onsdag 12. april 2017

Salme 56,9-14

v.9 har mykje trøyst i seg. Ein Gud som held rekneskap med ein manns heimlause steg og alle tårene han fell, må elska uendeleg høgt. Og så kan me spørja: Kvifor fører han dette rekneskapet? For å betala dobbelt attende, les me i Jesaja 40,1-2. Slik er Israels Gud. Ingen kristne må gå gjennom smerte og tap utan å få dobbelt attende frå den levande Gud.

v.10. Fordi Gud er slik, må fienden trekkja seg attende den dagen David ropar til Gud om hjelp. Det er eit rop som blir høyrt og besvart. Gud er ingen tullegud, men ein skikkeleg Gud som handlar kraftfullt når hans barn ropar og ber. Siste del av verset er ei sterk trusutsegn. David veit at Gud er med han. Korleis kan han vera sikker på det? Fordi han sjølv er med Gud. Gud er med dei som følgjer han og lyder hans ord.

v.11. Og Guds ord er godt. Det er sant. Det er skapande. Det er frelsande. Det er livgjevande, og mykje meir. Difor prisar David Guds ord. Og det gjev meining, for Gud er eitt med sitt ord, og  i NT blir  Jesus kalla Guds ord.

v.12. David har gjort opp med seg sjølv at Gud er til å stola på. Han torer å tru det. Når me trur at Gud er til å stola på, vert frykten alltid borte. Tru og frykt går ikkje saman.

v.13. David har lova Gud lovsong. Det er godt. Lovsangen til Gud er botnlinja i disippellivet. Å lovsyngja Gud er hovudelementet i den kristne livsstil. Lovsongen er eit offer, ei gåve frå oss til Gud, vår daglege gudsteneste. Og me elskar å gje Gud det beste som me har å by på, fordi me elskar han så vanvittig høgt.

v.14 lærer oss at Gud vaker over oss og forhindrar at me fell i synder som fører oss bort frå han og inn i den evige død. Han tek godt vare på oss og gjeter oss slik at me alltid kan leva for hans ansikt og nyta det milde og gode lyset som strøymer ut frå augo hans.

Ingen kommentarer: