onsdag 8. september 2021

Salme 95,1-7a

 Vers 1-3 er ei sterk oppfordring til å koma saman for å lovsynga Herren fordi han er så god, sterk og trufast. For det første har han frelst oss frå alle våre synder,  og for det andre frelser han oss ut av alle slags vanskelege situasjonar som me kan koma opp i. Difor samlar me oss i hans hus for å lovsynga han med song og spel. 

At Herren er ein stor Gud er varsamt sagt. Sanninga er at han er den einaste Gud, at han er uendeleg stor og fyller himmel og jord med sitt nærvær. 

Alle andre gudar er i røynda ikkje-eksisterande. Likevel har dei stor makt fordi dei er oppfunne og får kraft frå djevelen. Men i møte med den eine sanne Gud må dei underordna seg og vika. Det ser me så tydeleg i evangelia. Jesus avslører dei og set menneska fri frå deira plagsame innflytelse. 

Vers 4-5. Jorda har ein diameter på 6000 km. Jordskorpa som me lever på er ei tynn hinne på 5-70 km. Ingen av oss har nokon gong vore i nærleiken av dei store djupnene der fjellet er flytande pga dei høge temperaturen. Men Gud er der, og alt kviler i hans hand. Det gjer også fjelltoppane som reiser seg i sin majestet, og havet med sine djupner og merkelege livsformer. Og når du står på toppane, og når du bevegar deg på det faste landet, kan du stolt proklamera: "Alt dette er Guds, han har forma med med hendene sine, og eg eig det saman med han!"

v.6: Å knela og kasta seg ned framfor Gud er naturlege bønestillingar for kristne og uttrykker tilbeding. Det symboliserer at me er audmjuke og takksame, at me underordnar oss Gud i alle ting, at me beundrar han og at me forstår at det er Han som bestemmer, at det er HAN som er Gud, at det er HAN som fører oss, at det er HAN som veit kor vegen går som fører oss til det endelege målet for reisa. Men Herren leier oss også frå dag til dag, gjev oss oppdrag, bestemmer kva folk me skal møta, og han syner oss korleis me kan velsigna dei. 

v.7a: Difor held me oss tett til han som er vår Gud. Me er "flokken i hans hand, det folket han gjeter", eit ord som syner oss kven Jesus, den gode gjetaren, er. Han er Herren. Dette verset gjev oss også god identitet. Me er ein gjeng som tilhøyrer Gud, ja, eit folk som kan kalla Gud VÅR Gud. For ein rikdom.            

    
          
   
  

Ingen kommentarer: