.

Den frelse Paulus talar om her er den endelege frelse. Me har jo ikkje berre begynt eit laup. Me skal nå fram også, og då må me som idrettsfolk springa slik at me vinn sigerskransen. Og då må me forsaka alt som forhindrar oss eller forseinkar oss. Og det er ikkje berre synd, men personar og aktivitetar som avsporar oss. Å arbeida på frelsen er å sjå til at me alltid er i eit rett høve til Gud. Det krev ein viss insats det. Porten er trong og vegen er smal, snakkar Jesus om. Den som vil inn må trengja hardt på, seier han ein annan plass. Kva handlar det om? Å leva ærleg og målretta etter Guds plan og vilje. Det kjem ikkje gratis for nokon av oss.

v.13: Når me slik heile tida sørgjer for å ha det rett og godt med Gud, verkar han alt godt i liva våre. Det er som ein seglar. Jobben hans er å halda seglet opp og båten på rett kjøl. Men skal det bli framdrift, må han ha vind, og den kan han ikkje laga sjølv. Den kjem til han utanfrå. Slik også med kristenlivet. Me må halda oss på rett kjøl og heisa segl (sørga for å ha ei brei kontaktflate mot Gud), så sender Gud Anden til oss som sørger for framdrift. Men dersom me ikkje har heist seglet, er det lite hjelp i god vind.

v14: Kristne bør så visst ikkje vera sure og tverre, korkje mot Gud eller menneske. Me bør ganske enkelt vera positive, blide og glade. Det er forunderleg kor mange kristne som er surmaga og kritiske. Dei må av ein eller annan grunn alltid fortelja eitt eller anna negativt om andre, eller om tida me lever i. Stundom også om Gud. Surskap og tverrskap er rett og slett imot kristendomen. "Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, sjølvkontroll, mildskap osv.." Gal. 5,22. Alt dette andre er kjøtet sine gjerningar, eller svart synd om du vil.

v.15: Men når me med glede gjer det Gud vil, legg til sides det negative og kritiske og viser godt humør, skin me som ljos i verda. Då ser folk Gud i oss, og dei kan begynna å bevega seg mot han. Det er så viktig at folk ikkje får noko å klaga oss for. At me er utan lyte i vår dagleg ferd. Det vil ha avgjerande betydning for dei som me har rundt oss. Me skal representera Jesus på ein god måte.
v.16: Det klarar me ikkje i eiga kraft, berre ved å halda fast ved livsens ord. For Guds ord regulerer oss heile tida om me gjev det rom og held fast ved det. Kva inneber det å halda fast ved livsens ord? 1) Det må lærast og memorerast. 2) Det må praktiserast. 3) Det må lærast bort til andre. Dersom filipparane heldt fast ved Guds ord på denne måten, ville det vera til stor glede for apostelen. Då hadde han nådd eit mål med arbeidet sitt, og det hadde ikkje vore nyttelaust.

v.17-18: Og sjølv om det skulle gå slik med Paulus at han måtte gå døden i møte og at livet hans kom til å bli uttømt, ville han gleda seg likevel, for han visste at det han hadde lagt ned og undervist om ville koma til å bli teke vare på og halda fram i uoverskodeleg framtid. Og slik vart det. Ingen har vore til så stor velsigning for menneske gjennom historia som Paulus, og ingen har, utanom Jesus sjølv, hatt så stor innverknad på heile verdsutviklinga som han, teltmakaren og farisearen frå Tarsus.

Ingen kommentarer: