mandag 23. januar 2012

Salme 20,1-3

Salme er forma som ei velsigning.
I Bibelen kan både Gud og menneske velsigna.
Ei velsigning kan vera verbal eller praktisk.
Når me velsignar menneske verbalt, ønskje me at ting må gå godt for vedkomande.
Velsigninga kan retta seg mot kropp, sjel og ånd, mot økonomi og fellesskap.
Me nedkallar Guds velsigning over den andre.

V. 1-3 er eit ønskje om mirakuløse bønesvar den dagen personen er i naud, og om at Jakobs Guds namn må verna personen.
Mange menneske er i store vanskar. Når me møter dei kan me velsigna dei med tala slik over dei som salmisten her lærer oss: "Må Herren høyra deg den dag du er i store vanskar."

Den som har den rette underskrifta på eit verdipapir, eig den pålydande verdien. 
I dåpen får me Guds signatur i hjarto våre. Me kan rosa oss av hans namn. I den usynelege verda er Jesu namn det einaste namnet som har validitet. Det gjev oss eit enormt vern mot åndsmakter som vil øydeleggja liva våre.

Guds hjelp frå heilagdomen er englehjelp. Dei blir sendt ut som tenande ånder for koma Guds barn til hjelp.

Sion er eit uttrykk for den plassen der Gud er nær, og der han gjer sitt nærvær gjeldande, der hans herlegdom kjem til syne. Ingenting kan styrka ein kristen som når Gud openberrar nærværet sitt og syner herlegdomen sin. Det er sterke saker, og er omtala fleire plassar både i Det gamle og Det nye testementet.
Det er dette Guds kyrkje treng i vår tid. Ikkje noko mindre.

Det er ikkje likegyldig korleis me lever. Dersom me ber og gjer gode gjerningar, vil Herren koma oss i hug, slik som han gjorde med Kornelius i Apg.10. Dersom me søkjer han og tek oss av fattige og trengande, vil han velsigna oss med åndelege gåver.

torsdag 22. desember 2011

Salme 19,12-15

v.12 Lova åtvarar oss slik at me ikkje rotar oss opp i ting som er farlege for oss, og for å stoppa oss i å skada andre. Det siste påfører oss skuld, og å leva med skuld er farleg både i det korte og lange løp.

Å halda Guds lover løner seg stort. Lovene er i samsvar med skaparverket og tilpassa dette. Spelar me på lag med lovene, spelar me på lag med skaparverket, og det vil me tena på. Dessutan liker Gud at me held lovene hans, og han løner oss for det med å velsigna oss utover det normale. Ikkje fordi me har fortent det, men fordi han er god og vil stadfesta ordet sitt.

v.13 David er veldig klår over at han har mange synder, og dei fleste registrerer han ikkje ein gong. Han ber difor om å bli reinsa også frå skjulte synder. Det skjer ved at lyset over livet vert sterkare og ein ser detaljane i eigen livsførsel tydlegare. Då blir det meir å innrøma og ta tak i.

v.14 er ei bøn om å bli bevart frå stoltheit, arroganse og syndige haldningar. Den som det blir, vil aldri gjera ting store klanderverdige mistak, for synda kjem alltid innafrå. Får du skikk på ditt indre, vil det syna positivt att i det ytre. Dette fordrar kontinuerleg analyse, gjerne saman med ein annan truande.

v.15 a er ei fantastisk bøn. Den er fødd i ein person som elskar Gud og som meir enn noko ønskjer å representera han på ein god måte, og som vil at Gud skal bli ståande i eit godt lys mellom menneska. Det skjer gjennom oss som trur, det me seier og gjer.

onsdag 21. desember 2011

Salme 19,8-11

Dette avsnittet lovprisar Guds lov, dvs Guds ord. Det er god samanheng mellom vers 8-11 og 1-7: : Slik som sola opplyser jorda og vårt ytre miljø, slik opplyser Guds ord sjela og vårt indre miljø. Slik som sola syner menneske sanninga om den fysiske verda, slik syner Guds ord oss sanninga om den usynlege, åndelege verda.

Det ligg implisitt i dette avsnittet at Guds ord er truverdig og påliteleg. Det toler all gransking.

Kjært barn har mange namn. Guds lov blir her kalla Herrens vitnemål, Herrens befaling (statuttar), Herrens påbod, agen for Herren og Herrens domar, uttrykk som me også kan finna att i Salme 119.

v.8 Guds lov fornyar sjela. Kan også omsettast slik: Guds lov fører sjela til omvending. Det samsvarar med det Paulus lærer oss om lova sin funksjon, den kom til for at synda skulle bli stor, for å avsløra oss som ubehjelpelege syndarar og som difor driv oss til Kristus.

Herrens vitnemål er eit anna uttrykk for Guds lov. Den reflekterer det som er i Guds indre, hans gode vilje og plan.  Når me menneske augnar det som er der av godleik og sanning, vert me kloke.

v.9 Herrens befalingar gleder hjarta. Ikkje berre ved å vita om dei, men ved å følgja dei, naturlegvis. Hans påbod opplyser augo, dvs. hjelper oss til å sjå og tenkja klårt, til å avsløra det løgnaktige i tankar og haldningar som me og andre måtte ha. Guds lover gjer oss til sjåande menneske.

v.10 At lova vert kalla "agen for Herren" har vel samanheng med at ho er i seg sjølv full av autoritet, at Gud står 100% bak henne og at dersom me støyter mot henne, støyter me mot Gud. Dinest skaper lova age for Herren når me prøver å følgja henne, og merkar kor me kjem til kort i alle ting.

v.11 Menneska reiser over heile verda for å skaffa seg pengar og rikdom. Men legg mindre energi i å få tak i det som er langt meir verdfullt, Guds gode vilje. Det er dårskap av første klasse. Guds lov er det mest verdfulle me har fordi det gjev alle mennesker gode liv her og no om me følgjer henne, og evig liv hos Gud i etterkant. Slik er ho søtare enn honning og honningkake. Det følgjer fest med denne lova.


mandag 19. desember 2011

Salme 19,1--7

Dette avsnittet lærer oss om det som me i teologien kallar for "den generelle eller allmenne openberring." Gud talar til oss om si store makt og sin herlegdom gjennom naturen; jorda som me bur på, sola som går sin gang og skifte mellom dag og natt.

Himmelen forkynner om Guds herlegdom, og jorda om hans henders verk. Alt me ser rundt oss er skapt av Gud på forunderleg vis. Det andar av intelligens, estetikk og moral. Alle kan sjå det og dra ufattelege goder av det, og det er grunn for alle å takka og lova han som har skapt oss og plassert oss inn i eit skaparverk av slike veldige dimensjonar.

Gud talar gjennom sitt verk utan ord. Skaparverket talar for seg sjølv. På domens dag er difor alle utan orsaking, skriv Paulus i Romerbrevet 1, for det folk kan vita om Gud ligg rett framfor dei. Både hans usynlege vesen og hans evige kraft og hans guddom kan alle kjenna gjennom hans gjerningar.

søndag 18. desember 2011

Salme 18,44-51

v. 44-46. David førte mange krigar, og opplevde gong etter gong at Gud gav han siger og makt over fiendane. For oss er det viktig å vita at Gud er ein Gud som bergar sine barn frå folk som vil kjempa mot dei. Når det blir tøft rundt deg, er du ikkje åleine. Herren er med deg som ei kjempe som vil frelsa (Sefanja 3). Sørg berre for at du kampen din er rettferdig, elles har du ikkje Gud med på laget.


v. 47. er ein proklamasjon: Herren lever, 
ei velsigning: Velsigna er mitt berg 
og ein lovsong:   Opphøgd er Gud, min frelsar!
Som kristne skal me proklamera at Jesus lever og me skal velsigna og lovsyngja hans namn. Det er vår grunnaktivitet. I NT blir det då også markert at Jesus er det grunnfjellet som me får byggja liva våre på. 


Van Gemeren skriv i sin salmekommentar: " Einkvar kristen forstår at den kongen som her er omtalt er ingen annan enn Jesus Messias. Kongane av Davids hus og ætt kunne i større og mindre grad fylla utfylla rolla si, men Guds rike kom fullt og heilt med Jesus, og i han får me ta imot Guds kjærleik (hesed), og i han vinn me siger. Hans frelse inkludera omsorg for heile vårt liv og velvære, åndeleg og timeleg." (Expositor`s Bible Commentary, Zondervan forlag bind 5 side 177)
          

I v. 48 erklærer David at Gud hemnar han eller "gjev han hemn" og legg folkeslag under han.
Jesus er den som skal døma alle folkeslag når dei skal samlast for hans trune. Dei er alle underlagt Sonen.
Som kristne overlet me all hemn til Herren, og jobbar for ved trua å leggja folkeslag under HAN. 



v. 49. sjå over.

v. 50. Fordi Gud har gripe så suverent inn i livet hans vil David takka og lova han mellom folkeslaga.
Å lovsyngja Gud mellom folkeslaga er ein sentral tanke også i Romerbrevet 15. I lovsongen løftar me opp Gud på ein slik måte at dei som ikkje kjenner han blir dregen mot han og merkar hans sterke, gode og heilage nærvær. Difor må lovsongen ut der dei ikkje-truande bevegar seg. Det skaper tru der tru ikkje eksisterer.



v.51. På norsk står det at Gud gjev kongen siger, men både på engelsk og tysk står det utfriing eller frelse. Den han har salva er her Messias. Guds omsorg for Messias Guds miskunn inn i livet hans er poengtert over alt i GT. I NT ser me det i Jesu liv. Då Jesus Messias vart reist opp frå dei døde vart han frelst og fridd ut frå døden og alle fiendemakter for alltid. 


Denne sigeren har alle hans etterfølgjarar del i ved trua.

lørdag 17. desember 2011

Salme 18,38-43

v.38-43 Handlar om Davids siger over fiendane sine. Gud var med David i krigen, og gav han alt han trong for å dra i land ein herleg siger. Fiendane vart totalt knuste, og ryktet om Davids framgang førte til at andre kongar underordna seg utan motstand.

Siger i krig var på den tid synonymt med Guds støtte. Krig var ikkje synd, og det var ingen skam knytt opp til det å overvinna fiendane sine. Tvert om.

I GT hadde Israels folk domsrett over dei andre folka. I NT vart denne domsretten overført til Jesus. Han skal døma verda med rettferd når han kjem attende til denne verda, etter at evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag. Då skal han også knusa fiendane sine, les me i Openberringsboka. 

Guds rike er i vår nytestamentlege setting blitt globalt. Det skal etablerast i alle land og nasjonar gjennom forkynninga av evangeliet. Vår krig er ikkje mot kjøt og blod, men mot dei vonde åndsmaktene som held menneska fanga i vantru og vondskap. Dei kan me berre nedkjempa gjennom inderleg bøn og rettferdige liv.

Dersom me lever rett etter Guds ord, forkynner ordet og ber i Den heilage ande, vil me oppleva at fienden slepp taket i menneska me har rundt oss slik at dei kjem til oss for å finna frelsa, og me kan på vår side føra dei til Jesus.

Det er viktig at omvendinga er grundig nok, og at folk ikkje får lov å ha noko av det gamle att å kosa seg med. Har dei det,  vil djevelen igjen innta dei og føra dei bort frå Gud. Syndene må kastast ut som skit i gatene (v. 43).

fredag 16. desember 2011

Salme 18,36-37

v.36: Gud og hans frelse er eit skjold, eit skjermbrett, mellom den truande og alt trugar hans/hennar liv og eksistens. Frelse er her eit uttrykk for Guds absolutte vilje til å berga barna sine ut av vanskelege situasjonar.

Det er mange krefter her i verda som vil trykkja ein truande ned. Men Guds høgre hand held han/ho oppe. Som foreldre veit me kva dette handlar om. Me kan ikkje overlata barna våre til kreftene sitt frie spel. Enno mindre gjer Gud det. Han utøver dagleg omsorg langt ut over det me har forstand til å be om.

På tysk står det: "Di rettferd styrker meg". Guds rettferd er synonymt med Guds godvilje for oss. 

"Guds godleik har gjort meg stor", les me i King James. Bibelselskapet overset slik: "Du bøyer deg ned og gjer meg stor." To ting er å seia om dette: Gud tek i sin godleik vare på ryktet vårt slik at me ikkje taper respekt i samfunnet, snarare tvert om. Dinest vil alle som opplever seg elska av Gud oppleva seg store, verdfulle og viktige.

v.37. Den gode Gud ser også til at livsvegen er framkomeleg og romsleg nok. Han ryddar vegen for oss og jamnar han ut slik at me ikkje vaklar. Dette hadde David erfart, og det er han ikkje åleine om.