mandag 16. november 2026

Matteus 2,1-12. Vismennene frå Austerland

 Landet i aust kan vera både Persia og Mesopotamia. 

Vismennene var "magoi" som det heiter på gresk, magikarar. Truleg astrologar. Konstellasjonar på stjernehimmelen var deira språk, og Herren talte til dei på eit språk dei forstod, sjølv om har i GT åtvarar mot astrologi. 

Det kan også henda dei kjende til GT (4.Mos. 24,17)  der Bileam profeterer over Israelsfolket:  

"Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær. Ei stjerne stig opp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg frå Israel".

Og det trur eg strengt tatt var tilfelle, og at det var difor dei identifiserte stjerna med fødselen til Israels nye konge. 

Dei forstod også at denne kongen skulle råda over alle folk, inkludert dei sjølve, og difor ville dei reisa for å hylla og anerkjenna han, og stilla seg til teneste. 

Dette fører meg til å tenkja at dei nok ikkje berre var astrologar, men også teologar med meir inngåande kjennskap til dei heilage skriftene enn det me har tenkt før. 

Stjerna som dukka opp var ei vandrestjerne, ho synte vismenne vegen til Jesus. Så lenge dei følgde denne, var dei på veg mot rett mål, slik som me også er på veg mot rett mål så lenge me følgjer Guds ord i Bibelen. 

Men på eit gjeve tidspunkt tenkte dei at det nye kongsbarnet må ha vore fødd i Jerusalem, for det var jo kongens by. Då mista dei stjerna, og hamna i klørne på edomitten Herodes som var ein av desse vonlaust mistenksame herskarane som stundom dukkar opp i historia og valdar stor skade. 

Heldigvis fekk dei i Herodes slott vita av skriftlærde at Messias skulle fødast i Betlehem. Det hadde profeten Mika sagt 700 år tidlegare. Og då dei korrigerte kursen, dukka stjerna også opp på himmelen. Då vart dei jublande glade. Det var som om dei hadde funne attende til Gud, og det skaper alltid glede hos folk som ein gong har erfart å leva og flyta i Guds kjærleik. 

Det er ganske underleg at ingen av dei skriftlærde var interesserte i å bli med dei for å finna Messias. Det var ingen liten sak at den komande frelsarkongen var fødd. Det var jo det jødane hadde venta på i hundrevis av år. Men nei. Dei kjende ikkje trong for å møta frelsaren sin. Slik som folk flest i dag heller ikkje kjenner på dette behovet, og held seg borte frå dei plassane der Guds ord bli forkynt og Kristus har lova å openberra seg. 

Vismennene fann Jesus, Maria og Josef, og dei gav Jesusbarnet gåver, gull, røykjelse og myrra. Nokre meinar at gullet symboliserer Jesu kongevelde, røykjelsen prestetenesta hans og myrra den profetiske salvinga som var over han. Og det kan jo henda at desse mennene ut frå dei heilage jødiske skriftene hadde så pass djup innsikt i kven Jesus var. 

Vismennene hadde ikkje vore så kloka at dei hadde avslørt Herodes som ein mordar som hadde tenkt å drepa Jesusbarnet. Han hadde jo sagt til dei at dei måtte koma attende til han med adresse som Jesus var på. 

Men ein Herrens engel åtvara dei i draumar om dette, og bad dei om å ta ein annan veg attende enn dei hadde kome, atlså hoppa over Jerusalem når dei skulle heim att. Og det gjorde dei. 

Ingen kommentarer: