søndag 10. juli 2016

Salme 54

v.1-2. Bakgunnen for salma er at nokre menn kom til Saul og angav David, og fortalde kongen kor "rivalen" var. Angjevarar har låg status i Guds ord. Dei er svært små mennesker som vonar på å tena litt på å svika andre. Ofte har dei ikkje noko annan agenda enn dette. Judas var ein angjevar. Djevelen er også det når han anklagar oss dag og natt for Guds åsyn, eller angjev oss, om du vil. Men til ingen nytte. For der er Jesus, som har døydd for oss og fridd oss frå våre synder med sitt eige blod.

v.3. David blir redd og ropar til Gud om at han skal hjelpa han og fri han ut av knipa ved sitt namn, og skaffa han rett ved si kraft.
Liksom ei brur ber brudgomens namn, og eit barn sin fars, ber ein kristen Guds namn, og den som ber Guds namn, har Gud, og tilgang til alt som tilhøyrer Gud. Og som me ser seinare i salma, fekk David all den hjelpa han trong.
David er urettferdig behandla av kong Saul, og blir forfølgt utelukkande av misunning. Her ber så David  om at Gud i si kraft (eller makt) skal skaffa han rett, dvs avsløra at uretten ligg hos kong Saul. David kjenner seg makteslaus, og det er han også. Har ingenting å setja inn mot overmakta. Men den eigentlege kongen er jo Gud, og Han har makt over makta, og David ber instendig (v.4) om at Gud skal høyra på han og gripa inn.

v.5 skildrar situasjonen. "Framande" er Sauls leigesoldatar. Dei har fått ordre om å drepa. Dette er folk som ikkje kjenner Gud, som ikkje bryr seg om han, og som kun er innstilte på å gjera det dei er betalte for utan å tenkja på personleg ansvar i det heile.

v.6. Men overfor Gud kjem dei til kort. Ingen kan drepa den Gud held i live. Den største arme han ikkje ein gong bøya eit hår på hovudet til eit menneske om Gud forbyr det. Dei er som fyrstikker for han. Som støv. Som ingenting.

I vers 7 ber så David Gud rett og slett om å ta livet av fiendane hans. Han veit at dei ikkje berre står han imot, men dei står Gud imot. David visste godt at Guds gode planar for Israel var knytt til han, i og med at Gud hadde salva han til konge over folk og nasjon.

v.8 syner er ein dublett. Å ofra til Gud og prisa namnet hans er identisk. Skal eit offer ha verdi, må det berast fram frivillig. At det å prisa Guds namn er godt, tyder ikkje at det følest godt for den som gjer det, men at det er godt for Gud, og at det rett å halda på med det, og at det fremjar det gode i verda.

I vers 9 triumferer David. Han hadde blitt fridd ut frå den livsfarlege situasjonen, og kunne sjå ned på fiendane sine. Å sjå ned på her treng ikkje tyde forakta, men at David i Gud er overordna sine fiendar. Når me les Davidsalmane må me alltid ha i tankane at David var Messias, eit førebilete på Jesus, og ein dag skal HAN også underkua alle fiendane sine og leggja dei til skammel for sine føter. 



torsdag 7. juli 2016

Salme 53

Dette er også ei læresalme. Det som her blir framført kan ikkje menneske tenkja seg fram til, det openberrast frå himmelen.
Salma står i nær samanheng med Ps 52, og er omtrent identisk med Ps 14

v.2. Ein dåre er ein person som byggjer livet sitt på løgn. Og løgna er at det ikkje finst nokon Gud!. Ateismen er ikkje noko ny oppfinning som kom med opplysningstida eller Karl Marx, nei han har vore stasjonert i menneskehjarta sidan syndefallet. Ateismen avspeglar rett og slett eit behov hos det falne menneske om å sleppa unna Gud og dei avgrensningane som han set for menneskelivet. Den som trur på Gud, må innretta livet sitt etter hans bod, og ein kan ikkje leva livet etter sine syndige lyster. Dei som det gjer, blir moralsk korrupte (NEV) utviklar eit stygt vesen (Lutherbibelen), og  blir tilbøyeleg til å gjera "avskyelege handlingar" (NB11). Her snakkar me om menneske som har glede av å skada andre og blir tilfredsstilt ved å sjå dei i smerte.

v.3-4. Men Gud er høgst eksisterande, og han høyrer, ser og studerer oss menneske, og han leitar etter nokon som er klok, dvs om det er nokon som søkjer han, men han finn ingen. Dette verset brukar Paulus i Rom.3 når han utlegg læra om rettferda ved tru. Det finst ingen menneske som er rettferdige i seg sjølv. Ingen kan bli frelst utan å få Guds rettferd tilrekna ved tru.

Kva var Guds svar på at han ikkje fann noko godt og sant menneske som søkte han? Han måtte sjølv bli dette menneske for å kunna frelsa nokon som helst, og dei som let seg frelsa, blir definert som hans folk, dei som kallar på Gud.

Det er dette folket som så lett blir forfølgt av dei som definerer Gud ut av liva sine. Dei truande blir etne opp av dei gudlause, noko som indikerer at Guds folk er eit fredfullt folk, eit Jesusfolk som let seg føra til slaktebenken utan protestar og motstand, og ugjerningsmennene (tysk: Übeltäter) kjenner på at det dei gjer er heilt rett, og folk som gjer "det rette" blir jo  alltid kjempefornøgde med seg sjølv, og er ikkje mottakelege for åtvaringar, og dei kallar ikkje på Gud.

v.6. Det er ein grunntanke i Bibelen at dei som utset Guds barn for forfølging, vil sjølve bli forfølgde av Gud. Gud sparer ikkje kristne frå forfølging, men dei som forfølger, utset seg for stor fare, dei hissar Gud på seg, for å seia det litt folkeleg.  Då blir dei råka av stor redsle, ja, sjølv om det ikkje skulle vera noko grunn for det. Beina deira vil bli spreidde, noko som fører tankane mot død på slagmarka. Vidare skal dei skal bli til skamme, dvs. gå evig fortapt, vraka av Gud.

v.7 er ei bøn om at frelse må koma til Israel frå Sion. Sion er Jerusalem. Denne bøna vart besvart på Golgata kross. All frelse kjem frå Sion, der Jesus Kristus leid døden for oss alle.  Og denne bøna skal besvarast også i framtida då Jesus kjem att for å frelsa alle som trur og døma alle vonde. Då kjem han att til jorda frå himmelen og set føtene sine på Oljeberget i Jerusalem.

Tanken på Jesu fullkomne frelsesverk fyller Jakob med jubel og Israel med glede. Jakob og Israel er eitt og det same. Det er Guds folk på jord, ein syntese av alle Jesustruande jødar og Jesustruande heidningar. Jesus er den nye Jakob, den jødiske stamfar til dagens internasjonale gudsfolk, truande frå alle nasjonar, stammer og språk. Jubel og glede er deira varemerke. Og når Jesus kjem att for å frelsa dei frå forfølging, aukar dette berre på og kjem til å vare i all æva.

onsdag 6. juli 2016

Salme 52

Dette er ei læresalme som inneheld grunnleggande kristne sanningar.
Oppsummert: Nokre kjem til makta med hjelp av svik, løgn og vondskap, og er stolte over dei lure metodane sine, som dei forresten fører med seg inn i styreaettet sitt. Dei avskriv Gud, stolar på rikdomen og brukar makta si til å skada. Men Gud hatar det, og deira tid på toppen er tilmålt. Ein dag riv Gud dei ned frå taburettane, og støyter dei ut av "landet åt dei levande". Dei har inga framtid saman med Gud.

Når dei fell for Guds hand,  jublar dei rettferdige med frykt. Dei veit at ingen tullar med Gud.
Dei som set si lit til Gud og hans miskunn, blir som eit grønt og frodig oliventre i Guds hus til stor velsigning for mange. Guds hus er kyrkjelyden. David prisar nemleg Gud saman med hans trufaste vener. Me er eit fellesskap. Bibelen markerer dette grundig. Det er god plass til individet i Bibelen, men ikkje til individualismen, som forresten er ein pest i Guds kyrkje i dag. Det er så mykje snakk om min funksjon, mine nådegåver, mi teneste og mine opplevingar. Må Gud endra dette fokuset frå si kyrkje.

fredag 17. juni 2016

Salme 51,18-21

vers 18 skal minna oss om at Gud ikkje bryr seg om religiøse ritualer. Dei finst ikkje viktige for han, og ofte står dei i vegen for han. Menneske har ein tendens til å stola på rituala, at dei fungerer sjølv om hjarta ikkje er rett for Gud. Men det gjer dei ikkje. Utan tru på Jesus er alle våre religiøse aktivitetar kun avguderi.

vers 19 står i opposisjon til vers 18. Kva kan me så koma med til Gud? Dei knuste liva våre. Det er DEI han vil ha, ikkje rituala og aktivitetane våre. Når Guds lov får avslørt for eit menneske at det lever i opposisjon til Gud i himmelen, går alt sjølvlaga kristendom i grus, alle førestellingar om at alt er OK sjølv om ein lever sløve og lunkne kristenliv. Då blir samvitet rysta, og ein fell ned for Gud og ber: "Herre, ta meg som eg er, eg kan berre koma slik." Og så kjem denne herlege lovnaden om at Gud ikkje vil forakta eit knust og sundbrote hjarta. Nei, tvert om. Han tek den arme syndaren tett inntil seg og seier: Jesus Kristus, Sonen min, vart knust for deg. For hans skuld gjer eg vel mot deg, tilgjev deg og talar mildt til deg. Alt ditt er blitt ordna opp i for deg av Han.

vers 20 styår på underleg vis i samanheng med vers 19. Det er ei bøn for Jerusalem, ja, at murane rundt byen skal byggjast opp att. Men bøna går djupare. Jerusalem blir eit bilete på den enkelte kristne som har eit sundbrote hjarta, det handlar om bøn for knuste menneskeliv og familiar, og ho handlar om Guds kyrkje. Så mange stader ligg denne i grus. Det er berre Gud som i sin store nåde og godleik kan byggja oss opp att. Det må me forstå. Difor må me be: Bygg oss oppatt Gud! Ja, bygg oss større, fastare og vakrare enn før.

vers 21. Når alt er på sin rette plass, når me har fått eit rett høve til Gud og kvarandre, då vil våre religiøse aktivitetar har verdi for Gud.




onsdag 11. mai 2016

Salme 51,12-17

Vers 12: David ber om å få eit reint hjarta og ei ny og stødig ånd. Slikt kan ikkje eit menneske skapa sjølv. Det er Guds verk åleine.
Eit reint hjarta er eit hjarta ærleg hjarta. Det skildrar eit menneske som lever motivert av kjærleik til Gud og sine medmenneske, og ikkje av ting som personleg nyting og sjølvrealisering.
Ei stødig ånd er eit sinn som er rotfesta i Gud og hans ord.

vers 13. David hadde sett kva som hende då kong Saul vart forkasta av Gud og Den Heilage Ande vart teken frå han. Det må ha skremt han å sjå kongen gradvis gå til grunne åndeleg, psykisk, moralsk og politisk, og her ber David om å få sleppa å oppleva dette.

versa 14 er ein repetisjon av tidlegare tema.

vers 15 er interessant. Her lovar David å forkynna Guds ord for kriminelle, og kalla syndarar til omvending. Dette syner at Guds ord har hatt sterk effekt på han, for alle som blir forløyst av Guds ord, får ein ubendig trong etter å dela det med folk som har behov for det.

I vers 16 legg han inn enno ein lovnad: Blir han fridd frå blodskuld (=drap), skal tunga "jubla over Guds rettferd". . Lovsongen til Gud dukkar alltid opp i mennesker som blir frikjent av Gud. Det er ei spontan frukt av hans frelse = rettferd, jmf. Salme 40,1-3.

I vers 17 ber David om at Gud må opna munnen hans så han kan lovprisa han. Dette er ei bøn som mange truande treng å be. Lovsongen kjem frå Gud og går til Gud. Det er ei gåve. Me må forstå det, for berre då vil me be. Av alle dei tinga som me brukar munnen til, er det å prisa Gud det edlaste.

tirsdag 10. mai 2016

Salme 51,7-11

vers 7: David innser at synda er eit medfødd fenomen. Dersom ho ikkje møter motstand i oss, veks ho fram som det verste ugras, og frekt kjem ho til syne over alt i liva våre. Ekle greier.

vers 8: Vår redning ligg i Guds sanning, i Guds ord, og me har all mogeleg grunn til å be Gud om å la dette ordet, denne visdomen festa seg i sjelsdjupet. Då blir me sterke kristne, og det vonde blir avvist før det får innflytelse over oss. Då vil Guds ord reinsa oss og gje oss Guds karakter. Isop er ei plante vart brukt som ein del av den rituelle reinsinga som israelittane var van med å gjennomføra i templet. Her er det ein metafor for reinsingskrafta i Guds ord.

vers 9: Det er ein djup samanheng mellom vers 8, 9 og 10. Det er når me opplever Guds reinsing at me erfarer Guds glede, ja heilt inn til mergen av vår person, inntil beina, som det blir sagt her. Grunnen til gledesløyse i kristne menneskes liv ligg alltid i synd som har fått rom i karakteren. Når denne blir borte, kjem gleda attende.
vers 10: Her ber David om at han må få gleda attende. Han lengtar etter himmelgleda , for han kjenner ho frå før. Den hadde prega livet hans i årevis før det stygge fallet som ligg til grunn for denne salma.
Har du mista Guds glede? Kjenner du deg knust på innsida? Det er Gud som held på med deg. Han gjer deg hjelpelaus slik at han åleine kan bli di hjelp, den einaste som duger i denne samanhengen.

vers 11: Denne bøna er spesiell. Han ber Gud om ikkje å sjå på syndene hans, men heller skjula dei og viska dei bort. Kvifor skulle Gud det? Fordi David veit at Gud er ein god Gud og gjerne tilgir og reiser opp sine falne barn. Slik er Gud. Men det hadde ein enorm kostnad for han, det kosta han Sonen, og det kosta Sonen livet. Det er åleine pga Jesu blod at Gud tilgjev oss syndene våre og stryk ut. Ved trua på Jesus Kristus har me fått full tilgjeving. Tilgjevinga er ein del av Jesuspakken. Vidunderleg. Så vil Anden reinsa karakteren vår gjennom Guds sterke ord. Noko er ferdig, noko er i prosess.

onsdag 27. april 2016

Salme 51,3-6

Bakgrunnen for denne salma kjenner dei fleste av oss godt. David hadde drive hor. Han hadde hatt seksuell omgang med Batseba, kona til Uria, og då Batseba vart gravid, sørga David for å få Uria drepen. Ei skikkeleg stygg sak. Han tenkte at han skulle koma unna med ugjerninga si, men lukkelegvis sende Gud profeten Natan til han, og avslørte han. Dette vart ein alvorleg vekkar for David, og Salme 51 er hans respons på denne.

Vers 3-4: Han ber Gud om nåde. Han er desperat. Skjønar at han har sett heile framtida si på spel, at han står i fare for å bli forkasta av Gud, at Gud lett kan ta Anden frå han. Anden mistrivst sterkt der synda vert akseptert. Du kan ikkje over tid leva på kant med Gud og tru at han blir verande hos deg. Slik fungerer dette ikkje.
Guds ord har bora seg djupt inn i kropp og sjel hos David, som eit tveeggja sverd har det kløyvd seg veg i sinnet hans og skilt mørkre frå lys, lygn frå sanning, og han er rysta inntil margen. Ordet har skapt eit jordskjelv i livet hans og brote ned alle forsvarsverk. Han bryt saman og ropar om benådning frå Den heilage Gud, og ber om at syndene hans skal takast bort frå han, og at han skal få leva med eit reint samvit og eit glad sinn.

v.5. Han prøver ikkje lenger å unnskylda, dekka over syndene sine eller bortforklara dei. Han erkjenner dei og sannar dei for himmelens Gud, gjev Gud rett i hans dom og vurderingar. Dette er vegen til ny fridom for alle falne Guds barn, og for alle menneske som kjem til Gud for første gong. Johannes skriv: "Dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett." Kva er det å bli reinsa frå all urett? Det handlar om å få ein forvandla karakter, bli lik Jesus, bli eit menneske full av nåde og sanning, slik som han er det.

Den største åndelege pesten i våre dagar er menneska sin tendens til å døma Gud, vilja stilla han til rekneskap for det han gjer og for alt som skjer av vondt i verda. Det at folk held på med dette er eit symptom på at me har fjerna oss unendeleg langt bort frå Han, den einaste som elskar oss inntil døden og som kan gje oss det evige livet. Når Gud så kjem nær til oss menneske med sitt ord og sin Ande, blir alt klårt som krystall, nemleg at Gud er sanndru og alle menneske  løgnarar. Då tagnar alle klagemål mot Gud, kvar munn blir lukka og heile verda står skuldige innfor Gud. Me har synda i tankar, og og gjerningar, og så har me auka synda vår ved å skulda på Gud.

Men det er ME som har synda, det er ME som skaper problemer, og all synd er synd mot Gud åleine, for det er HANS lover me bryt, og synd er lovbrot, skriv Johannes.

David hadde brote det 6. og det 5. bodet. Han hadde brote ekteskapet, og han hadde myrda. Desse boda vert brotne i rikt mål kvar dag i vår tid. Folk som ikkje er gift lever som om dei var det, tilfeldig sex er uvanleg vanleg i Noreg, utruskap er heller ikkje noko sensasjon og folk går frå ektefellane og familiane i ein urovekkande høg skala. Og vedrørande det 5. bodet, du skal ikkje drepa, blir over 40 små barn vert drepne i mors liv kvar dag. Her er det mange som treng å kasta seg ned for Guds ansikt og naudbe han om nåde, og me ber enno ein gong: "Å Gud, må ditt lys fløyma over landet vårt, enno ein gong, please!"