v.38-43 Handlar om Davids siger over fiendane sine. Gud var med David i krigen, og gav han alt han trong for å dra i land ein herleg siger. Fiendane vart totalt knuste, og ryktet om Davids framgang førte til at andre kongar underordna seg utan motstand.
Siger i krig var på den tid synonymt med Guds støtte. Krig var ikkje synd, og det var ingen skam knytt opp til det å overvinna fiendane sine. Tvert om.
I GT hadde Israels folk domsrett over dei andre folka. I NT vart denne domsretten overført til Jesus. Han skal døma verda med rettferd når han kjem attende til denne verda, etter at evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag. Då skal han også knusa fiendane sine, les me i Openberringsboka.
Guds rike er i vår nytestamentlege setting blitt globalt. Det skal etablerast i alle land og nasjonar gjennom forkynninga av evangeliet. Vår krig er ikkje mot kjøt og blod, men mot dei vonde åndsmaktene som held menneska fanga i vantru og vondskap. Dei kan me berre nedkjempa gjennom inderleg bøn og rettferdige liv.
Dersom me lever rett etter Guds ord, forkynner ordet og ber i Den heilage ande, vil me oppleva at fienden slepp taket i menneska me har rundt oss slik at dei kjem til oss for å finna frelsa, og me kan på vår side føra dei til Jesus.
Det er viktig at omvendinga er grundig nok, og at folk ikkje får lov å ha noko av det gamle att å kosa seg med. Har dei det, vil djevelen igjen innta dei og føra dei bort frå Gud. Syndene må kastast ut som skit i gatene (v. 43).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar