onsdag 29. september 2021

Salme 97,8-12

 Sion høyrer det og gleder seg,

          Judas døtrer jublar, Herre,
          over dine dommar.
          
   
  9 For du er Herren, Den høgste over all jorda,
          høgt er du opphøgd over alle gudar.
          
   
 10 Hat det vonde, de som elskar Herren!
          Han vaktar sine trugne
          og friar dei frå urettferdiges hand.
          
   
 11 Lys bryt fram for den rettferdige
          og glede for dei ærlege av hjartet.
          
   
 12 Gled dykk i Herren, de rettferdige,
          lovsyng hans heilage namn!
v.8 Det som særpreger Sion og Judas døtre er at dei høyrer det Gud seier og jublar over hans dommar, dvs hans ord og beslutningar. Her ser du kva ein sann kristen er: ein som høyrer Guds stemme og som frydar seg over hans ord. 
v.9 lærer oss at Israels Gud, vår Herre Jesu Kristi Far er den einaste sanne Gud. Han er Herren, og han er høgt opphøgd over alle gudar. Det er han fordi han er den einaste sanne Gud, og kristendomen er den einaste sanne religion, og i innhald alle andre religionar knusande overlegen. Som eg har skrive før: Religionane krev av deg at du skal fortena det evige livet med å oppfylla spesielle bod og krav. I kristendomen er alt av nåde, og Guds frelse er ei gåve som me får ta imot i tru. Fantastisk rett og slett. Kristendomen er ein religion for dei utan religiøst talent. 
v.10 Alle som har erfart Guds enorme godleik vil automatisk hata det vonde, det destruktive, mørke og skremmande. Når salmisten seier: Hat det vonde, så seier me som elskar Herren: Sjølvsagt. Det skulle berre mangla. 
Men å hata det vonde er ikkje berre å kjenna seg fråstøytt av det. Det er å gå til åtak på det og overvinna det med det gode. Det er å kjempa ein uforsonleg kamp mot alt slikt, anten det er mobbing, hat, bedrageri, baktale, abort, svik, utruskap, vald eller raseri. Det er mykje av dette i verda, og når me tek tak i det, treng me til dei grader siste delen av verset: at Gud vernar oss, og at han frir oss frå urettferdiges hand når me sjølve vert utsette for mottåtak. Og det skjer i verda i dag. Mange gode truande menneske sit i fengsel fordi dei har kjempa saman med Jesus mot det vonde og for det gode. 
v.11 er eit flott vers. Lys er eit samleomgrep for alt godt som Gud deler med sine barn. Når Guds lys strålar fram for oss, forstår me at me er elska og me skjønar kva Gud vil at me skal gjera. Og ikkje sjeldan kjem han til oss med lys når me er på mørke plassar i livet. Der det ingen glede er, kjem han med si glede til alle dei som er ærlege og redelege i sin kristendom. Dette opplever dei forfølgde kristne mykje av. Richard Wurmbrand skriv ein plass at det han erfarte i rumensk fengsel av glede frå Gud var av ein slik art at han ikkje kan forklare det med ord. Men han legg også til at freistingane og prøvingane kunne vera ubeskrivelege. Det var ei ekstremoppleving. 
v.12. Difor blir me oppfordra til berre å gje Guds glede rom når ho kjem til oss, og ikkje spara på ho. Korleis? Ved å lovsyngja hans heilage namn. Lovsongen er rett og slett ei vidunderleg gåve i seg sjølv som tek vare på mange andre gåver Gud deler med oss.  

Ingen kommentarer: