fredag 29. mars 2013

Salme 34,1-6

Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg.
         
   
  2 א Eg vil velsigna Herren til alle tider,
          alltid lovsyngja han med min munn.
         
   
  3 ב Eg er stolt over Herren,
          lat dei hjelpelause høyra det og vera glade.
         
   
  4 ג Pris Herren saman med meg,
          lat oss æra hans namn!
         
   
  5 ד Eg søkte Herren, og han svara meg,
          frå alt som skremde, berga han meg.
         
   
  6 ה Vend blikket mot han og strål av glede,
          så skal de aldri raudna av skam!


Salme 34 er ei tillitssalme med atrostisk oppbygging.

v.2: Salma  startar med lovprisning.  David  vil lovprisa "til alle tider", uansett korleis tidene ser ut. På den tida salma vart til var David på flukt både frå Saul og Abimelek. Tidene var vonde. Likevel prisar han Herren, og vil halda fram med det. 

v.3:  Han er stolt over Gud. Det indikerer eit nær relasjon. Truande som lever langt frå Gud i hjarto sine, har lett for å skamma seg over trua si, og over seg sjølv. Men David levde nær til Gud og var ikkje flau. Kristne som lever slik, gjev styrke og glede til dei som er svake og vaklar i trua. 

v.4 er ei dirkete oppfordring frå David  til dei hjelpelause (i vers 2) om  å prisa Herren saman med han. Det vil styrka også dei og gjera dei stolte over den Herre dei tilhøyrer og tener.

v.5 gjev oss bakteppet: David hadde opplevd herleg bønesvar då han var i stor naud og redsla hadde teke overhand. Då kom Gud til han og berga han. Slike bønesvar styrker trua og livet. 

v.6 er ei oppfordring om å venda blikket mot Herren og halda det godt festa der. Då vil all flauheit og skamkjensle bli borte. 

torsdag 28. mars 2013

Salme 33,16-22


  16 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,
          stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.
        
   
 17 Hesten gjev falske voner om hjelp,
          med sin store styrke bergar han ingen.
        
   
 18 Men Herrens auge kviler på dei
          som fryktar han og ventar på hans miskunn,
        
   
 19 så han kan fria dei frå døden
          og halda dei i live gjennom hungersnaud.
        
   
 20 Vår sjel ventar på Herren;
          han er vår hjelp og vårt skjold.
        
   
 21 Vårt hjarte gleder seg i han,
          vi set vår lit til hans heilage namn.
        
   
 22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!
          Det er deg vi ventar på.


v.16-17 handlar om krig. Israel kunne  ikkje stola på si militære slagkraft med tanke på siger. Dersom ikkje Herren slost for dei, var dei fortapte.  I vår kontekst, i den nye pakt,  handlar det om den kosmiske åndelege konflikten me står i mellom Gud og djevelen. For livet med Herren er eit liv i felt. Den som vil vera kristen utan å vilja  strida for og saman med Jesus, har hamna feil. Kristenlivet er ein krig mot djevelen der målet er å frigjera menneske som han har fanga i si makt. Men i denne striden duger ikkje vår eiga kraft og kløkt. Stolar me på oss sjølve, på våre eigen kapasitet, på våre eigne strategiar og  verkemidlar, kjem me fort på vikande front. 

Korleis skal me så kjempa? Svar: I tru. Korleis gjer me det? vers 18, 20 og 22  svarar: ved å venta på han. I Jesaja 28,16 les me at "den som trur har inga hast." 

Å venta på Herren er ingen usikker sak. Han er trufast og kjem til oss med den hjelp me treng til rette tid. Korleir ventar me på han? Me ventar aktivt ved å lova og prisa han, og ved å be til han. Dette er demonstrert i Apostelgjerningane 1. Jesus hadde sagt at apostlane og dei første truande kirstne skulle venta på Guds kraft frå himmelen før dei starta med å forkynna evangeliet for alle. Då samla dei seg kvar dag på "øvresalen" i Jerusalem til lovsong og bøn, og etter 10 dagar fall Anden på dei.

Slik skal me også venta AKTIVT på at Gud skal koma og føra striden for oss med si kraft, og då samlar me oss for å prisa og takka han og vera glade saman, og be om at hans miskunn skal vera over oss og at Andens kraft skal koma over oss. Så vil det skje. 

Å tena Gud i hans kraft og å gjera det i eiga kraft er som dag og natt. Det er to ulike fenomen. Det vil den merka som har vore med på begge deler. 

torsdag 21. mars 2013

Salme 33,10-15

10 Herren skiplar rådet folka legg,
          bryt planane folkeslag tenkjer ut.
         
   
 11 Herrens råd står fast for alltid,
          hans hjartans planar frå slekt til slekt.
         
   
 12 Sælt er det folk som har Herren til Gud,
          det folk han har valt til sin eigedom!
         
   
 13 Herren skodar ned frå himmelen,
          han ser alle menneske.
         
   
 14 Frå sin bustad ser han ned
          på alle som bur på jorda.
         
   
 15 
Han har forma deira hjarte,
          alle deira gjerningar kjenner han.

          

v.10-11. Det som ligg under her er at folka legg planar mot Gud (jmf Salme 2), og at det er desse planane Gud skiplar og bryt opp. Me ser det i verda i dag at evangeliet har trange kår i mange land. Men Gud er likevel ustoppeleg. Hans planar om å la evangeliet om riket lyda som eit vitnemål for alle folkeslag står fast frå slekt til slekt. Difor går evangeliet fram over alt  trass i motstand og forfølging.

v.12. Å vera Guds barn er den ultimate lukke. Slik er det om ein forstår det eller ikkje. 
Folket som Gud har valt til sin eigedom er alle som har teke i mot Jesus, for det er dei som har barnerett hos Gud (Johannes 1,12).

v.13-14. Gud er ikkje fjern. Han har ikkje trekt seg tilbake. Interessert følgjer han kvart enkelt menneske med augo, levande oppteken av korleis det går med dei, alltid parat til å gripa inn om dei skulle be han om det. 

v.15 At Gud har forma hjarto våre tyder at det er han som har gjeve oss personlegdom. At han kjenner gjerningane våre tyder at han følgjer nøye og interessert med på kva me held på med, og at han støttar det gode og dømmer det vonde. 

tirsdag 19. mars 2013

Salme 33,5-9

 5 Han elskar rettferd og rett,
          jorda er full av Herrens miskunn.
         
   
 6 Ved Herrens ord vart himmelen skapt,
          heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
         
   
 7 Han samla havvatnet som i eit kar,
          la havsens djup i forråd.
         
   
 8 Heile verda må frykta Herren,
          alle som bur på jorda, må skjelva for han.
         
   
 9 Han tala, og det skjedde,
          han baud, og det stod der.


Vers 5 er ein slags dublett. Den andre linje forklarer den første, dvs. rettferd og rett handlar om miskunn. I Bibelen er rettferd utan godleik utenkjeleg. Rettferd er altså noko langt meir enn likebehandling. Det er å møta menneske med godleik. Det gjer Gud. Jorda er full av hans miskunn. Korleis skal me skjøna det? For det første: Gud let sola si skina over rettferdige og urettferdige. Han utøver ein dagleg omsorg overfor alle menneske og alle skapningar, ein omsorg som me kan kalla for FORSYN.  For det andre har han sendt ut sitt evangelium om nåde og frelse i Jesus Kristus til alle folk nasjonar (Matt.28,18-20). For det tredje renner han ut Anden sin over alle menneske der evangeliet vert forkynt (Joel 3,1) slik at dei skal kunna smaka Guds godleik og leva i den himmelske dimensjon.

v.6-9 er full av god skapingsteologi. 

v.6: For det første: Alt er skapt ved Guds ord. Han talte og han pusta og dermed framsto både materie og liv. Himmelen er universet. Himmelhæren er stjerner, planetar, månar, galaksar og mangt anna som er å finna der ute i djupnene av rommet. Men dette verset kan også handla om Guds himmel og englar (himmelhæren).

v.7 handlar om havet. Gud samla det på èin plass. Han skilte landjorda frå havet, les me i 1.Mos.1. Havet er eit trugsmål mot landlivet, og Gud har det under kontroll og set grenser for kor langt det kan eta seg inn på oss jordskapningar. Då syndfloda kom, vart desse grensene oppheva og livet gjekk til grunne. Men det kjem ikkje til å skje ein gong til. Det har Gud lova oss. Den siste og avgjerande domen over jorderiket kjem i form av eld. 

v.8 Det er mykje frykt i denne verda, men lite gudsfrykt. Jesus seier at det er Gud me bør frykta, han som har makt til kasta både lekam og sjel i helvete. Å frykta Gud handlar om å vera redd for mista hans søte miskunn og det livet og fellesskapet han har gjeve oss ved trua på Jesus Kristus. Misser me det, har me tapt alt som har verdi utover dette livet. 

Når me les om at alle bør "skjelva for han", er det eit uttrykk for at vår evige lagnad er i hans hender åleine. Han har det siste ord i våres alles liv. 

Eikvar brur skjelv litt på bryllaupsdagen. Ho skal opp kyrkjegolvet for å møta brudgomen og etter alle solemerker få sitt JA. 

Guds kyrkje er på veg mot sin brudgom. Ho skjelv litt, det skal ho gjera, når ho går fram for han for å få sitt endelege JA for så å gå inn til den store gleda. 

v.9: Gud er stor, ja enormt stor. Han er større enn universet, og dei siste tiåra har me forstått at det rommet me lever i har dimensjonar langt utover det folk tenkte i gamle dagar. Stjernene me ser på himmelen er frå nokre få lysår til vel tusen lysår borte. Men dei er våre aller næraste naboar. Utanfor, millionvis av lysår borte, finn me milliarder på milliarder av galaksar kvar me mange milliarder stjerner, mange av dei mange gonger større enn vår eiga sol. Kven kan fatta slike dimensjonar. Svimlar det? Dette er Guds univers. Skulle me ikkje la oss imponera av Han, skjelva litt for Han som er langt større ann alt? Den må vera litt dum som ikkje skjelv ein smule for vår GUD og gjer alt han/ho kan for å stå på godfot med HAN. Difor er det me tek imot Jesus når me blir kalla til å tru på han, følgja han og leva for han. Me skulle ikkje våga noko anna. Det er jo GUD som kallar oss, han er jo den øvste autoritet, og det tek me på ramme alvor. Så pass respekt har me. Det skulle berre mangla.



mandag 18. mars 2013

Salme 33,1-4

Rop av fryd for Herren,
          de rettferdige!
          Det er rett at dei rettskafne
          syng lovsong.
         
   
 2 Pris Herren til lyre,
          spel for han på tistrengja harpe!
         
   
 3 Syng ein ny song for han,
          spel vakkert og rop med jubel!
         
   
 4 For Herrens ord er sant,
          alt han gjer, kan ein lita på.


v.1 I Bibelen blir me ofte oppmoda til å ropa. Ropa ut vår lovsong til Gud. Ropa ut kallet til omvending og tru. Ropa ut dei gode nyheitene om Jesus Kristus. Den stillfarne åndelege beskjedenheten finn me lite av i Bibelen. Den er ein meir moderne konstruksjon.  Bibelsk fromheit er ekstrovert. Heilt klart. 

Det er RETT å lovsynga Gud, seier salmisten. Då må det vera GALT å ikkje gjera det. "Dei rettskafne" er då dei som stolar på Gud, gjer det han påbyr og som lovar og takka han for alle ting. Det er den einaste rette måten å leva på. 

v.2: Lyre er eit strengeinstrument. Lovprisning treng ikkje vera vokal. Den kan vera instrumental. Det er mykje tilbeding i god musikk. Musikken kjem frå Gud, og me gjev han tilbake ved å spela for han. Johann Sebastian Bach laga alle sine musikkstykket til Guds ære. Då David spela på harpe for Saul, veik den vonde ånda bort frå han. Det er kraft frå Gud i den musikken som kjem frå Gud.

v.3: Me blir her oppmoda til å laga nye songar for Herren. Kvar tid har sine songar, sin uttrykksmåte. Me lever i ei tid då Gud auser nye lovsongar utover si kyrkje, og når me syng og prisar Gud, ryddar me ei plattform for hans kraftfulle nærvær. "Herren tronar på Israels lovsongar":  

Så må me øva. Gud vil at me skal syngja vakkert. Det kommuniserer best. Me må strekka oss etter kvalitet. Ikkje så fort bli fornøgde. Rart at me så raskt i kristen samanheng slår oss til ro med at "det er godt nok." Kan noko vera godt nok for Gud? Han som i GT gjorde det klart at dei offer som skulle berast fram skulle vera lytelause? Han ville ha det beste. Det vil han i dag også. Han vil ha det beste av oss. Me må rett og slett øva. 

v.4: For Herrens ord er sant. Bibelen er sann. Det er ingenting der du ikkje kan stola på. Lever du etter Bibelen kan du ikkje gå feil. Går du imot Bibelen, bommar du på Guds mål med livet ditt. Det kjem ikkje noko godt ut av det. 

Kva gjer Gud? Han driv misjon og byggjer si kyrkja. Å stola på "alt det han gjer", er å rekna med at det han driv på med er det rette å driva på med, og så bli med han på dette store prosjektet. 

fredag 15. mars 2013

Salme 32,10-11

10 Den urettferdige har mange plager, men den som set si lit til Herren, kransar han med miskunn.
11 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige. Bryt ut i fagnadrop alle de ærlege av hjarta.

“Den urettferdige” er eit menneske som ikkje gjer rett og skil for seg korkje andsynes Gud eller nesten. Han/ho pådreg seg mange plager. Kvifor? Fordi synda er skadeleg i seg sjølv, og fordi ein ved å synda misser Guds vern mot demoniske makter som verda er full av.
Å vera rettferdig er å setja si lit til Herren, og den som er i Gud, har eit mektig vern. Same korleis livet artar seg, går ein rundt i ei boble av godleik,  og det skaper glede, jubel og fagnadrop. Vel. Det skulle ha gjort det. Men ofte går Guds barn berre rundt og ber dette inni seg, difor ruskar David i oss her og seier: Gled dykk! Og: Bryt ut i jubel! Det er betimelig.

torsdag 14. mars 2013

Salme 32,8-9

 8 Eg vil gjera deg vis og læra deg
 den vegen du skal gå,
          eg vil la mitt auge kvila på deg
          og gje deg råd.
       
   
  9 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
          Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
          elles kjem dei ikkje til deg.


v.8 Det er Gud som talar her. Gud er klok, og han formidlar klokskap til sine trugne. Kva er klokskap? Det er å å på hans vegar. Intelligens er ikkje det same som klokskap, og dersom folk me høg IQ ikkje går på Guds vegar, kallar Gud dei for dårar. 

Det hebraiske ordet for å læra er "yarah". Det betyr å skyta beint og treffa målet. Gud har eit overordna mål med liva våre. Dette formidlar han til oss gjennom ordet sitt.  Dersom me bommar på dette, syndar me.  Denne delen av verset handlar altså om å leva rett etter Guds ord. 

Guds råd (hebraisk "ya`as") derimot tyder rettleiing i konkrete situasjonar. Det handlar om Andens leiing gjennom syner, draumar, profetiar, audisjonar, bilete eller umiddelbar indre overtyding om kva som er rett og tenleg å gjera. I Romarbrevet 8 les me at "dei som vert drivne av Guds ande, er Guds barn". Og Jesus seier i Johannes 10: "Mine sauer høyrer mi røyst." 

Gud vaker over oss. Han har auga sitt på oss. Det må me tru. Gud er årvaken, som ei mor eller ein ein far er det i tider då barnet treng det spesielt. Gud har full oversikt, og når han gjev råd, er det kvalifiserte råd, gode råd, basert på kunnskap og omsorg. Det er ingen risiko med å følgja råda hans, sjølv om det kan sjå slik ut frå vår synsvinkel.

v. 9: Gud vil at me skal følgja han friviljug utan tvang. Det har han glede av. Men me gjer ikkje alltid det. Profeten Jonas er vel det beste døme i Bibelen på ein som Gud måtte tvinga til å gjera det han hadde fått beskjed om. Han var som ein hest som Gud måtte styra med taumar og beksel. Det hender i våre dagar også at Gud tvingar folk på plass. Å tenkja slik er imot vår inngrodde humanistiske filosofi om at me har fri vilje og at Gud gjev oss frie val. Då Paulus møtte Jesus utanfor Damaskus, får me vel seia at Gud nærast tvang han inn i sitt rike, og mange vil nok også i dag vitna om at dei har vore utsette for denne Guds tvang, og dei seier gjerne: Hadde det ikkje vore for dette, ville eg aldri ha funne Gud, blitt frelst eller gjort det rette. Men det ideelle for Gud er at hans trugne les Ordet, lyttar til Anden og umiddelbart gjer det som Gud formidlar til dei. Då blir det fortgang i Guds gjerningar.