fredag 19. februar 2016

Salme 49

Salme 49 er også skriven av Korahs barn, tydelegvis ei svært gåverik slekt som hadde ansvaret for lovsongen i Davids tabernakel og seinare i Salomos tempel.

Salma er ei visdomssalme, og er i slekt med avsnitt frå Salomos ordtak i form og innhald. Visdom kan me definera som verda og liva våre sett frå Guds perspektiv. Og det tek seg ganske annleis ut enn slik me oppfattar tinga.

Salma kallar oss alle til å besinna oss på at livet er særdeles kort, at me er forgjengelege og at det me etter døden anten går til Gud eller blir ståande utanfor Gudsfellesskapet, i døden.

v.2-3 formanar oss til å høyra etter, og salmisten rettar seg til alle menneske i heile verda. Igjen ser me dette veldige globale perspektivet i Salmane. Gud er ikkje berre Gud for Israel, men for alle i heile verda, høg og låg, rik og fattig.  Det er lite som bryr Gud mindre enn samfunnsklassar og økonimisk status. Hans bodskap er til alle.

v.4-5: Salmisten har bøygd seg ned og lytta til Guds visdom, til Guds ordtak, og han har fått kraftfulle ord frå å forkynna. Difor er han  ikkje plaga av beskjedenhet, han seier: Orda mine er kloke, og alle gjer lurt i å lytta, Gud løyste gåta for meg medan eg sat og spela på lyra.

Her ser me det: Musikken kjem frå Gud, og han har gjeve oss denne gåva fordi han vil tala til oss når me spelar for han,  Profeti, lovsong og musikk er nært kopla saman. Det viser også erfaringa.

v.6-7_  Alle som forkynner Guds ord og vilje får motstandarar. Det skal mindre til enn som så å skaffa seg ein fiende. Men salmisten er ikkje redd. Han er så sikker på at Gud har talt til han, og at Gud er med han, at han kan flira litt av all verdas motstand om så måtte vera. Kva har dei å fara med? Vel, dei har store rikdomar, og pengar er makt, men det er berre frå ein jordisk synsvinkel, ikkje frå ein himmelsk.

v.8-10: Pengar betyr ikkje noko for Gud. Alt kjem frå han og tilhøyrer han. Også den rike sine pengar. Han kan la han får behalda dei, eller ta dei frå han. Men i høve til Gud kan ikkje ein feit bankkonto eller mange kyr på båsen hjelpa nokon som helst. Gud let seg ikkje imponera. Rike menneske kan betala andre og seg ut av det meste, men ikkje ut av døden og domen. Det er menneske sin lagnad ein gong å døy for så å koma for domen, les me i Hebrearbrevet 9,27, og den einaste som kan betala oss ut av den knipa er i følge vers 16 berre Gud sjølv, Og det gjorde han. Ikkje med sølv eller gull, men med Jesu Kristi, hans Sons, dyre blod. Denne frelsesakten opna vegen inn til Gud for alle menneske, og han tek imot alle som kjem til han i tillit til Jesus, og han flyttar inn til alle som flyttar inn til han.

v.11-15: Salmisten minnar oss her på den enkle sanninga at alle menneske som stolar på seg sjølv må døy, uansett stand og stilling, uansett mental utrustning, dei kloke som dei mindre kloke. Men dei som stolar på Gud, dei skal leva, sjølv om dei døyr. Det har me frå Jesu eigen munn, og ein dag, når morgonen renn, dvs då Jesus kjem attende for å døma levande og døde,  og alle skal stå opp frå gravene sine, då vil dei rettskafne, dvs dei som har Gud i seg, for evig råda på jorda. Dei andre skal tærast bort i dødsriket.

vers 17-21 er i stor grad ein repitisjon og presisering av tidlegare tankar. Ingen kan ta pengar og eigedom med seg når dei døyr, og ingen bør streba etter å bli rike her i verda. Det fører heller folk bort frå Gud enn til Gud. Paulus skriv i 1.Timoteusbrev 6 at "trongen etter pengar er ei rot til alt vondt." Ikkje pengane i seg sjølv altså, men trongen etter dei. Og Jesus presiserer at det er svært vanskeleg for rike menneske å bli frelst. Og dei velståande kristne  hamnar lett i fiendens snarer. Kvifor det? Dei blir travle og forsømmer det eine nødvendige, fellesskapet med andre, bønesamlingane osv.osv. Det jordiske blir viktigare enn det himmelske og evige, og fråfallet blir nærliggjande. Det er ein tragedie kvar gong det skjer. Forteljinga om den rike mannen og Lasarus i Lukas 16 skulle seia oss alt om akkurat dette.



Ingen kommentarer: