Bakgrunnen for denne salma kjenner dei fleste av oss godt. David hadde drive hor. Han hadde hatt seksuell omgang med Batseba, kona til Uria, og då Batseba vart gravid, sørga David for å få Uria drepen. Ei skikkeleg stygg sak. Han tenkte at han skulle koma unna med ugjerninga si, men lukkelegvis sende Gud profeten Natan til han, og avslørte han. Dette vart ein alvorleg vekkar for David, og Salme 51 er hans respons på denne.
Vers 3-4: Han ber Gud om nåde. Han er desperat. Skjønar at han har sett heile framtida si på spel, at han står i fare for å bli forkasta av Gud, at Gud lett kan ta Anden frå han. Anden mistrivst sterkt der synda vert akseptert. Du kan ikkje over tid leva på kant med Gud og tru at han blir verande hos deg. Slik fungerer dette ikkje.
Guds ord har bora seg djupt inn i kropp og sjel hos David, som eit tveeggja sverd har det kløyvd seg veg i sinnet hans og skilt mørkre frå lys, lygn frå sanning, og han er rysta inntil margen. Ordet har skapt eit jordskjelv i livet hans og brote ned alle forsvarsverk. Han bryt saman og ropar om benådning frå Den heilage Gud, og ber om at syndene hans skal takast bort frå han, og at han skal få leva med eit reint samvit og eit glad sinn.
v.5. Han prøver ikkje lenger å unnskylda, dekka over syndene sine eller bortforklara dei. Han erkjenner dei og sannar dei for himmelens Gud, gjev Gud rett i hans dom og vurderingar. Dette er vegen til ny fridom for alle falne Guds barn, og for alle menneske som kjem til Gud for første gong. Johannes skriv: "Dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urett." Kva er det å bli reinsa frå all urett? Det handlar om å få ein forvandla karakter, bli lik Jesus, bli eit menneske full av nåde og sanning, slik som han er det.
Den største åndelege pesten i våre dagar er menneska sin tendens til å døma Gud, vilja stilla han til rekneskap for det han gjer og for alt som skjer av vondt i verda. Det at folk held på med dette er eit symptom på at me har fjerna oss unendeleg langt bort frå Han, den einaste som elskar oss inntil døden og som kan gje oss det evige livet. Når Gud så kjem nær til oss menneske med sitt ord og sin Ande, blir alt klårt som krystall, nemleg at Gud er sanndru og alle menneske løgnarar. Då tagnar alle klagemål mot Gud, kvar munn blir lukka og heile verda står skuldige innfor Gud. Me har synda i tankar, og og gjerningar, og så har me auka synda vår ved å skulda på Gud.
Men det er ME som har synda, det er ME som skaper problemer, og all synd er synd mot Gud åleine, for det er HANS lover me bryt, og synd er lovbrot, skriv Johannes.
David hadde brote det 6. og det 5. bodet. Han hadde brote ekteskapet, og han hadde myrda. Desse boda vert brotne i rikt mål kvar dag i vår tid. Folk som ikkje er gift lever som om dei var det, tilfeldig sex er uvanleg vanleg i Noreg, utruskap er heller ikkje noko sensasjon og folk går frå ektefellane og familiane i ein urovekkande høg skala. Og vedrørande det 5. bodet, du skal ikkje drepa, blir over 40 små barn vert drepne i mors liv kvar dag. Her er det mange som treng å kasta seg ned for Guds ansikt og naudbe han om nåde, og me ber enno ein gong: "Å Gud, må ditt lys fløyma over landet vårt, enno ein gong, please!"
På denne bloggen vil eg gå gjennom og kommentera ein del bibelske tekstar vers for vers. Bibelen er basis for den kristne trua, og det kristne livet, og alt me tenkjer, gjer og besluttar må målast på det som står der. Ver med meg på denne reisa og lat deg inspirera.
onsdag 27. april 2016
mandag 22. februar 2016
Salme 50
Salme 50 er full av åndeleg dynamitt, og vel verd eit studium.
Ho er skriven av Asaf som i si tid var lovsongsleiar i Davids tabernakel, eit telt på Sionsfjellet der paktarka sto fritt midt i rommet, tilgjengleg for alle. Denne ordninga var profetisk og peikte framover mot den røyndomen Jesus lanserte då han døydde på krossen og forhenget som skilde paktarka frå resten av folket berre rivna og fall ned, den røyndomen som ME lever i idag, me som har fått fri tilgang til Gud, vår Far.
vers 1-2. "Gud over gudar" er ei omsetting av det hebraiske "El-Elohim". Denne Gud er Herren
(JHVH). El- Elohim syner til Gud skapar av himmel og jord. JHVH uttrykker Gud som forløyser og frelser, ikkje berre for Israel, men for heile menneskeslekta.. Det går ei linje her framover mot læra om Faderen og Sonen i Det nye testamentet. Det er denne Gud som har skapt og forløyst skapningen som her stemner alle menneske til oppgjer.
Korleis skal me forstå dette avsnittet? Er det den endelege domen som skal fellast? Eller stemner Gud menneska for å frelsa dei? Eg trur det siste. Kva skjer når Gud vil dra folk til seg sjølv? Han vekker dei opp, hjelper dei å sjå liva sine i eit himmellys som avslører synd og vondskap, han stemner dei til oppgjer, gjennomlyser dei slik at dei forstår at dei har levd heilt feil, skaper anger og sorg over synda hos dei.
Lyset frå himmelen skin ut frå Sion, og som me har sett før er dette eit uttrykk for Guds by, Guds fellesskap på jord, Guds kyrkje. Gud syner menneska sin perfekte venleik i og gjennom den sanne kristne kyrkja. I si kyrkje står han fram i sin stråleglans, utruleg stor og ven. Kvifor? For der lyder ordet hans klårt og uforfalska, ord som vert stadfesta av Den Heilage Andens underfulle gjerningar i sjela. Han vekker sansane slik at me både ser og høyrer Gud.
Det er mykje pinse i vers 3. Gud kom, og han kjem framleis til sitt folk, og han talte, og han talar talar framleis. Me lever i pinsens tid. Gud er ikkje stille. Framfor han går det eld. Det er pinseelden. Den brenn opp alt i oss som ikkje har sitt opphav i Gud, han tenner oss i brann for Jesus. Stormen er eit bilete på krafta frå himmelen som Han fyller oss med.
v.4-6: Anden samlar folket, og går til rette med dei for å dømma dei. Guds ord er som eit sverd som trenger gjennom alle forsvarsverka våre, kløyver ånd og sjel, marg og bein, og dømmer hjartans tankar og råd. Me kallar det vekkjing.
Vekkinga startar gjerne mellom oss som er kristne, me som er Guds trugne (eller "innvigde" NIV) Det er naturleg. I Hebrearbrevet står det like fram at "domen skal starta med Guds hus." Når kristne kjem inn i Guds lys med liva sine, er det von for verda. Då reflekterer me Guds lys ut til folk me jobbar saman med og omgåst i kvardagen vår. Då er det me som bestemmer kva folk er opptekne av og snakkar om. Himmelen blir så synleg at folk berre må snakka om det som skjer.
Himmelen forkynner rettferd = frelse. Himmelen er eit anna namn på Gud og på Guds bustad. Han forkynner rettferd. Det han seier til oss gjennom Bibelen er sant og rett og bringer oss frelse frå synd. Men skal me bli frelst frå syndene våre, må me gje Gud rett når han dømmer oss i samvitet og snu oss bort frå det han påpeikar som usant og ukjærleg hos oss.
Vers 7 er alvorstungt. Gud seier at han vil vitna MOT Israel. Me har lett for å tenkja at Gud alltid vil oppmuntra oss, stryka oss med håret. Men kven vil ha ein slik gud til Gud? Du vil ikkje ha ein slik ven ein gong, og slett ikkje ektefelle. Ei heller barn. Nei, når me gjer feil er det godt at nokon torer seia det til oss. Og slik er Gud. Han går i rette med oss når me gjer feil, ikkje for å fordømma oss, men for å berga oss og få oss på rett spor.
v.8-14. Her gjer Gud det klårt for Israel at han ikkje hadde bruk for alle dyreoffera som dei bar fram. Og me veit at dei uansett hadde si avgrensa tid. Dessutan eig Gud alle dyr og fuglar i naturen. Det naugar ikkje hos Gud. Nei, det han ville ha hos dei var TAKKOFFER. Slik vil det alltid vera. Når me takkar Gud, ber me fram eit offer til han som er viktig for han, ei god gåve. Me takkar difor Gud, ikkje berre når me føler oss glade, men under alle forhold (1.Tess.5,18).
v.15. Men Gud vil ikkje berre ha vår takk. Han vil også ha alle problema våre. Han elskar å fiksa opp for oss når vår eigen kapasitet ikkje duger. Han vil fri oss ut, noko som i neste omgang løyser ut lovsong og aukar hans ære. Og det er nødvendig med tanke på at folk skal koma til tru.
v.16-20. Her åtvarar Gud "den lovlause" om å forkynna hans ord. Den lovlause er den som i praksis ikkje anerkjenner Guds lover som gyldige for seg sjølv, og Gud konkretiserer kva han meiner: Det handlar om folk som er uærlege i pengespørsmål , som bryt ekteskapet eller som svik andre med vondsinna snakk. Slike menneske har mista retten til å forkynna Guds ord. Dei stiller seg i ein uhyre farleg situasjon om dei held fram med det.
Men Gud er full av nåde. I vers 21-22 ber han desse personane om å venda om frå si vonde ferd. Dersom dei ikkje gjer det, vil dei bli øydelagde i den endelege domen.
v.23 er interessant. For det første: Lovsong er viktig og rett. Å lovsynga Gud er å æra Gud. Og kven vil vel ikkje æra Gud? For oss som trur, er det den største gleda i livet å lovsynga Gud, og me jaktar alltid etter nye og vakre songar som me kan synga for han.
For det andre: Dersom me lever etter Guds ord og ikkje devaluerer det, får me sjå Guds frelse. Her kan me tenkja på Kornelius i Apostelgjerningane 10. Gud openberra Jesus for han og familien hans fordi han hadde anerkjent Guds ord som fundament for livet sitt. Og me kan tenkja på Simon i juleevangeliet. Han var ein rettferdig mann, og som belønning fekk han sjå Guds frelse. Det skal me tenkja på. Eit liv i opprør mot Guds ord, blokkerer for Guds frelse i liva våre. Men alle som søkjer Gud i hans ord og innrettar liva sine etter dette ordet, får sjå Jesus.
.

fredag 19. februar 2016
Salme 49
Salme 49 er også skriven av Korahs barn, tydelegvis ei svært gåverik slekt som hadde ansvaret for lovsongen i Davids tabernakel og seinare i Salomos tempel.
Salma er ei visdomssalme, og er i slekt med avsnitt frå Salomos ordtak i form og innhald. Visdom kan me definera som verda og liva våre sett frå Guds perspektiv. Og det tek seg ganske annleis ut enn slik me oppfattar tinga.
Salma kallar oss alle til å besinna oss på at livet er særdeles kort, at me er forgjengelege og at det me etter døden anten går til Gud eller blir ståande utanfor Gudsfellesskapet, i døden.
v.2-3 formanar oss til å høyra etter, og salmisten rettar seg til alle menneske i heile verda. Igjen ser me dette veldige globale perspektivet i Salmane. Gud er ikkje berre Gud for Israel, men for alle i heile verda, høg og låg, rik og fattig. Det er lite som bryr Gud mindre enn samfunnsklassar og økonimisk status. Hans bodskap er til alle.
v.4-5: Salmisten har bøygd seg ned og lytta til Guds visdom, til Guds ordtak, og han har fått kraftfulle ord frå å forkynna. Difor er han ikkje plaga av beskjedenhet, han seier: Orda mine er kloke, og alle gjer lurt i å lytta, Gud løyste gåta for meg medan eg sat og spela på lyra.
Her ser me det: Musikken kjem frå Gud, og han har gjeve oss denne gåva fordi han vil tala til oss når me spelar for han, Profeti, lovsong og musikk er nært kopla saman. Det viser også erfaringa.
v.6-7_ Alle som forkynner Guds ord og vilje får motstandarar. Det skal mindre til enn som så å skaffa seg ein fiende. Men salmisten er ikkje redd. Han er så sikker på at Gud har talt til han, og at Gud er med han, at han kan flira litt av all verdas motstand om så måtte vera. Kva har dei å fara med? Vel, dei har store rikdomar, og pengar er makt, men det er berre frå ein jordisk synsvinkel, ikkje frå ein himmelsk.
v.8-10: Pengar betyr ikkje noko for Gud. Alt kjem frå han og tilhøyrer han. Også den rike sine pengar. Han kan la han får behalda dei, eller ta dei frå han. Men i høve til Gud kan ikkje ein feit bankkonto eller mange kyr på båsen hjelpa nokon som helst. Gud let seg ikkje imponera. Rike menneske kan betala andre og seg ut av det meste, men ikkje ut av døden og domen. Det er menneske sin lagnad ein gong å døy for så å koma for domen, les me i Hebrearbrevet 9,27, og den einaste som kan betala oss ut av den knipa er i følge vers 16 berre Gud sjølv, Og det gjorde han. Ikkje med sølv eller gull, men med Jesu Kristi, hans Sons, dyre blod. Denne frelsesakten opna vegen inn til Gud for alle menneske, og han tek imot alle som kjem til han i tillit til Jesus, og han flyttar inn til alle som flyttar inn til han.
v.11-15: Salmisten minnar oss her på den enkle sanninga at alle menneske som stolar på seg sjølv må døy, uansett stand og stilling, uansett mental utrustning, dei kloke som dei mindre kloke. Men dei som stolar på Gud, dei skal leva, sjølv om dei døyr. Det har me frå Jesu eigen munn, og ein dag, når morgonen renn, dvs då Jesus kjem attende for å døma levande og døde, og alle skal stå opp frå gravene sine, då vil dei rettskafne, dvs dei som har Gud i seg, for evig råda på jorda. Dei andre skal tærast bort i dødsriket.
vers 17-21 er i stor grad ein repitisjon og presisering av tidlegare tankar. Ingen kan ta pengar og eigedom med seg når dei døyr, og ingen bør streba etter å bli rike her i verda. Det fører heller folk bort frå Gud enn til Gud. Paulus skriv i 1.Timoteusbrev 6 at "trongen etter pengar er ei rot til alt vondt." Ikkje pengane i seg sjølv altså, men trongen etter dei. Og Jesus presiserer at det er svært vanskeleg for rike menneske å bli frelst. Og dei velståande kristne hamnar lett i fiendens snarer. Kvifor det? Dei blir travle og forsømmer det eine nødvendige, fellesskapet med andre, bønesamlingane osv.osv. Det jordiske blir viktigare enn det himmelske og evige, og fråfallet blir nærliggjande. Det er ein tragedie kvar gong det skjer. Forteljinga om den rike mannen og Lasarus i Lukas 16 skulle seia oss alt om akkurat dette.

tirsdag 16. februar 2016
Salme 48
vers 1-4 er eit vidunderleg avsnitt for alle kristne som forstår kyrkja si betydning, og som elskar sine kristne søsken. Det er i kyrkjelyden Guds stordom vert openberra for verda. Gud er stor i sin by, og Guds by er Guds fellesskap.
Liksom Guds by er eit uttrykk for Guds fellesskap, så er Sionfjellet eit uttrykk for Kristus, det fjellet som kyrkja byggjer sin eksistens på. For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som ER lagt, Jesus Kristus (1.Kor. 3,11)
Kyrkjelyden er vakker, og han ei glede for heile jorda. Trass i nok av synder og skavankar, er det mange menneske over heile verda som opplever frelse og lækjedom gjennom kyrkja kva einaste dag. Altså til og med i dag er Guds by til glede for heile jorda. Likevel trur eg vers 3 uttrykker Guds draum for oss, at me skal bli enno vakrare, meir og meir lik Han, slik at frelsesgleda også kan høyrast over alt på Stord, i Noreg og i Europa.
Liksom det som her blir sagt om Guds by og Guds fjell må forståast i overført betydning, så er det også slik med v.5-8. Kongane her er mektige åndefyrstar som slår seg saman for å knusa Guds kyrkje og Guds frelsesplan. Særleg i avslutningsfasen, som me er inne i no, vil åtaka på Guds kyrkje bli kraftig. Men til inga nytte. Til slutt vil dei vonde åndene kapitulera overfor ei kyrkje der Gud er nær, og som er full av Den Heilage Ande og kraft. Ei kyrkje pynta og prega av Gud, er ei sigrande kyrkje som vernar samfunnet mot vondskapen.
v. 9: Endetidskyrkja vil vera ei mirakuløs kyrkje, ei kyrkje der dei under Jesus gjorde i sitt jordeliv vert vanlege å erfara og observera. Og folk vitnar: "Det vi høyrde før, har vi no sett." Kor? I Guds by, den som Gud sjølv held oppe til evig tid.
Det siste setninga er til stor trøyst for kyrkjelydar som held på å bli knust av forfølgarar, eller som slit med oppslutninga: Det er Gud som held oss oppe, og det gjer han til evig tid.
v. 10: Guds tempel er ein annan metafor for Guds kyrkje. Der tenkjer vi på hans miskunn. Guds kyrkje er eit bønehus. Der skal det vera rom for stillhet og ettertanke. Der skal me koma saman og fordjupa oss i Gud i lovsong, tilbeding og meditasjon.
v.11 Guds namn er identisk med Gud sjølv. Der folk blir kjent med Gud, strøymer lovsongen fram. Det er alltid slik. Det evige livet er nemleg å kjenna Gud, seier Jesus i Johannes 17, og syndarar som blir kjent med Gud, blir alltid så glade og fegne. "Tenk, Gud elskar meg!" Lovsongen blir ein automatisk respons på hans godleik, den som gjennom kyrkja blir gjort kjent heilt til endane av jorda. At Guds høgre hand er full av rettferd, betyr at Gud handlar til frelse alle plassar der han får lovsong.
.
v.12 Og når nyheitane om Guds frelse frå fjerne himmelstrok når Guds kyrkje, aukar lovsongen i styrke. Me høyrer om vekkjing i Iran og Kina, og me blir elleville av begeistring og vil gjerne ha meir av slike nyheiter. Kristne menneske tenkjer globalt. Misjonen er deira hjartesak. Og nytt frå misjonsmarka er lettare å få tak i enn nokon gong før. Så her er det berre å ta til seg av gode nyheiter og takka, lova og prisa Gud for hans dommar, som er eit uttrykk for hans gode avgjerder og for hans frelseshandlingar.
v.13. Å telja tårna rundt Sion er å vurdera kor langt Gud er komen med byggjeprosjektet sitt. Tårna er nasjonale kyrkjer. Når evangeliet om riket er forkynt som eit vitnemål for alle folkeslag, då skal enden koma. Då er alle tårna ferdige. Som aldri før har me sjansen til å følgje med på dette gjennom statistikkar som vert gjevne ut kvart einaste år.
v.14. for å bli i bilete: Gud invitera oss til ikkje berre å ha ein oversikt over kor langt han er komen, men han ber oss om å reisa å besøka nybyggja sine, gå gjennom borgene, og fortelja til barna våre at "slik er vår Gud, han er evig, han byggjer ein heim for oss og han fører oss ut over døden, dvs gjennom si kyrkje formidlar han evig liv til menneske i alle folk og nasjonar, og det har me ikkje berre høyrt om, me har sett det ved sjølvsyn, me har gått gjennom borgene."

mandag 16. november 2015
Salme 47
Denne salma vart truleg nytta medan pilgrimar gjekk i prosesjon opp til Guds tempel.
I vers 2 vert alle folk oppmoda til å klappa i hendene sine og hylla Gud med jubelrop. Er det nokon som fortener applaus, så er det Gud. Og han er ikkje berre Gud for Israel, men for alle menneske, alle er skapt for å hylla Gud. Det er vårt livs djupaste hensikt.
Me er ofte så forsiktige og stillferdige i våre åndelege uttrykk. Dette er ganske fjernt frå det me kan lesa om i Bibelen som normalt. Der blir me oppmoda til å møta Gud med høge rop og klappsalver. DET er det normale. Og grunngjevinga ligg i vers 3: Herren er Den Høgste. Han er den store kongen over all jorda, ein god og mektig konge som fortener å bli hylla framfor alle andre som blir hylla av menneske. Dersom me ikkje let oss begeistra av Gud, er me åndeleg blinde og stokk døve.
I vers 4-5 blir me minna om korleis Gud la folkeslag under Israel, og rydda plass for dei i Kanaans land, eit land han gav dei til evig eige som ein arv. Kvifor gjorde han dette? Fordi han elska dei.
Av dette lærer me at Gud ryddar plass og rom for dei han elskar, dvs for dei som lever i hans kjærleik, formidla gjennom vår Herre Jesus Kristus, slik me må sjå dette i lys av evangeliet i NT.
Men me må gå eit hakk vidare. For Gud, han som er konge over folkeslaga, utvidar sitt eige rike på jorda gjennom oss som trur på Jesus. Han har i følgje Salme 2 fått heile jorda til arv, noko som ei frukt av Hans død og oppstode, og han har sjølv sagt i Bergpreika at "dei saktmodige", dvs hans disiplar, skal arva jorda. Det er ikkje lenger tid for å undertrykka og fordriva folkeslag, men å setja dei fri frå undertrykkaren og innkorporera dei i Guds rike.
v.6: "Gud stig opp til jubel." Dette kan forståast beskrivande. Det er noko som berre skjer: Når Gud stig opp, blir alle imponert over det dei ser og opplever, og reagerer med jubel. Eller det kan forståast på den måten at når folket jublar for Gud, stig han opp, og blir synleg osv. Det er ingen motsetningar mellom desse to måtane å sjå saka på.
I vers 7-8 får me ei ny oppmoding om å synga og spela for Gud. Vanlegvis syng og spelar me kvor kvarandre eller for oss sjølve. Men det er eit fenomen som er ukjent i Bibelen. Der syng og spelar folk for Gud. Gud likar song og musikk. Kanskje det kan motivera nokon til å kasta frå seg all prestasjonsangst på dette området, synga for Gud med den røysta ein har og kanskje til og med læra seg å spela eit instrument? Gud likar når me spelar for han. Det trengst ikkje ord for å hylla Gud, musikkens "grand old man" trivest godt med eit godt gitarriff. "Sola Deo Gloria" (Til Guds ære åleine), skreiv Johann Sebastian Bach på alle sine komposisjonar. Mykje var reint instrumentalt. Det kom til han frå Gud, og han dedikerte det attende til Gud. Abbas Benny Andersson sa i eit intervju på Skavlan for ei tid sidan at Bach sin musikk er guddommeleg, og at dersom det ikkje finst ein Gud i universet, er Bach han som kjem nærast. Me skjønar kva han meiner med det.
Den som lovsyng Gud, vert eit klokt menneske. Lovsongen openberrar Guds vilje og vesen for oss, Den som lovar Gud, blir kjent med Gud, og å kjenna Gud er sjølve definisjonen på det evige livet (Johannes 17,3). I Salme 2,10-12 vert jordas herskarar oppfordra til å vera forstandige, noko som for deira del handlar om å anerkjenna Gud Sons overherredøme, underordna seg han og læra seg å elska han, elles kan lett vreiden hans vekkast.
Dette fører oss over i vers 9 og 10 der det blir meir enn tydeleg nok at Gud er politisk. Han foventar at hans rettsorden skal vera normerande for alle verdas regentar. Han samlar dei, underforstått til rådslagning, og dei underlegg seg hans store sak i verda, blir ein del av "krigsfolket til Abrahams Gud", noko som inneber at dei må slost for Guds gode sak i verda, det som apostelen Paulus kallar "den gode strid."

tirsdag 20. oktober 2015
Salme 46
Til korleiaren. Av Korah-songarane. Etter «Alamot». Ein song.
Denne salma er ei tillitssalme.
v. 2: Israel har i si naud søkt tilflukt hos Gud, og han kom dei til hjelp. Det er ikkje slik at Gud gav dei styrke, men var deira styrke. Slik er det også for oss. Gud er vår styrke. Me skal sleppa å venta på at han skal gje oss kraft. Den har han gjeve oss gjennom dåpen og trua på Jesus Kristus, og ved sin Ande er Han alltid nær oss. Det skal me få rekna med når dagane blir vanskelege. Også dette skal me gripa i tru.
v.3-4: Difor treng me ikkje ein gong reddast når store jordskjelv oppstår på havbotnen og genererer tsunamiar. Det vil i aukande grad inntreffa i tida før Jesus kjem att i herlegdom. Men me møter alle naturkatasstrofar og andre rystingar saman med han som skapte himmel og jord. Det skulle gjera oss trygge.
v.5: Guds by er Guds levande kyrkje. Elva er Den Heilage Ande som renn gjennom denne kyrkja. Ho har mange tilførselsbekker, historiske vekkjingar som me den dag i dag nyt godt av, men også litteratur skrivne av Guds kvinner og menn som me kan leska oss på så mykje me vil. Men alt går saman til noko større som skal koma i den siste tida. Ingenting av det som hende før kan samaliknast med det som skal skje avslutningsvis.
Elva er til glede for Guds by. Dei som bur i Guds by er glade menneske fordi dei er forløyste frå syndene sine og har fått fri tilgang til Gud, vår Far, og han er full av glede. Difor er gleda kristenlivet sin grunnstemning.
v.6-8: Midt i byen er Gud. Difor står byen støtt. Det er ikkje kyrkja som held Gud oppe, men omvendt. Gud er midt i si kyrkje. Difor står ho støtt, også under dei store påkjenningane som djevelen og verda påfører henne. Han vernar henne med sitt veldige ord, det ordet som får jorda til å skjelva og riker til å vakla. Også i vår tid har me sett dette skje.
Det kan sjå mørkt ut ofte for Guds barn i verda, forfølginga er så brutal mange stader.. Men det er forbigåande. Natta vil passera og ein ny dag gry. Det lovar Gud, han som også er med oss gjennom dei lange nattetimane. Då er han vår faste borg. Så lenge me held oss til han, tek han godt vare på oss.
I vers 9 endrar tematikken seg. No inviterer salmisten alle til å koma å sjå det Herren har gjort, store skremmande ting. Her talar evangelisten. Kyrkja sitt kall i verda er å invitera alle til å koma til Gud og sjå, dvs erfara Guds mektige gjerningar. I Johannes openberring kap 22 les me at "Anden og brura seier: Kom! Og den som høyrer det skal seia: Kom! Og den som kjem, skal drikka gratis av Guds vasskjelder."
v. 10 peikar framover mot tusenårsriket (jmt Openberringa 20) då Herren skal gjera slutt på krig over heile jorda, og alle våpen, som i dag utarmar jorderiket, skal øydeleggjast og omstøypast til plogjern (Jesaja 2). Då skal menneske gjer det dei er komne for: dyrka jorda og gjera henne til ein hage.
v.11: Salmisten ber folk stoppa opp, teia still og kjenna litt etter. Då vil dei forstå at Herren er Gud. Folk er i farten med tusen prosjekt, og dei stoppar sjeldan opp for å lytta til Gud. Tankane surrar og munnen går. Ikkje lett for Gud å stoppa taleflaumen. Men dersom han lukkast, kan han tala til dei, syna dei stordomen sin (han står over alle, og det er hans ord som gjeld for alle) og frelsa dei inn i sitt rike. Sjølve definisjonen på det evige livet er jo "å kjenna Gud" (Johannes 17,1-3)
V. 12: Herren Sebaot = Herren, han som er Gud over heile englehæren sin, er med oss. Det er ikkje småtteri. Me skal få rekna med englehjelp i den striden me står i som Guds medkrigarar. Å erfara Herren som Herren Sebaot er for dei som går ut i krigen med Gud for å erobra menneske for han.
Det er jo desse menneska som har bruk for ei fast borg når motåtaka kjem. Dei som ikkje slost for Gud, blir som regel spart for heftige åtak frå fienden. Han giddar knapt bruka tid og energi på slike kristne.

Abonner på:
Innlegg (Atom)