mandag 22. februar 2016

Salme 50

Salme 50 er full av åndeleg dynamitt, og vel verd eit studium.
Ho er skriven av Asaf som i si tid var lovsongsleiar i Davids tabernakel, eit telt på Sionsfjellet der paktarka sto fritt midt i rommet, tilgjengleg for alle. Denne ordninga var profetisk og peikte framover mot den røyndomen Jesus lanserte då han døydde på krossen og forhenget som skilde paktarka frå resten av folket berre rivna og fall ned, den røyndomen som ME lever i idag, me som har fått fri tilgang til Gud, vår Far.

vers 1-2. "Gud over gudar" er ei omsetting av det hebraiske "El-Elohim". Denne Gud er Herren
(JHVH). El- Elohim syner til Gud skapar av himmel og jord. JHVH uttrykker Gud som forløyser og frelser, ikkje berre for Israel, men for heile menneskeslekta.. Det går ei linje her framover mot læra om Faderen og Sonen i Det nye testamentet.  Det er denne Gud som har skapt og forløyst skapningen som her stemner alle menneske til oppgjer.

Korleis skal me forstå dette avsnittet? Er det den endelege domen som skal fellast? Eller stemner Gud menneska for å frelsa dei? Eg trur det siste. Kva skjer når Gud vil dra folk til seg sjølv? Han vekker dei opp, hjelper dei å sjå liva sine i eit himmellys som avslører synd og vondskap, han stemner dei til oppgjer, gjennomlyser dei slik at dei forstår at dei har levd heilt feil, skaper anger og sorg over synda hos dei.

Lyset frå himmelen skin ut frå Sion, og som me har sett før er dette eit uttrykk for Guds by, Guds fellesskap på jord, Guds kyrkje. Gud syner menneska sin perfekte venleik i og gjennom den sanne kristne kyrkja. I si kyrkje står han fram i sin stråleglans, utruleg stor og ven.  Kvifor? For der lyder ordet hans klårt og uforfalska, ord som vert stadfesta av Den Heilage Andens underfulle gjerningar i sjela. Han vekker sansane slik at me både ser og høyrer Gud.

Det er mykje pinse i vers 3. Gud kom, og han kjem framleis til sitt folk, og han talte, og han talar talar framleis. Me lever i pinsens tid. Gud er ikkje stille. Framfor han går det eld. Det er pinseelden. Den brenn opp alt i oss som ikkje har sitt opphav i Gud, han tenner oss i brann for Jesus. Stormen er eit bilete på krafta frå himmelen som Han fyller oss med.

v.4-6: Anden samlar folket, og går til rette med dei for å dømma dei. Guds ord er som eit sverd som trenger gjennom alle forsvarsverka våre, kløyver ånd og sjel, marg og bein, og dømmer hjartans tankar og råd. Me kallar det vekkjing.

Vekkinga startar gjerne mellom oss som er kristne, me som er Guds trugne (eller "innvigde" NIV) Det er naturleg. I Hebrearbrevet står det like fram at "domen skal starta med Guds hus." Når kristne kjem inn i Guds lys med liva sine, er det von for verda. Då reflekterer me Guds lys ut til folk me jobbar saman med og omgåst i kvardagen vår. Då er det me som bestemmer kva folk er opptekne av og snakkar om. Himmelen blir så synleg at folk berre må snakka om det som skjer.

Himmelen forkynner rettferd = frelse. Himmelen er eit anna namn på Gud og på Guds bustad. Han forkynner rettferd. Det han seier til oss gjennom Bibelen er sant og rett og bringer oss frelse frå synd. Men skal me bli frelst frå syndene våre, må me gje Gud rett når han dømmer oss i samvitet og snu oss bort frå det han påpeikar som usant og ukjærleg hos oss.

Vers 7 er alvorstungt. Gud seier at han vil vitna MOT Israel. Me har lett for å tenkja at Gud alltid vil oppmuntra oss,  stryka oss med håret. Men kven vil ha ein slik gud til Gud? Du vil ikkje ha ein slik ven ein gong, og slett ikkje ektefelle. Ei heller barn. Nei, når me gjer feil er det godt at nokon torer seia det til oss. Og slik er Gud. Han går i rette med oss når me gjer feil, ikkje for å fordømma oss, men for å berga oss og få oss på rett spor.

v.8-14. Her gjer Gud det klårt for Israel at han ikkje hadde bruk for alle dyreoffera som dei bar fram. Og me veit at dei uansett  hadde si avgrensa tid. Dessutan eig Gud alle dyr og fuglar i naturen. Det naugar ikkje hos Gud. Nei, det han ville ha hos dei var TAKKOFFER. Slik vil det alltid vera. Når me takkar Gud, ber me fram eit offer til han som er viktig for han, ei god gåve. Me takkar difor Gud, ikkje berre når me føler oss glade, men under alle forhold (1.Tess.5,18).

 v.15. Men Gud vil ikkje berre ha vår takk. Han vil også ha alle problema våre. Han elskar å fiksa opp for oss når vår eigen kapasitet ikkje duger. Han vil fri oss ut, noko som i neste omgang løyser ut lovsong og aukar hans ære. Og det er nødvendig med tanke på at folk skal koma til tru.

v.16-20. Her åtvarar Gud "den lovlause" om å forkynna hans ord. Den lovlause er den som i praksis ikkje anerkjenner Guds lover som gyldige for seg sjølv, og Gud konkretiserer kva han meiner: Det handlar om folk som er uærlege i pengespørsmål , som bryt ekteskapet eller som svik andre med vondsinna snakk. Slike menneske har mista retten til å forkynna Guds ord. Dei stiller seg i ein uhyre farleg situasjon om dei held fram med det.

Men Gud er full av nåde. I vers 21-22 ber han desse personane om å venda om frå si vonde ferd. Dersom dei ikkje gjer det, vil dei bli øydelagde i den endelege domen.

v.23 er interessant. For det første: Lovsong er viktig og rett. Å lovsynga Gud er å æra Gud. Og kven vil vel ikkje æra Gud? For oss som trur, er det den største gleda i livet å lovsynga Gud, og me jaktar alltid etter nye og vakre songar som me kan synga for han.
For det andre: Dersom me lever etter Guds ord og ikkje devaluerer det, får me sjå Guds frelse. Her kan me tenkja på Kornelius i Apostelgjerningane 10. Gud openberra Jesus for han og familien hans fordi han hadde anerkjent Guds ord som fundament for livet sitt. Og me kan tenkja på Simon i juleevangeliet. Han var ein rettferdig mann, og som belønning fekk han sjå Guds frelse. Det skal me tenkja på. Eit liv i opprør mot Guds ord, blokkerer for Guds frelse i liva våre. Men alle som søkjer Gud i hans ord og innrettar liva sine etter dette ordet, får sjå Jesus.




.

Ingen kommentarer: