Dette er andre gongen Gud bergar Jesus frå Herodes sine svikefulle og morderiske planar. Først sende han vismennene "ein annan veg" attende til heimlandet, og i vår tekst sende han Jesus med foreldra til Egypt.
Nøyaktig når Jesus vart fødd, veit me ikkje, truleg år 6 eller 7 før år null. Det kan me anta fordi Herodes den store døydde i år 4 f. Kr.
Den personen som ein gong, mange hundre år seinare, påtok seg å berekna tida for Jesu fødsel, har altså rekna nokre år feil. Men det lever me greitt med i det daglege.
Verre er det at akademia i Noreg vil rausriva tidsrekninga frå Kristi fødsel, og i staden for å seia at Sokrates vart fødd 430 f. Kr., seier og skriv dei 430 fvt, dvs. før vår tidsrekning. Dei har ein ubendig trong etter å fjerna alle tankar om at Jesus er historias viktigaste person, sjølve navet i tida. Men kva var det som hende i år null som fortener å minnast om det ikkje var Guds ankomst til jord som menneske? Ja, sei det.
Maria, Josef og Jesus reiste til Egypt og var der til Herodes døydde. Slik vart ordet oppfylt som seier: "Frå Egypt henta eg sonen min."
No er dette skrive om Israel. Men som Israels Messias måtte Jesus gå den vegen folket hans hadde gått. Jesus og Israel heng uløyseleg saman til evig tid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar