På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
onsdag 26. april 2017
tirsdag 25. april 2017
Salme 57,1-3
v.1. Dette er ei salme frå relativt tidleg i Davids liv, før han vart konge i Israel, medan han var forfølgd av Saul. Salmane frå denne tida er veleigna å bruka og be for alle kristne på kloden som sjølve vert forfølgde av styresmakter eller andre overmektige fiendar.
v. 2. David søkjer tilflukt hos Herren, og ber om nåde og vern. Han er tillitsfull og kjenner seg trygg i skuggen av Guds vengjer. Han stressar ikkje, men vel å halda seg i ro til faren er over. Tru handlar ofte om å halda seg roleg hos Gud og stola på hans makt og omsorg. Ta det til deg du som akkurat no står i ein redselsfull situasjon som du ikkje kan rå med eller kan sjå utgangen av.
Då Jesus stod utanfor Jerusalem og gret over byens framtid, brukte han akkurat dette vengjemotivet. Han sa: "Kor mange gongar ville eg ikkje samla dykk, slik som ei høne samlar kyllingane under vengjene sine, men de ville ikkje."
Slik er Jesus den dag i dag. Han vil SAMLA, og han vil samla ALLE MENNESKE under vengjene sine. Men dei fleste vil ikkje og blir ståande utanfor Guds fellesskap, overlaten til dei vonde kreftene i tilværet.
v.3. David ropar til Herren. Slik er det når me er i stor naud. Då ropar me til han, som skadde barn til foreldra sine, og ofte er ropa våre berre høyrbare for oss sjølve.
David ropar fordi han kjenner Gud, fordi han veit at Gud vil gjera vel mot han. Den mest grunnleggjande av alle kristne sanningar er denne: GUD ER GOD, OG HAN GJER GODT. Det skal du og eg få ta med oss gjennom dagen.

onsdag 12. april 2017
Salme 56,9-14
v.9 har mykje trøyst i seg. Ein Gud som held rekneskap med ein manns heimlause steg og alle tårene han fell, må elska uendeleg høgt. Og så kan me spørja: Kvifor fører han dette rekneskapet? For å betala dobbelt attende, les me i Jesaja 40,1-2. Slik er Israels Gud. Ingen kristne må gå gjennom smerte og tap utan å få dobbelt attende frå den levande Gud.
v.10. Fordi Gud er slik, må fienden trekkja seg attende den dagen David ropar til Gud om hjelp. Det er eit rop som blir høyrt og besvart. Gud er ingen tullegud, men ein skikkeleg Gud som handlar kraftfullt når hans barn ropar og ber. Siste del av verset er ei sterk trusutsegn. David veit at Gud er med han. Korleis kan han vera sikker på det? Fordi han sjølv er med Gud. Gud er med dei som følgjer han og lyder hans ord.
v.11. Og Guds ord er godt. Det er sant. Det er skapande. Det er frelsande. Det er livgjevande, og mykje meir. Difor prisar David Guds ord. Og det gjev meining, for Gud er eitt med sitt ord, og i NT blir Jesus kalla Guds ord.
v.12. David har gjort opp med seg sjølv at Gud er til å stola på. Han torer å tru det. Når me trur at Gud er til å stola på, vert frykten alltid borte. Tru og frykt går ikkje saman.
v.13. David har lova Gud lovsong. Det er godt. Lovsangen til Gud er botnlinja i disippellivet. Å lovsyngja Gud er hovudelementet i den kristne livsstil. Lovsongen er eit offer, ei gåve frå oss til Gud, vår daglege gudsteneste. Og me elskar å gje Gud det beste som me har å by på, fordi me elskar han så vanvittig høgt.
v.14 lærer oss at Gud vaker over oss og forhindrar at me fell i synder som fører oss bort frå han og inn i den evige død. Han tek godt vare på oss og gjeter oss slik at me alltid kan leva for hans ansikt og nyta det milde og gode lyset som strøymer ut frå augo hans.

fredag 24. mars 2017
Salme 56,1-8
v.1 inneheld truleg opplysningar om melodi og sjanger.
v.2-3 er ei bøn om Guds nådige hjelp mot ei sterk overmakt, eit kjent motiv i salmane, og så ofte ein velkjent situasjon for Guds barn i verda.
v.4-5 uttrykkjer uvanleg sterk tru. Han er redd, men vel å stola på Gud, og då legg frykten seg. Det er godt for eit menneske å kunna stola på Gud. David "prisar Guds ord", står det. Gud bur i sitt ord. Det avspeglar hans hjarta og hans planar, og det formidlar Gud til den som les for å bli opplyst. Også i vers 11 blir Davids glede og takksemja for Herrens gode ord framheva.
v.6-7 skildrar korleis David opplever fiendane sine og korleis han oppfattar motiva deira. "Dei vrir på orda mine," seier han, ikkje eit uvanleg problem i eit heftig ordskifte. Det er umogeleg å diskutera med folk som på førehand har bestemt seg for kva som er rett, og som ikkje er interessert i å finna sanninga, berre å vinna. Då vrir og vender dei på alt som er sagt for å få stadfesta sin eigen posisjon.
v.8 er eit spørsmål til Gud om desse dårlege menneska skal sleppa unna med sin urett. Om Gud berre skal la alt dette fanteriet passera. Nei, det må han for all del ikkje, synest David. Han ber i staden om at Gud skal støyta ned folk som driv på på denne måten.
Det er ein sentral tanke i Bibelen at Gud fornedrar dei som øpphøgjar seg sjølv, og det er legitimt å be Gud om å dømma og fornedra dei som undertrykkjer og skadar andre.
Guds vreide er Guds heilage og negative reaksjon på synd og skadeverk. Bibelen talar mykje om Guds vreide.

mandag 20. mars 2017
Salme 55
v.2-6. David er redd og uroleg, ja, heilt ifrå seg fordi sterke menneske er imot han og trugar han på livet. Dei veltar vondskap over på han, og går laus på han i vilt raseri, Heile kroppen hans skjelv av angst. Det er sterke bilete som blir teikna for oss her.
v.7-9. Pga ekstremsituasjonen har han berre lyst å røma så langt bort han berre kan koma. Slik er det for nokon kvar når utfordringane vert for store. Men så har me berre Gud å søka tilflukt hos, men noko betre tilflukt eksisterer då heller ikkje for noko menneske. Gud er vår beste livd i alle livsens situasjonar.
v.10 er ei bøn om at Gud skal skapa redsle og rådløyse hos dei som vil David vondt. Det er ei god og lovleg bøn å be for oss truande når me som blir behandla djupt urettvist, og særleg når me blir truga på livet. Men kan også be slik når me ser at andre er utsett for grov urett. Me er opplærte til å vera positive og ikkje be om at Gud må øydeleggja for andre menneske. Men det er ikkje bibelsk. Det er viktig og naudsynt å be om at Gud må setja alvorlege hindringar i vegen for folk som misbruker barn, og som utset andre for all slags overgrep, terroristar som forårsakar blodbad og unemneleg liding, statar eller grupper som forfølgjer kristne, og også om at Gud må stoppa dei som føretek abortar på foster. Bibelen lærer oss dette.
v.11-12 skildrar den uhaldbare situasjonen i byen. Her har dei vonde fått makta, og dei vaktar om henne natt og dag, og utøver urett på torget for å styrka posisjonen sin. Frykten er deira våpen.
v.13-15 er hjarteskjærande. Fienden er ikkje ekstern, men intern. Det er kongens ven som har gjennomført statskupp, og det er mykje mogeleg at denne salma er skriven i samband med opprøret til Absalom, kongen sin eigen son og etterfølgjar. Samstundes rommar desse versa ein profeti om Judas Iskariot som sveik Herren Jesus så grovt.
v.16 er på ny ei slik "negativ" bøn der David ber Gud om ta livet av opprørarane.
v.17-20 er fulle av tru. David er sikker på at Gud høyrer bønene hans, at han skal bli berga og oppleva at det blir fred. Fred = shalom, mao ein fred på Guds vilkår.
Vers 16 antydar noko om rytmen i David sitt bøneliv, han søkte Gud i bøn morgon, middag og kveld. Det er ikkje umogeleg at dette syner til jødiske tidebøner, noko som me også ser att i Daniel sitt liv.
I vers 20 løftar David fram ei viktig sanning: Gud audmjuker dei som kjempar mot hans folk. Dei forandrar seg likevel aldri. Bibelen har eit delt menneskesyn: Eitt menneske har ein uendeleg verdi for Gud, men det er syndig, og kan ikkje forandra seg. Det må BLI forandra, av Gud.
v.21-22 Skildrar Davids fiendar. Dei er fine utanpå, men rovdyr på innsida. I Jesu terminologi: Ulv i saueham. Djevelen kjem som regel til Guds barn i forkledning, gjerne som ein from person. Korleis kan han avslørast? Han problematiserer Bibelens ord. Det gjer han alltid. Difor skal me halda oss unna dei menneska som gjer det. Dei er inspirerte av Satan. Dei er våre fiendar. Difor ber David i vers 24 Gud om å halvera deira levetid og kasta dei i grava.
Me avsluttar med vers 23 som innheld ei stor trøyst for oss som trur på Jesus: Me skal få kasta alle våre bører på Han. Og han seier det jo også sjølv i Matteus 11,28 at han gjerne vil overta alle børene våre og gje oss å kvila i han. Han som bar syndene våre opp på krossen, vil gjerne også bera alt anna me synest er tungt, anten det dreier seg om sjukdom, økonomi, familieproblem eller kva det skal vera.

søndag 10. juli 2016
Salme 54
v.1-2. Bakgunnen for salma er at nokre menn kom til Saul og angav David, og fortalde kongen kor "rivalen" var. Angjevarar har låg status i Guds ord. Dei er svært små mennesker som vonar på å tena litt på å svika andre. Ofte har dei ikkje noko annan agenda enn dette. Judas var ein angjevar. Djevelen er også det når han anklagar oss dag og natt for Guds åsyn, eller angjev oss, om du vil. Men til ingen nytte. For der er Jesus, som har døydd for oss og fridd oss frå våre synder med sitt eige blod.
v.3. David blir redd og ropar til Gud om at han skal hjelpa han og fri han ut av knipa ved sitt namn, og skaffa han rett ved si kraft.
Liksom ei brur ber brudgomens namn, og eit barn sin fars, ber ein kristen Guds namn, og den som ber Guds namn, har Gud, og tilgang til alt som tilhøyrer Gud. Og som me ser seinare i salma, fekk David all den hjelpa han trong.
David er urettferdig behandla av kong Saul, og blir forfølgt utelukkande av misunning. Her ber så David om at Gud i si kraft (eller makt) skal skaffa han rett, dvs avsløra at uretten ligg hos kong Saul. David kjenner seg makteslaus, og det er han også. Har ingenting å setja inn mot overmakta. Men den eigentlege kongen er jo Gud, og Han har makt over makta, og David ber instendig (v.4) om at Gud skal høyra på han og gripa inn.
v.5 skildrar situasjonen. "Framande" er Sauls leigesoldatar. Dei har fått ordre om å drepa. Dette er folk som ikkje kjenner Gud, som ikkje bryr seg om han, og som kun er innstilte på å gjera det dei er betalte for utan å tenkja på personleg ansvar i det heile.
v.6. Men overfor Gud kjem dei til kort. Ingen kan drepa den Gud held i live. Den største arme han ikkje ein gong bøya eit hår på hovudet til eit menneske om Gud forbyr det. Dei er som fyrstikker for han. Som støv. Som ingenting.
I vers 7 ber så David Gud rett og slett om å ta livet av fiendane hans. Han veit at dei ikkje berre står han imot, men dei står Gud imot. David visste godt at Guds gode planar for Israel var knytt til han, i og med at Gud hadde salva han til konge over folk og nasjon.
v.8 syner er ein dublett. Å ofra til Gud og prisa namnet hans er identisk. Skal eit offer ha verdi, må det berast fram frivillig. At det å prisa Guds namn er godt, tyder ikkje at det følest godt for den som gjer det, men at det er godt for Gud, og at det rett å halda på med det, og at det fremjar det gode i verda.
I vers 9 triumferer David. Han hadde blitt fridd ut frå den livsfarlege situasjonen, og kunne sjå ned på fiendane sine. Å sjå ned på her treng ikkje tyde forakta, men at David i Gud er overordna sine fiendar. Når me les Davidsalmane må me alltid ha i tankane at David var Messias, eit førebilete på Jesus, og ein dag skal HAN også underkua alle fiendane sine og leggja dei til skammel for sine føter.

torsdag 7. juli 2016
Salme 53
Dette er også ei læresalme. Det som her blir framført kan ikkje menneske tenkja seg fram til, det openberrast frå himmelen.
Salma står i nær samanheng med Ps 52, og er omtrent identisk med Ps 14
v.2. Ein dåre er ein person som byggjer livet sitt på løgn. Og løgna er at det ikkje finst nokon Gud!. Ateismen er ikkje noko ny oppfinning som kom med opplysningstida eller Karl Marx, nei han har vore stasjonert i menneskehjarta sidan syndefallet. Ateismen avspeglar rett og slett eit behov hos det falne menneske om å sleppa unna Gud og dei avgrensningane som han set for menneskelivet. Den som trur på Gud, må innretta livet sitt etter hans bod, og ein kan ikkje leva livet etter sine syndige lyster. Dei som det gjer, blir moralsk korrupte (NEV) utviklar eit stygt vesen (Lutherbibelen), og blir tilbøyeleg til å gjera "avskyelege handlingar" (NB11). Her snakkar me om menneske som har glede av å skada andre og blir tilfredsstilt ved å sjå dei i smerte.
v.3-4. Men Gud er høgst eksisterande, og han høyrer, ser og studerer oss menneske, og han leitar etter nokon som er klok, dvs om det er nokon som søkjer han, men han finn ingen. Dette verset brukar Paulus i Rom.3 når han utlegg læra om rettferda ved tru. Det finst ingen menneske som er rettferdige i seg sjølv. Ingen kan bli frelst utan å få Guds rettferd tilrekna ved tru.
Kva var Guds svar på at han ikkje fann noko godt og sant menneske som søkte han? Han måtte sjølv bli dette menneske for å kunna frelsa nokon som helst, og dei som let seg frelsa, blir definert som hans folk, dei som kallar på Gud.
Det er dette folket som så lett blir forfølgt av dei som definerer Gud ut av liva sine. Dei truande blir etne opp av dei gudlause, noko som indikerer at Guds folk er eit fredfullt folk, eit Jesusfolk som let seg føra til slaktebenken utan protestar og motstand, og ugjerningsmennene (tysk: Übeltäter) kjenner på at det dei gjer er heilt rett, og folk som gjer "det rette" blir jo alltid kjempefornøgde med seg sjølv, og er ikkje mottakelege for åtvaringar, og dei kallar ikkje på Gud.
v.6. Det er ein grunntanke i Bibelen at dei som utset Guds barn for forfølging, vil sjølve bli forfølgde av Gud. Gud sparer ikkje kristne frå forfølging, men dei som forfølger, utset seg for stor fare, dei hissar Gud på seg, for å seia det litt folkeleg. Då blir dei råka av stor redsle, ja, sjølv om det ikkje skulle vera noko grunn for det. Beina deira vil bli spreidde, noko som fører tankane mot død på slagmarka. Vidare skal dei skal bli til skamme, dvs. gå evig fortapt, vraka av Gud.
v.7 er ei bøn om at frelse må koma til Israel frå Sion. Sion er Jerusalem. Denne bøna vart besvart på Golgata kross. All frelse kjem frå Sion, der Jesus Kristus leid døden for oss alle. Og denne bøna skal besvarast også i framtida då Jesus kjem att for å frelsa alle som trur og døma alle vonde. Då kjem han att til jorda frå himmelen og set føtene sine på Oljeberget i Jerusalem.
Tanken på Jesu fullkomne frelsesverk fyller Jakob med jubel og Israel med glede. Jakob og Israel er eitt og det same. Det er Guds folk på jord, ein syntese av alle Jesustruande jødar og Jesustruande heidningar. Jesus er den nye Jakob, den jødiske stamfar til dagens internasjonale gudsfolk, truande frå alle nasjonar, stammer og språk. Jubel og glede er deira varemerke. Og når Jesus kjem att for å frelsa dei frå forfølging, aukar dette berre på og kjem til å vare i all æva.

Abonner på:
Innlegg (Atom)