7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
spotta av menneske, forakta av folk.
8 Alle som ser meg, håner meg,
vrengjer leppene og rister på hovudet:
9 «Han har gjeve seg over til Herren,
lat han fria han ut og berga han,
han har då glede i han!»
10 Du drog meg fram frå mors liv,
du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
frå mors liv er du min Gud.
12 Ver ikkje langt borte frå meg,
for trengsla er nær,
og det finst ingen som hjelper.
v.7-8: Her er Jesus inne i sine mørkaste timar på jorda. Folk spottar og mobbar han. Han kjenner seg behandla som om han skulle vore ein makk og ikkje ein mann. Alle hånar han, ropar stygge ting til han (vrengjer leppene) og rister på hovudet, eit sterkt negativt kroppsspråk, og dei seier i vers 9 at no kan jo berre Gud koma å fri han ut, dersom han har glede i han. Men visst ikkje, så kan ikkje Gud ha glede i han.
Mobbarane skjøna ingenting av at det var for deira skuld han leid, og at han difor måtte stå løpet ut og berre vera i denne elden. På det minste vink frå Jesu side, ville Far ha sendt tusenvis av englar for å fria Sonen sin frå liding og død, men dette vinket kom aldri. Så høgt er me elska av Jesus.
v.10-11. Her ser Jesus attende på livet sitt, heilt tilbake til fødselen og barneåra, og syner at han heilt frå først av har vore under Guds trufaste omsorg.
(I ein parentes vil eg her seia: Når me døyper barn i dag, kastar me dei på Gud og overlet dei til han. Det er mange tekstar i Bibelen som fortel oss at småbarn er fullverdige menneske i Guds augo, med dei same rettar på hans nåde som vaksne har, og difor har dei same rett på Guds ord, dåp og nattverd som tilfelle er for vaksne. I Skrifta er det aldri nemnt at barn bør bli vaksne før dei får del i Guds rike, men det nemnt at vaksne må bli som barn.)
I vers 12 ber Jesus om at Gud må vera nær han når han har det vanskeleg og ikkje han nokon annan hjelpar. Slik var det då han hang på krossen. Han var absolutt åleine, og sjølv om han bad varmt for seg, måtte Jesus gjennom dødsskuggens dal heilt åleine.
Men det slepp dei truande. Når me barn kjem dit, står Jesus og ventar på oss for å guida oss gjennom. Han hadde ingen hjelpar, men han er sjølv vår hjelpar. Ære vere hans namn,
Takk Herre Jesus for at du gjekk gjennom dom og død heilt åleine for vår skuld, og at du difor vil vera med oss gjennom døden og domen, og på den siste dag gå god for oss hos Gud. Me ærar deg for din kjærleik og di forsoning. Amen.
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
lørdag 5. mai 2012
fredag 4. mai 2012
Salme 22,1-6
Til korleiaren. Etter «Morgonròdens hind». Ein salme av David.
2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
Kvifor er du så langt borte
når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?
3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
eg ropar om natta og finn ikkje ro.
4 Men du er Den heilage,
som tronar over Israels lovsong.
5 Til deg sette fedrane si lit,
dei leit på deg, og du fria dei ut.
6 Dei ropa til deg og vart berga,
dei leit på deg og vart ikkje til skamme.
Salme 22 handlar om Jesu liding og død. Ingen av salmene er sitert så ofte i NT som denne.
Vers 2-3 er tittelen: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Då Jesus hang på krossen, bad han denne salma. Det var David som skreiv henne, men han såg framover til Jesu liding og død, det verkar rett og slett som om han såg det visuelt, og då Jesus hang på krossen, hende nett det som er beskrive i salma.
På krossen var Jesus fullstendig isolert frå Gud sin Far. Dette kan ikkje me forstå. Men det som hende på krossen var at Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv ved å straffa Sonen sin med den straff som var tiltenkt oss. Det vart eit mareritt for Jesus. Han skreik ut i si naud, men til inga nytte. Han var fullstendig åleine under Guds dom over alle menneskes ugjerningar. Det var ein tøff bit å gå for Guds son.
v. 4 Jesus hevar seg over si eiga liding og prisar Gud som Den heilage som tronar på Israels lovsongar.
Dette er viktig lærdom. Der Gud rår, skjer det under. Kor rår Gud? Der menneska takkar og prisar han. Han tronar på lovsongane våre. Der folk prisar Gud, skjer det under. Israels lovsongar er det same som Salmane. Dei er fine å be. Salmane var Jesus si bønebok, og Gud regjerte i og gjennom livet hans.
v. 5 Fedrane er Abraham, Isak, Jakob og mange andre. Dei trudde på Gud, sette si lit til han, og han fria dei ut. Korleis erfara fridom frå synda, djevelen og dei problema som verda påfører oss? Ved å tru på Gud og hans dyrebare ord. Trua på Gud er nøkkelen til alt godt.
v. 6 Folk som stolar på Gud, ropar til han i si naud. Dei vert ikkje skuffa. Dei som ropar til Gud, vert berga. Det seier Ordet, og det er Ordet som gjeld.
Gode Gud! Du som tronar på Israels lovsongar, legg din lovsong ned i hjarta mitt og i munnen min, slik at eg kan prisa deg rett, og du kan regjere i og gjennom livet mitt. Takk at du gjennom di liding forsonte meg med Gud, og fordi du aldri let meg bli til skamme når eg ropar til deg. Amen!

torsdag 3. mai 2012
Salme 21,9-14
9 Di hand skal nå alle dine fiendar,
di høgre hand skal nå dei som hatar deg.
10 Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg.
Herren skal sluka dei i sin vreide
og elden eta dei opp.
11 Deira frukt skal du rydda ut frå jorda,
deira ætt blant menneskeborna.
12 Når dei legg vonde planar mot deg
og tenkjer på svik,
skal dei ikkje lukkast.
13 Du får dei til å rømma,
du spenner bogen mot dei.
14 Ver opphøgd, Herre, i di makt!
Vi vil spela og syngja om dine storverk.
v.9: Kven er Guds fiendar?
1) Alle som vil stoppa munnen på kristne, og avgrensa kristne sin innflytelse i samfunnet.
2) Alle som jobbar for å tillata det som Gud forbyr, og forby det som Gud påbyr.
3) Alle som spottar Gud.
4) Alle som forfølger kristne
5) Alle som forfører kristne
Desse menneska vil bli fanga inn av Guds hand. Dei slepp ikkje unna.
v.10: Domen som ventar dei er fælsleg og skildra som ein brann.
Guds vreide er eit uttrykk for Guds rettferdige dom over dei som bryt hans bod, jobbar mot hans sak og avviser hans nåde.
v.11: Guds straff gjeld både dette livet og det som kjem. Guds fiendar vil oppleva at dei vert barnlause, og at dei misser barn, slik som me les om Farao og egyptarane i 2. Mosebok 11.
v.12: Nokre av Guds fiendar jobbar systematisk mot han, slik som t.d. iranske styresmakter når det gjeld å arrestera kristne. Dei skal ikkje lukkast. Guds kyrkje er heilt uovervinneleg så lenge ho held seg nær til Gud. Då verkar forfølginga mot sin hensikt. Det blir berre fleire kristne av det.
v.13: Dei som spreier redsle, vil sjølve oppleva redsle då dei opplever at Gud forfølgjer dei. Det er slik at Gud vil forfølgja alle som forfølgjer hans barn.
v.14: Salma vert avslutta med ei bøn. Alle truande ønskjer sterkt at Gud skal bli opphøgd, dvs synleg for alle, kjent av alle, trudd av alle, respektert av alle, følgd av alle og elska av alle.
Gud er mektig. Han tilgjev synda til alle som ber om det, han driv djevelen bort frå dei som står han imot, lækjer sjukdomane våre og gjev oss langt meir godt enn det me har vit til å be om. Difor vil me syngja og spela om hans storverk. Dei er mange. Naturen demonstrerer kor mektig, dyktig, intelligent, estetisk og kreativ han er, i Bibelen les me om alt det han har gjort for å frelsa oss. Imponerande.

mandag 30. april 2012
Salme 21,1-8
Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Herre! Kongen gler seg over di makt.
Høgt jublar han over di frelse.
3 Det hans hjarte ønskte, har du gjeve han,
du har ikkje nekta han det hans lepper bad om.
4 Du møter og velsignar han med det som godt er,
og set ei krone av reint gull på hans hovud.
5 Han bad deg om liv,
du gav han levedagar som aldri tek slutt.
6 Stor er hans ære, for du frelser han,
høgd og herlegdom gjev du han.
7 Frå deg får han evig velsigning,
du fyller han med fryd når du er nær.
8 For kongen set si lit til Herren.
Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.
Dette er også ei kongesalme, dvs ei salme om Messias, om Jesus.
v.2. Messias gleder seg over Guds makt. Gud utøver alltid si makt i kjærleik. Det skal me vera glade for. Men det er ikkje mange menneske i dag som gleder seg over Guds makt. Mange meiner at han ikkje har makt, og dei er fornøgd med det. Men Gud har makt. Og denne makta har han gjeve Jesus. Og han er den einaste som har makt til å tilgje oss våre synder og reisa oss opp frå dei døde, så me skal alle gleda oss over Guds makt. Det skal vera visst.
v.3: Jesus fekk alltid det han bad om. Då han sto utanfor grava til Lasarus, bad han og sa: "Far, takk for at du alltid gjev meg det eg bed deg om..." Så vekta han Lasarus opp frå dei døde. Jesus var ein stor bedar, og det kan du og eg bli også. Jesus vil læra oss det. Men bøn er ikkje ein teknikk eller noko sånt. Det er fortruleg samtale med Gud, og han ser kva bønesvar me er i stand til å bera.
v. 4 Jesus vart krona til konge då han 40 dagar etter påske vart teken opp til himmelen. I 33 år hadde Meisteren levd i fornedring, og møtte til sist den reine vondskapen. I himmelen vart han møtt med velsigning og det som godt er.
v.5. Jesus bad Far om liv, og han fekk levedagar som aldri tek ende. Etter at Jesus sto opp frå dei døde, kan han aldri meir døy, og det gjeld også for alle som trur på han.
v.6: Jesu ære er stor, og det skal me visa ved å syngja for han, be til han, takka han og følgja han. Då Jesus fòr opp til himmelen fekk han høgd og herlegdom, dvs både autoritet og kraft til å setja det han bestemmer ut i live.
v.7: Jesus levde alltid nær Far, og det fylte han med glede. Gjennom Jesus får me også leva nær inntil Gud og erfara den same gleda som Jesus lever i.
v.8: Jesus sette si lit til Gud, og vakla ikkje. Sjølv då alle var imot han og dei spotta, slo og drap han beheldt han fatninga. Dersom me set vår lit til Herren, vil heller ikkje me vakla, med stå fast i dei tyngste prøvingar og freistingar.

lørdag 28. april 2012
Salme 20,4-6
Måtte han minnast alle dine gåver
og ta imot ditt brennoffer. Måtte han gje deg det hjartet ditt ønskjer,
og oppfylla alle dine planar,
så vi kan jubla over di frelse
og lyfta banneret i vår Guds namn.
Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!
Salmisten ber om at Herren må minnast Messias sine gåver og ta imot offeret hans.
Jesus bar fram eit fullkome offer for synd, og dette vart fullt ut mottatt og akseptert av Gud som godt nok for alle menneske.
Så ber han om at Herren må gje Messias det han ønsker, og oppfylla planane hans.
Kva ønskjer Jesus? At alle skal bli frelst og bli kjent med sanninga.
Kva planar har han? At me som kristne skal forkynna evangeliet som eit vitnemål for alle folkeslag. Når det er i boks, då kjem enden.
Når me går i Guds plan, kan me fryda oss over hans frelse.
Mange kristne er gledeslause. Det er fordi dei ikkje går i og fullfører Guds planar.
"Å løfta banner i vår Guds namn" er å løfta krossen og markera for alle at ein trur på Jesus, og fortelja folk at dei også bør overgje liva sine til han.
Kva ber Jesus om? Han ber for oss som trur på han, og han ber for folkeslaga at dei skal begynna å tru på han. Måtte dette bli slik. Amen.
Gode Gud! Takk at du velvillig tok imot Jesu offer, og at du for hans skuld tilgjev oss alle våre synder når me innrømmer dei. Takk at du har gode planar for liva våre, og forat du ønsker oss kun det beste. Hjelp meg så eg ikkje skammar meg over å vera ein kristen, men løftar korset høgt slik at alle kan sjå det. Fyll meg med glede over di frelse, og oppfyll alle bønene mine, i Jesu namn, amen.

mandag 23. januar 2012
Salme 20,1-3
Salme er forma som ei velsigning.
I Bibelen kan både Gud og menneske velsigna.
Ei velsigning kan vera verbal eller praktisk.
Når me velsignar menneske verbalt, ønskje me at ting må gå godt for vedkomande.
Velsigninga kan retta seg mot kropp, sjel og ånd, mot økonomi og fellesskap.
Me nedkallar Guds velsigning over den andre.
V. 1-3 er eit ønskje om mirakuløse bønesvar den dagen personen er i naud, og om at Jakobs Guds namn må verna personen.
Mange menneske er i store vanskar. Når me møter dei kan me velsigna dei med tala slik over dei som salmisten her lærer oss: "Må Herren høyra deg den dag du er i store vanskar."
Den som har den rette underskrifta på eit verdipapir, eig den pålydande verdien.
I dåpen får me Guds signatur i hjarto våre. Me kan rosa oss av hans namn. I den usynelege verda er Jesu namn det einaste namnet som har validitet. Det gjev oss eit enormt vern mot åndsmakter som vil øydeleggja liva våre.
Guds hjelp frå heilagdomen er englehjelp. Dei blir sendt ut som tenande ånder for koma Guds barn til hjelp.
Sion er eit uttrykk for den plassen der Gud er nær, og der han gjer sitt nærvær gjeldande, der hans herlegdom kjem til syne. Ingenting kan styrka ein kristen som når Gud openberrar nærværet sitt og syner herlegdomen sin. Det er sterke saker, og er omtala fleire plassar både i Det gamle og Det nye testementet.
Det er dette Guds kyrkje treng i vår tid. Ikkje noko mindre.
Det er ikkje likegyldig korleis me lever. Dersom me ber og gjer gode gjerningar, vil Herren koma oss i hug, slik som han gjorde med Kornelius i Apg.10. Dersom me søkjer han og tek oss av fattige og trengande, vil han velsigna oss med åndelege gåver.

torsdag 22. desember 2011
Salme 19,12-15
v.12 Lova åtvarar oss slik at me ikkje rotar oss opp i ting som er farlege for oss, og for å stoppa oss i å skada andre. Det siste påfører oss skuld, og å leva med skuld er farleg både i det korte og lange løp.
Å halda Guds lover løner seg stort. Lovene er i samsvar med skaparverket og tilpassa dette. Spelar me på lag med lovene, spelar me på lag med skaparverket, og det vil me tena på. Dessutan liker Gud at me held lovene hans, og han løner oss for det med å velsigna oss utover det normale. Ikkje fordi me har fortent det, men fordi han er god og vil stadfesta ordet sitt.
v.13 David er veldig klår over at han har mange synder, og dei fleste registrerer han ikkje ein gong. Han ber difor om å bli reinsa også frå skjulte synder. Det skjer ved at lyset over livet vert sterkare og ein ser detaljane i eigen livsførsel tydlegare. Då blir det meir å innrøma og ta tak i.
v.14 er ei bøn om å bli bevart frå stoltheit, arroganse og syndige haldningar. Den som det blir, vil aldri gjera ting store klanderverdige mistak, for synda kjem alltid innafrå. Får du skikk på ditt indre, vil det syna positivt att i det ytre. Dette fordrar kontinuerleg analyse, gjerne saman med ein annan truande.
v.15 a er ei fantastisk bøn. Den er fødd i ein person som elskar Gud og som meir enn noko ønskjer å representera han på ein god måte, og som vil at Gud skal bli ståande i eit godt lys mellom menneska. Det skjer gjennom oss som trur, det me seier og gjer.

Abonner på:
Innlegg (Atom)