lørdag 11. september 2021

Salme 96,1-3

 Syng for Herren, syng ein ny song.

          Syng for Herren, all jorda!
          
   
  2 Syng for Herren, velsign hans namn.
          Forkynn hans frelse frå dag til dag!
          
   
  3 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,
          mellom alle folk om hans under!
I vers 1 blir me oppfordra til å synga for Herren! Songen og musikken har sitt opphav i Gud, Gud er full av song, og han liker når me syng for han. Det er jo difor han gav oss songen som ei gåve. Me er skapte i Guds bilete, difor er me, som Gud, fulle av song.

Og Gud gjev oss nye songar. Dei strøymer ut frå Gud til hans kyrkje, og me legg dei til repertoaret vårt. Gud elskar det. 

Heile jorda blir her oppfordra, ja pålagt, å syngja for Gud, sin skapar, og gjennom songen skal folkeslaga læra å kjenna Han som elskar dei og som har frelst dei med sitt blod.

Korleis får dei del i denne songen? Gjennom oss som syng til Guds ære mellom dei. Me reiser ut i verda. Og over alt der kyrkja vert etablert, der vil lovsongen lyda og koma med Guds lys til alle som lever i mørkret. Songen kallar dei fram i lyset, og når dei kjem, begynner dei straks å synga for Gud i hjarto sine, og så løftar dei også stemma til Gud. 

Kvar dag syng me songane våre om Guds mektige frelse, og kvar dag kjem tusenvis av menneske til tru på Jesus Kristus og blir gripne av begeistringa. For lovsong er begeistring. 

Me forkynner med ord og med song mellom folkeslaga om Guds under i fortid og notid. Og når me gjer det, skjer det under med folk. Dei kjem til tru, blir fridd ut frå syndene sine og fylte av Guds Ande, og med Han kjem songen, gleda og håpet. 



Ingen kommentarer: