Dette avsnittet innleier juleevangeliet hos Matteus.
Maria var ei ung kvinne, ei møy som hadde blitt gravid ved Den heilage ande. Josef, som var trulova med henne, hadde vanskar med å tru at dette var sant, og ville skilja seg frå henne så stille som mogeleg. Han var svært glad i Maria, og ville henne berre godt, så dette må ha vore uvanleg tunge dagar for Josef. Eit spørsmål som sikkert plaga han meir enn noko anna var dette: Ville dei steina henne? Det var jo ein fare for det.
Men så fekk Josef englebesøk, slik som Maria i følgje Lukas 1 også hadde hatt.
Engelen stadfeste for Josef i ein draum at barnet under Marias hjarta var avla ved Den heilage ande. Så gav han Josef ansvaret for barnet og mora, og han skulle gje guten som dei venta namnet Jesus, eller Yeshua som er den hebraiske versjonen av namnet. Det tyder "Herren er frelse". Det skulle han heita fordi han skulle "frelsa folket sitt frå syndene deira."
Guds folk er Israels folk. Dei skal altså ein dag bli frelst frå syndene sine. Det skal Jesus sørga for. Objektivt vart dei, som alle oss andre, frelste frå syndene våre då Jesus døydde på krossen for oss. Guds frelse er ferdig. Men subjektivt må kvart menneske ta imot den frelse som Jesus har stelt i stand for oss. Det gjeld Israels barn, og alle oss andre. Men den lovnaden som ligg i denne teksten fortel oss at ein dag skal heile Israel bli frelst, at Jesus ein dag skal utrydda all gudløyse i Jakob (Jakob er eit anna namn på Israel), som Paulus formulerer det i Romarbrevet 11.
Når det vart sagt om Jesus at "han skal fria folket sitt frå syndene deira," kan det ikkje gjelda oss heidningar, for me blir nemleg ein del av Guds folk når me blir frelst frå syndene våre, ikkje før.
Etter denne draumen gifta Josef seg med Maria og tok henne heim til seg, men dei hadde ikkje seksuell omgang før Jesus vart fødd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar