Viser innlegg med etiketten Herodes den store. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Herodes den store. Vis alle innlegg

mandag 23. november 2026

Matteus 2,19-23

 Kor lenge Jesus og foreldra var i Egypt, veit me ikkje. Men då Herodes og hans kompanjongar var døde, talte Gud til Josef i ein draum og bad han om å returnera til Israel. Faren var over for denne gongen. Han hadde tydelegvis tenkt å ta familien sin med tilbake til Judea for å busetja seg der, men då han høyrde at sonen til Herodes den store, Arkelaus, var blitt konge i Jerusalem, våga han ikkje det, og i ein ny draum sa Gud til han at han skulle flytta til Nasaret i Gailiea, der han opphaveleg kom frå. 

Det me skal leggja merke til her er at Gud verkeleg talar til oss gjennom draumar. Det har eg sjølv opplevd fleire gongar, og når det skjer, er eg veldig klar over at dette ikkje er ein vanleg draum, men eit nattleg syn. Alt som skjer i desse draumane er logisk og samanhengande. 

Djevelen prøvde å drepa Jesus heilt frå han var nyfødd. Men trass i iherdige forsøk lukkast han ikkje med det før den dagen då Jesus overgav seg i menneskehender. Men i oppveksten var han passa godt på av Josef.